norsk fagspråk
Ny rapport: Å skriva på norsk fremjar ikkje karrieren
Publisering skjer på engelsk, mykje undervisning skjer på engelsk, og forskarane seier dei ikkje har tid til å skriva norsk. Det viser ein ny rapport frå Språkrådet.
Å skriva på norsk er lite karrierefremjande. Ein har for lite tid til at ein prioriterer å gjera det, og oppmodinga er å skriva på engelsk. I tillegg er det for lite norsk terminologi.
Dette er hovudfunna i ein fersk rapport Språkrådet har bestilt, og som vert presentert på eit frukostmøte i regi av Språkrådet og Universitetet i Bergen tysdag.
— Dette er funn som viser kvifor det står så dårleg til med fagspråkarbeidet i sektoren, og kvifor det er så vanskeleg å få sving på dei lovpålagde språkoppgåvene i universitets- og høgskulelova, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, til Khrono.
Punktet om terminologi heng saman med at få tilsette deltek i terminologiutvikling, sjølv om mange i utgangspunktet er interesserte.
Frukostmøtet kan du sjå direkte her frå klokka 8.30.
Wetås: Ikkje berre diskutera
Det er 1329 vitskapeleg tilsette ved norske universitet og høgskular som har svara på spørsmåla som vart sendt ut. Svara stadfestar det som har vore snakka om dei siste åra: Publisering skjer på engelsk, mykje undervisning skjer på engelsk, og respondentane oppgir at dei vert oppmoda til å skriva engelsk.
«Hvis jeg hadde
hatt god tid i
arbeidshverdagen,
kunne det ha vært
hyggelig å skrive
mer folkeopplysning
på norsk», er eitt av svara som er kome inn.
— Rapporten viser at det er mange faktorar som dreg i feil retning. Me kan ikkje lenger bruka tid på å diskutera tilstanden for norsk fagspråk i sektoren. I staden må universiteta og høgskulane venda blikket framover og handla, seier Wetås.
I haust presenterte Khrono tal frå Tilstandsrapporten for høgare utdanning. Den viste mellom anna at talet på emne som vert undervist på eit anna språk enn norsk har gått frå 16,2 prosent i 2012 til 27,6 prosent ti år seinare. Ved NTNU og Universitetet i Oslo vert nær fire av ti emne undervist på eit framandspråk, i hovudsak engelsk.
Khrono har òg skrive at berre sju prosent av doktoravhandlingane som vert leverte i Noreg, er skrivne på norsk.
Vil ikkje skulda på internasjonale tilsette
Åse Wetås seier at Språkrådet har jobba særleg opp mot universitet og høgskular.
— Dette er den viktigaste sektoren for å kunne fylla hovudmåla i språkpolitikken. Ofte peikar sektoren sjølv på at norsk har sin plass i humaniora og samfunnsvitskapen, men norsk fagspråk er like viktig på alle fagområde, seier Wetås.
Ho peikar på at utvikling av norsk fagspråk er særleg viktig for undervisning og formidling av forskingsbasert kunnskap til samfunnet.
— Khrono skreiv seinast i helga om norskkrav for vitskapeleg tilsette. Kor mykje av engelskbruken skuldast at ein har tilsette som ikkje meistrar norsk?
— Det er urimeleg å peika på dei internasjonale tilsette og seia at det er dei som eig problemet. Det er universiteta og høgskulane som må løysa dette oppdraget, seier Wetås.
Ho viser til kva Akademiet for yngre forskarar har sagt om parallellspråklegheit: Dei peikar mellom anna på betre språkopplæring og betre støtteapparat for formidling.
Manglar fagspråk
Fokus på internasjonalisering, mange tilsette som ikkje har norsk-kompetanse og eit litt ukritisk skifte i undervisningsspråk til engelsk. Alt dette gir at ein ikkje får ei god utvikling av norsk fagspråk, seier Marita Kristiansen.
Ho er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen (UiB) og skal vera moderator for frukostmøtet tysdag.
Arbeidsoppgåvene hennar og forskingsfeltet hennar er terminologi, altså fagspråk. Konkret leier Kristiansen arbeidet med termportalen. Dette er dels ein digital infrastruktur der det vert lagt inn termbasar for ulike fagområde. I tillegg er UiB sitt mål å utdanna fleire terminologar. Dette er eitt av språkvitskapsfaga det er dårleg rekruttering til.
Kristiansen har tidlegare undersøkt språket i eksamenar på bachelornivå, og kalla det ho fann for «kvasispråk». «’Integration’ skjer gjerne med litt meir kompliserte metodar som task forces eller teams, og ’face to face’ kontakt» er eit konkret døme.
— Eg meiner ikkje at ein ikkje skal vera flinke i engelsk. Men ein må klara begge deler! Dei aller fleste som studerer ved norske universitet og høgskular skal for det første ikkje arbeida i akademia og for det andre hamnar dei stort sett i eit norsk arbeidsliv, seier Kristiansen, og held fram:
— Utfordringa er at med dei føringane vitskapeleg tilsette har i dag, er det ikkje mykje tid til å jobba med terminologi.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut