Debatt ● Oddmund Hoel
Språkkrava er nødvendige for å berge norsk fagspråk
Kvifor har regjeringa fastsett krav om norskopplæring for stipendiatar og postdoktorar som ikkje kan norsk, sjølv om ei rekkje representantar frå sektoren protesterer? Statsråden svarar på kritikken.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Fleire har i løpet av sommaren kritisert dei nye språkkrava som tredde i kraft 1. august. Argumentasjonen frå motstandarane av krava går omtrent slik: Engelsk er det internasjonale forskingsspråket. Stipendiatar og postdoktorar inngår i ein global arbeidsmarknad og mange av dei går ikkje inn i ein norsk arbeidsmarknad når dei er ferdige. Språkkrav vil svekke kvaliteten på forskinga. Det norske fagspråket er godt nok vareteke gjennom formidling. Det er fint med norsk fagspråk, men styresmaktene må avgrensa seg til oppmodingar, ikkje kome med krav.
Frå regjeringa er vi rett og slett usamde i desse argumenta, både når det gjeld kva som er status for det norske fagspråket, kva som er formålet med stipendiat- og postdoktorstillingar, kva som er samfunnsoppdraget til akademia — og kva som ligg i det politiske ansvaret for å vareta norsk språk.
Det norske samfunnet bruker store ressursar på stipendiat- og postdoktorstillingar. Veksten i desse rekrutteringsstillingane har vore sterk, og berre på stipendiatstillingane bruker den norske staten no godt over 10 milliardar i året. Samtidig er det stor semje om at Noreg i tiåra som kjem vil trenge all den kunnskapen og kompetansen vi kan få for å sikre omstilling, verdiskaping og velferd.
I ein slik situasjon kan vi ikkje tillate oss å sjå på halvparten av stipendiatane og tre firedelar av postdoktorane som ein slags akademiske «gjestearbeidarar», som berre skal vere nokre år i Noreg for å få auka kompetanse, og så reise vidare. Internasjonal utveksling er vel og bra, men allereie for nokre år sidan berekna Forskingsrådet at det er ti utanlandske som får doktorgrad i Noreg for kvar nordmann som tek doktorgraden ute.
Det norske samfunnet bruker store ressursar på stipendiat- og postdoktorstillingar.
Oddmund Hoel
Viss vi skal rekruttere så stor del av stipendiatane frå utlandet må vi gjera mykje meir for at desse blir integrerte i det norske fagmiljøet sitt, slik at dei kan bidra på lik linje med norske kollegaer i undervisning, formidling og samfunnsdebatt. Dei må kvalifiserast til stillingar i norsk akademia og arbeidsliv elles. Då må dei kunne norsk.
Er det så farleg om arbeidsspråket på norske universitet blir engelsk? Nesten all forsking blir i dag publisert på engelsk, då er det vel greitt om undervisninga, fagdebattane og lunsjpraten også glir over på engelsk?
I ein del fagmiljø blir nok dette sett på som heilt uproblematisk — til og med som ei nøktern skildring av dagens røyndom. Men for det norske samfunnet vil tilbakegangen for norsk fagspråk vera øydeleggande på sikt. Språkforskinga viser at eit lite nasjonalspråk som norsk treng tilfang av akademisk fagspråk og terminologi for å vera livskraftig som eit samfunnsberande og fullverdig språk.
Eit svekt nasjonalspråk som ikkje kan brukast til faglege diskusjonar om kompliserte spørsmål vil vere eit stort kulturelt tap og vil også svekke demokratiet vårt. Det kan ikkje ei ansvarleg regjering sitje stille og sjå på.
Viss akademia sviktar sitt ansvar for norsk fagspråk, vil det òg slå tilbake på akademia sjølv. For det første har mange fag behov for den nyanserikdom som ligg i morsmålet. Forsking syner at overgang til engelsk ofte gir eit betydeleg meiningstap. For det andre treng alle fag norske fagomgrep så kunnskapen kan takast i bruk i det norske samfunnet. For det tredje vil eit engelskspråkleg akademia få ei svakare kopling til det norske samfunnet. Det vil garantert vil føra til at betalingsviljen i samfunnet går ned.
Viss akademia sviktar sitt ansvar for norsk fagspråk, vil det òg slå tilbake på akademia sjølv.
Oddmund Hoel
Auken i bruk av engelsk og svekkinga av norsk fagspråk dei siste tiåra har klar samanheng med auken i delen fagleg tilsette som ikkje kan norsk. Difor er det avgjerande at vi brukar litt tid i rekrutteringsstillingane på norskopplæring.
I sommar har det vore fleire debattinnlegg om språkkrava i Khrono. Rektorane ved UiO og UiB signaliserer den 10. juli og den 16. juli ei konstruktiv haldning til å implementera dei vedtekne forskriftsendringane. Dei seier at dei har enkelte spørsmål om korleis forskrifta skal forståast og korleis handlingsrommet kan nyttast, og det vil departementet og HK-dir følge opp i dialog med institusjonane.
Høgres Kari-Anne Jønnes og Liv Kari Eskeland har den 8. august eit lengre innlegg som ikkje heng heilt på greip. Dei skriv innleiingsvis ein god del om verdien av internasjonalt samarbeid som både eg og regjeringa er heilt samd i. Internasjonalt samarbeid, publisering av forsking på engelsk og rekruttering av utanlandske akademikarar er heilt nødvendig, og skal sjølvsagt halde fram.
Men deretter hevdar dei to høgrepolitikarane at situasjonen for norsk fagspråk er uproblematisk og at dette har vore godt vareteke fram til no. Det stemmer rett og slett ikkje. I regjeringas handlingsplan for norsk fagspråk dokumenterer vi at utviklinga har gått raskt i feil retning, særleg dei siste ti åra, det vil seie på vakta til Solberg-regjeringa. Viss den førre regjeringa hadde sett i verk nødvendige tiltak i tide, ville det vore mindre behov for tiltak no.
Språkkrava vart også eit tema under Arendalsveka. Til dømes var nobelprisvinnarane våre May Brit og Edvard Moser bekymra for at det kunne bli vanskeleg å rekruttere stipendiatar og postdoktorar frå andre land på deira fagområde dersom dei må ta eit innføringskurs i norsk. Dette var det også ein del som tok opp i høyringsrunden.
Gitt kor gunstige vilkår stipendiatar får i Noreg samanlikna med andre land, meiner eg det er usannsynleg at det vil bli noko stort problem, men som eg har varsla i fleire samanhengar tidlegare vil eg når det er gått ei tid vurdere ei unntaksordning for spesialiserte fagmiljø der det kan dokumenterast at språkkrava hindrar nødvendig rekruttering.
Samtidig vil eg minne om at desse rekrutteringsstillingane ikkje er meinte å løyse alle personalbehov i forskingsprosjekt. Formålet med desse stillingane er nettopp rekruttering til akademia og anna arbeidsliv i Noreg. Det finst fleire andre stillingstypar som er betre eigna viss ein ønskjer å tiltrekke seg toppkompetanse frå andre land.
Til slutt må eg kommentera innlegget til Morten Hjorth-Jensen, professor ved Michigan State University og Universitetet i Oslo. Han hevdar at departementet ikkje kjenner dei økonomiske konsekvensane av språkkravet, og presenterer så ein del reknestykke som etter mitt syn gir eit overdrive anslag over kostnadene og eit misvisande bilete av dei økonomiske konsekvensane samla sett. Eg går ikkje inn på detaljane i Hjorth-Jensens utrekningar, men eg kan roe han ned med at departementet sjølvsagt har gjort eigne vurderingar av den økonomiske sida ved tiltaket.
Vi treng eit fullverdig norsk språk — som også blir brukt til det avanserte, teoretiske, teknologiske og nyaste. Då kan ikkje dei miljøa som skal vera fremst i fagleg utvikling melde seg ut av det norske språket.
Oddmund Hoel
Når det gjeld stipendiatane er hovudkonklusjonen vår at viss talet på kandidatar og delen som blir rekruttert frå utlandet blir halden uendra, og vi føreset at det i dag ikkje går føre seg noko opplæring av desse tilsettgruppene, vil dei auka kostnadene ved opplæringa vere på i overkant av to prosent av dei statlege løyvingane til desse stillingane.
Postdoktorstillingane er ikkje meint å brukast som regulær bemanning av forskingsprosjekt. Reknestykke om kva institusjonane «tapar» av forskingstid er derfor ikkje relevant. Viss institusjonane vil ha meir forskingstid for pengane, kan dei bruke andre stillingar.
I internasjonal samanheng har norske universitet og høgskular ei raus statleg finansiering, og innanfor gjeldande reglar og føringar har dei eit stort handlingsrom i korleis dei nyttar budsjettmidlane. Med den fridommen kjem eit klart ansvar for å gjera dei tilpassingane som er nødvendige for å sikra at rekrutteringsstillingane varetek formålet sitt og at norsk fagspråk kan haldast oppe. Om ønskjeleg vil både departementet og HK-dir hjelpe til med råd om korleis forskrifta skal tolkast og korleis handlingsrommet kan utnyttast på ein god måte.
Eg og regjeringa meiner at vi treng eit akademia som både samarbeider med fagmiljø i heile verda og er tett på det norske samfunnet. Vi treng eit fullverdig norsk språk — som også blir brukt til det avanserte, teoretiske, teknologiske og nyaste. Då kan ikkje dei miljøa som skal vera fremst i fagleg utvikling melde seg ut av det norske språket.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut