Debatt ● Marita Kristiansen
Naivt å hevde at me klarer oss utan medisinsk fagspråk på norsk
Me må ha ambisjon om å sikre at studentane sitt læringsutbytte inkluderer evne til å kommunisere kunnskap til dei som treng å høyre det. Enten det er ein internasjonal fagfelle eller den kreftsjuke jenta og mor hennar.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Arendalsveka står for tur og eg forstår det skal vere debatt om fagbøker og lærebøker i høgare utdanning. Som fagspråksforskar har eg arbeidd med engelsk fagkommunikasjon og parallellspråkleg terminologi i mange år. Eg synest derfor dette er eit viktig tema.
Men innlegget av Jønnes og Eskeland i Khrono 9. august, skjønar eg mindre av. Sjølvsagt er språk viktig og god fagkommunikasjon er avgjerande for læring og forståing. Men når dei hevdar at «[i]nnenfor medisin er blir kommunikasjon og forsking meir presis om den foregår på engelsk, enn om det er på dårlig norsk. Innenfor samfunnsvitenskaplige fag og juss er det åpenbart at vi som samfunn i langt større grad må utvikle norsk fagspråk», så heng det dårleg saman.
Det er ikkje noko belegg for at engelsk er eit meir presist språk enn norsk for å namngje medisinske omgrep. Men kanskje er det samanblandinga av kommunikasjon og forsking som gjer at det går gale. Det vil vere stor forskjell på kva språk ein treng for å kommunisere om ein skriv ein forskingsartikkel eller skal formidle ein sjukdomssituasjon til pasient og pårørande.
Eg tenkjer ikkje å gå inn på forskingsbiten, at kunnskap og kompetanse er «global handelsvare» og at det er viktig med kompetanse i engelsk fagspråk for eit land som Noreg som treng å samhandle ut over landegrensene, er eg heilt einig i. At utreisande studentar tek med seg heim kunnskap og erfaring som er viktig for samfunnsutviklinga tenkjer eg også er veldig bra. At dei blir godt kjent med internasjonale språk er også bra, sjølv om den effekten ikkje har blitt målt, det eg veit. At dei blir godt kjent med den engelske terminologien i faget dei studerer er avgjerande, noko dei blir både gjennom utvekslingsopphald, men også som studentar i norsk høgare utdanning.
Engelsk fagspråk er rett og slett ikkje den største utfordringa for studentane. Utfordringa er at dei ikkje er like gode til å formidle fagkunnskapen sin på norsk.
Å seie at ein medisinstudent eller sjukepleiar ikkje treng norsk når dei skal ut helse- og omsorgssektoren det går berre ikkje. Som Jønnes og Eskeland skriv, så er me avhengige av utanlandsk kompetanse. Dette gjeld særskilt i helse- og omsorgssektoren der me slit med å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Akkurat derfor er det viktig at me sikrar tilgang på fagtermar på norsk og også opplæring i fagkommunikasjon på norsk.
Dette er ikkje distriktspolitikk, men kunnskapspolitikk.
Marita Kristiansen
Tilgang på norskspråklege læremiddel, til dømes bøker, til bruk på bachelornivå i høgare utdanning, vil vere eit godt verktøy for å sikre studentar og andre den kommunikative kompetansen dei treng i arbeidslivet. Tilgang på norsk og engelsk helsefagleg terminologi er også viktig. Det er derfor me på Termportalen ved Universitetet i Bergen akkurat i desse dagar arbeidar saman med Helsedirektoratet for å få på plass deira omsetjing av termar for helsefaglege omgrep i termportalen.no.
Kompetanse i engelsk fagspråk til forskaren som treng å formidle den medisinske forskinga si internasjonalt er eg faktisk mindre uroa for. Det kjem inn gjennom studieløpet.
Universiteta og høgskulane har sjølve hatt ambisjonar om å sikre parallellspråkleg kompetanse gjennom utdanningane. Desse ambisjonane har me hatt i nesten 20 år no, blant anna gjennom Universitets- og høgskulerådets språkpolitiske plattform. Så langt har me ikkje vore veldig gode til å gjennomføre.
Å få ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia tenkjer eg derfor er nødvendig. Så får framtidige analysar vise om tiltaka er dei rette eller ikkje. Det kan jo rett og slett hende at dei har noko for seg. Dette er ikkje distriktspolitikk, men kunnskapspolitikk. Me må ha ambisjon om å sikre at studentane sitt læringsutbytte inkluderer evne til å kommunisere kunnskap til dei som treng å høyre det — enten det er ein internasjonal fagfelle eller den kreftsjuke jenta og mor hennar.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut