Debatt ● Akademiet for yngre forskarar (AYF)
Språkkrav er feil og dyr medisin for å sikre norsk fagspråk
Vi har forståing for at Oddmund Hoel ynskjer å styrke og verne om det norske fagspråket, men obligatoriske språkkrav er både feil og dyr medisin for å sikre dette. Her er Akademiet for yngre forskarar (AYF) sine forslag for å sikre norsk fagspråk.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I eit lesarinnlegg i Khrono argumenterer forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel for at språkkrava er naudsynte for å berge norsk fagspråk. Han teiknar vidare eit dystert bilete dersom ein let vere å innføre dette.
Vi er einige om betydninga av eit solid norsk fagspråk, men språkkrava bommar av fleire årsaker. Utover at Hoel sitt forslag undergrev regjeringa sin eigen varsla tillitsreform ved å gå imot ein samstemd sektor som fryktar at dei dyktigaste forskarane heller vel andre land, ynskjer vi å framheve to utfordringar.
For det første er språkkrava lite økonomisk berekraftige, og vi står overfor tronge økonomiske tider. Statsråden varsla under Arendalsuka at «Stillingskutt er den nye verkelegheita», og ved NTNU, OsloMet og andre stader er dei allereie i gang. Språkkursa kan bli tunga på vektskåla som gjer at fleire institusjonar må kutte. Professor Morten Hjort Jensen har gjort ei grundig utrekning som viser kva moglege konsekvensar dette språkkravet får.
For det andre åtvarar Hoel om at akademia vil svikte sitt samfunnsoppdrag dersom det sviktar sitt ansvar for det norske språket, og han hevdar at språkkrava er naudsynte for å vareta norsk fagspråk. Motstandarane av dei nye språkkrava er likevel ikkje blinde for akademia sitt samfunnsoppdrag og betydninga av sterk oppslutning om forskinga si rolle i samfunnet. Tvert imot jobbar institusjonane på mange måtar for å vareta det viktige samfunnsmandatet som følgjer med offentleg finansiering.
Men vi meiner at språkkrav som fyrst og fremst rammar yngre forskarar i etableringsfasen av deira karriere, ikkje er eit godt verkemiddel. At desse språkkrava i tillegg er rigide ved at dei er like på tvers av svært forskjellige fagfelt og fagmiljø, er svært uheldig.
Vi meiner at språkkrav som fyrst og fremst rammar yngre forskarar i etableringsfasen av deira karriere, ikkje er eit godt verkemiddel.
Akademiet for yngre forskarar
Det finst betre måtar å sikre norsk fagspråk på og vareta samfunnsoppdraget.
I januar 2023 lanserte vi vårt språkpolitiske notat der vi foreslo fire tiltak for ei betre språkpolitikk i akademia. Sidan vi no har vår tredje forskings- og høgare utdanningsminister sidan vi lanserte dette for under to år sidan, tek vi oss fridomen til å relansere desse. Vi meiner tiltaka framleis er svært aktuelle.
- Auka anerkjenning av arbeidet som vert lagt i undervisning. Dette gjeld særleg utvikling av læringsmateriell og fagterminologi på norsk, som i for lita grad tel ved tilsetjing.
- Breiare støtteapparat til formidling. I likskap med undervisning er òg formidling ei svært viktig oppgåve og eit stort samfunnsansvar. Institusjonane bør derfor utvikle eit breiare støtteapparat til formidling, slik at særleg yngre forskarar kan få godt tilpassa støtte når dei vil prøve seg på ulike formidlingsarenaer og med formidling på ulike språk.
- Kraftig styrking av språkopplæringstilbodet. Tilbodet til nye internasjonalt tilsette må både styrkast og leggjast til rette for i langt større grad enn i dag. Eit språkkrav åleine er å legge ansvaret på feil skuldrer.
- Progresjonsplan for språkopplæring. AYF foreslår å erstatte det føreslegne standardiserte språkkravet med ein individuelt tilpassa progresjonsplan. Denne bør innehalde tydelege forventningar om kva språknivå som bør oppnåast etter kvart steg, og korleis institusjonen skal legge til rette for det.
Men aller viktigast er det at vi klarer å skape framifrå og verdsleiande forskingsmiljø og samstundes sørgje for at forskinga er ein attraktiv karriereveg, både for norske og utanlandske forskarar. Eit språkkrav retta mot yngre forskarar i mellombelse stillingar er feil medisin i lys av alternativa som finst. Målet er vi einige om: å styrke norsk som fagspråk og vareta akademia sitt samfunnsoppdrag.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut