Debatt ● oddmund hoel
Mange misforståingar om norskopplæring i akademia
Det nye språkkravet er avgjerande for å gjenreise det norske fagspråket i akademia. Dessverre byggjer debatten på fleire misforståingar.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Sommaren 2023 lanserte regjeringa ein handlingsplan for å gjenreise norsk fagspråk i akademia. I tråd med dette har vi no innført eit språkkrav som sikrar at stipendiatar og postdoktorar rekrutterte frå utlandet, får norskopplæring.
Bakgrunnen for det nye kravet er utviklinga dei siste tiåra, der delen av utanlandske stipendiatar og postdoktorarar har auka sterkt. I dag er halvdelen av stipendiatane og tre firedeler av postdoktorane frå utlandet. Erfaringa viser at når desse ikkje får tilstrekkeleg opplæring i norsk, bidreg det til at engelsk tek meir og meir over for norsk som fagspråk ved universiteta og høgskulane.
Det svekkjer utdanningskvaliteten og forhindrar god integrering. På sikt kan det bidra til at norsk akademia mistar koplinga til det norske samfunnet. Sånn kan det ikkje halde fram. Internasjonalt samarbeid er viktig, men det må gjerast på berekraftig vis.
Det nye språkkravet har ikkje uventa utløyst debatt.
Det nye norskkravet er eit nødvendig grep for å bevare norsk som fagspråk, og fagspråk treng vi for å ta kunnskapen i bruk i samfunnet.
Oddmund Hoel
I eit innlegg i Aftenposten blir det hevda at norskopplæring er «sløsing med skattebetalernes penger». Artikkelforfattarane viser til at omlag halvparten av dei utanlandske stipendiatane i dag forlèt Noreg kort tid etter oppnådd doktorgrad, og meiner at desse heller burde få bruka tida til eiga forsking. Då er det verdt å minne om formålet med desse rekrutteringsstillingane. Vi som samfunn brukar om lag 5 millionar på ei stipendiatstilling. Samla brukar vi meir enn 10 milliardar årleg på desse stillingane. Dette gjer vi primært for å sikre høgt kvalifisert arbeidskraft til akademia og anna arbeidsliv i Noreg.
Når halvparten av stipendiatane i dag kjem frå utlandet, og halvparten av desse dreg igjen, er det openbert samfunnsøkonomisk lønsamt å bruke nokre få prosent av midlane på norskopplæring som kan bidra til at fleire faktisk blir verande i Noreg og bidreg i norsk arbeids- og samfunnsliv. Særleg når prisen for å la vere, er at norsk fagspråk forvitrar, med store skadeverknader for det norske samfunnet.
I Khrono er førsteamanuensis Olga V. Lehman også urolege for at norskopplæring vil innebere at utanlandske tilsette får mindre tid til doktorgradsarbeidet enn nordmenn, eller at norskopplæringa må gjerast på fritida. Her er det ingen grunn til bekymring. Forskrifta er klar: Tida avsett til sjølve doktorgraden skal vere minimum tre år, noko som er likt for alle. Og norskopplæringa skal sjølvsagt gjennomførast i stipendiatperioden, som skal vere lønna.
Til slutt er det enkelte som trur at det blir vanskeleg å rekruttere kvalifiserte kandidatar frå utlandet når dei må ta eit byrjarkurs i norsk.
Eg meiner dette er usannsynleg, då dei økonomiske vilkåra for å ta doktorgrad i Noreg er særs gunstige i forhold til andre land. Likevel kan vi ikkje heilt sjå bort frå at det kan bli noko lågare søking på enkelte fagområde.
Derfor har vi varsla at vi vil vurdere å innføre ei søknadsbasert unntaksordning når vi etter kvart hentar inn erfaring med dei nye reglane. Ei slik unntaksordning vil bli avgrensa til fagmiljø som kan vise at krav om norskopplæring fører til at samfunnet ikkje får dekka viktige kompetansebehov.
For det viktigaste står: Det nye norskkravet er eit nødvendig grep for å bevare norsk som fagspråk, og fagspråk treng vi for å ta kunnskapen i bruk i samfunnet.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut