vitskapelege prisar

Éi hadde ikkje tid til å snakka med han, éin trudde det var ein spøk, og May-Britt Moser vart hoppande glad. Göran Hansson lettar litt på nobelsløret, sjølv om det framleis er mykje han ikkje kan seia.

Mange menn på veggen bak Göran Hansson på besøk ved det norske vitskapsakademiet. Det er òg mange menn som har fått dei ulike nobelprisane. Det svenske vitskapsakademiet er oppteke av å ikkje kvotera, seier Hansson.

Han har ringt til 67 nobelprisvinnarar

Den første veka i oktober er verdas auge retta mot Skandinavia: Først mot Stockholm, deretter Oslo. Presis klokka 11.45 kvar av desse dagane vert det offentleggjort kven som får Nobelpris i dei ulike kategoriane.

Men før denne offentleggjeringa er det gjort eit stort arbeid, som kan ta fleire år: Kven er det som er verdig til å få ein Nobelpris, i fysikk, kjemi, medisin, litteratur og fredsarbeid?

— Ein seier aldri kva namn som vert drøfta, seier Göran Hansson, og smiler lurt.

Professor emeritusen i medisin har vore ein del av nobelarbeidet i 25 år. Først som ein del av Nobelforsamlinga ved Karolinska institutet (KI), som er dei som deler ut Nobelprisen i medisin. Deretter kom han inn i Nobelkomiteen ved KI, og frå 2009 var han generalsekretær for det svenske vitskapsakademiet. Det er dei som deler ut prisen i fysikk og kjemi.

I den ferske boka si «I Nobels hemliga tjänst» deler han historier frå dei 25 åra.

I Nobels hemliga tjänst
G¨ran K. Hansson (bokcover)

Kan ta årevis

Å velja ein nobelprisvinnar er eit arbeid som går gjennom heile året. Ein har gjerne nærare 700 nominasjonar å sortera. Nokre namn kjem igjen år etter år, men alle nye forslag må ein gå nøye gjennom. Etter ein silingsprosess sit ein kanskje igjen med mellom ti og tretti namn. Då kontaktar ein internasjonale ekspertar, som kjem med kvar sin uttale.

— Nobelprisen er ikkje ein pris for kva ein har gjort som forskar gjennom eit langt liv. Det er ein pris for ei oppdaging. Anten noko som gir eit paradigmeskifte, som å oppdaga DNA-strukturen, eller noko som er til stor praktisk nytte, som HPV-vaksinen, seier Hansson.

Det kan ta opptil fem år å gå nøye gjennom ein nominasjon. Noko av det som tek tid, er mellom anna å finna ut kven som faktisk har gjort kva. I statuttane heiter det at prisen kan delast på maks tre mottakarar. Det betyr at dei som deler ut prisen må skaffa seg oversyn over kven som gjorde kva på eit laboratorium. Det finst fleire døme på at ein seniorforskar og ein yngre forskar, som ein postdoktor, har delt prisen.

— Nokre gongar er det heilt umogleg å skilja. Dersom det er fem forskarar som har jobba tett, og me ikkje finn ut kven som har gjort kva, vel, då må prisen gå til nokon andre, fortel Hansson.

Nobelpris? Klesvasken ventar jo!

I boka si fortel han om korleis det gjekk til då han ringde dei ulike prismottakarane. Det skjer nemleg berre om lag ein time før pressekonferansen.

Sir John Gurdon var i gang med dissekering i laboratoriet i 9-tida om morgonen, sjølv om han var 80 år då han fekk prisen i 2012. Han var noko skeptisk då han vart ringt opp: Dette måtte vel vera ein spøk?

Carol Greider var yngre, og heilt uførebudd då ho som 48-åring fekk prisen i 2009: Ho hadde klede som måtte vaskast og barn som skulle til skulen, og så skulle ho jo på jobben! Så å få beskjed om at ho fekk Nobelprisen øydela rett og slett dagsplanen.

— Set deg ned, ta deg ein kopp kaffi og tenk på kva du skal seia til alle journalistane som kjem til å ta kontakt, var rådet Hansson gav henne.

Han skildrar òg korleis May-Britt Moser tok imot meldinga i 2014. Ho var eigentleg midt i eit møte, men Hansson overtydde henne om at ho måtte ta seg tid til å snakka med han. Den jublande Moser vart faktisk filma av kollegaer.

Ho har òg sjølv skildra korleis ho tok imot beskjeden. Ho skjønte at noko var på gang då ho såg kven som ringde.

— Eg sprang gråtande til kontoret mitt for å høyra etter.

Jon Fosse, som fekk Nobelprisen i litteratur i 2023, vart intervjua på ein kai i Alver kommune då det vart kjent at han fekk prisen.

Stor interesse frå journalistar frå mange land under Nobelveckan i 2023. Her er prisvinnarane i fysikk og kjemi, samt i økonomi, som ikkje er ein av dei opphavlege nobelprisane. Som ein ser, er snittalderen ganske høg — og mennene er i klart fleirtal. Frå venstre: Claudia Goldin (økonomi), Pierre Agostini, Ferenc Krausz og Anne L ' Huilliere (fysikk), Moungi G. Bawendi, Louis E. Brus og Aleksey Yemikov (kjemi).

Fekk ein sekk med pengar

Nobelprisen er den mest kjende, og den eldste, vitskapelege prisen. Alfred Nobel si meining var at prismottakarane skulle kunne klara seg resten av livet på prispengane, og berre kunne forska, ikkje måtte undervisa. I dag er det ikkje slik. Prisen er på om lag 11 millionar norske kroner.

Alfred Nobel er minna ved Nobelstiftelsen i Stockholm. Prisane med hans namn vart oppretta etter at Nobel var død. Han hadde ingen livsarvingar, men historia fortel at onkelbarna ikkje berre var nøgde.

— Dei første åra fekk ein prisen som ein sekk med pengar. Så gjekk ein over til sjekk, og no får prismottakarane pengane rett inn på konto, seier Hansson.

Det er fleire andre vitskapelege prisar som er verd langt meir i kroner og øre. Men Hansson meiner likevel at det er noko spesielt med dei svenske prisane.

— Ser ein på lista over prismottakarar, ser ein at ein listar opp sivilisasjonens framsteg gjennom meir enn eit hundreår.

Etter Nobelprisen har det vorte oppretta mange andre vitskapelege prisar, mellom anna Abelprisen og Holberprisen, som begge vert delt ut i Noreg.

— Det er fint at det finst vitskapelege prisar som dekkjer område som Nobelprisane ikkje gjer, som matematikk. Prisar som oppmuntrar til forsking på visse emne kan òg vera bra, men det krev at donator ikkje er for klåfingra, seier Hansson.

Khrono møtte nobelprisvinnar Anne L´Huilliere i Stockholm i 2023, var ho svært takksam for at det finst private forskingspengar som òg støttar grunnforsking. Den franske nobelprisvinnaren kom til Lund universitet fordi dei der på tidleg 1990-tal hadde fått ein heilt unik laser.

Driftinga av den vert til dels betalt av det store Wallenberg-fondet.

— Noko av det som er viktig, og som verkar for å få fram dei flinkaste forskarane, er å ha prisar og stipend som går til unge forskarar. I Sverige gir Wallenberg mykje til løn, men ikkje minst driftsmidlar, til unge forskarar, seier Hansson.

— Det kan godt nemnast når ein snakkar med alle milliardærane ein har i Noreg!

Tausheit i femti år

I Nobel sitt testament heiter det at prisen skal gå til den som har gjort størst nytte for menneska.

— Kunnskap er til nytte for menneska, seier Göran Hansson.

Men mange av oppdagingane som har ført til ein nobelpris, er krevjande å forklara for folk flest. Det er heller ikkje det viktigaste, meiner professoren. Han meiner at det at vitskap er i fokus, først nokre dagar i oktober og så i desember, er det viktigaste.

— Dersom ein ser på medieomtalen, er den stor i heile verda når prismottakarane vert offentleggjort i oktober. I nobelveka i desember, når prisane vert delt ut, er interessa størst i Skandinavia.

Og så er det dette med hemmeleghaldet. Det er femti års tausheit knytt til kva som har vore drøfta og ikkje.

— Dersom namn hadde vore kjende, hadde det vore vanskeleg for dei som skal koma med ei vurdering å vera ærlege. Det hadde nok òg vore meir press dersom nokon visste at dei var blant dei som kunne få prisen, seier Hansson.

Mystikk — og den gongen det gjekk gale

Berre ein gong har det gått gale.

I 2010 hadde leiaren i Nobelforsamlinga lagt ei dokumentmappe i bilen sin. Oppi den var resultatet av nobelforhandlingane. Mannen skulle gjera nokre ærend, men då han kom tilbake var vindauga i bilen knust og dokumentmappa vekke.

— Me håpa at det var nokon som ikkje såg nokon nytte i innhaldet i mappa som hadde brote seg inn, fortel Hansson.

Det gjekk fleire månader, og først i august fekk han eit brev: «Eg har dokument som kjem frå Nobelkomiteen, og eg kjem til å kontakta ei avis», stod det der. Hansson har skildra hendinga i boka si.

— Det var ikkje noko krav om løysepengar, fortel han til Khrono.

Kven som fekk nobelprisen i medisin skulle offentleggjerast 4. oktober dette året. Same dag hadde Svenska Dagbladet nyheita på framsida: Det var forskarane bak prøverøyrsteknologien som skulle få prisen, meinte dei å vita.

Det stemte.

— Kva vart konsekvensane av at det vart kjent på førehand?

— Det var sjølvsagt negativt då, men på sikt trur eg ikkje det skada prisen, seier Hansson.

Han legg til:

— Ein kan sjølvsagt stilla spørsmål ved om det spelar noka rolle at offentleggjeringa må skje akkurat på eit bestemt tidspunkt. Men det er noko av magien. Det skal vera litt mystikk — og litt glamour.

Powered by Labrador CMS