norsk språk
Vil ha forskingsmiljø øyremerkt norsk språk
Viktige språkfaglege miljø er i ferd med å forsvinna. No vil Språkrådet ha utgreidd eit fast forsknings- og utviklingsmiljø for norsk språk.
— Me får ikkje leveransar av anvend norsk språkforsking som trengst for å fylla lovene på språkfeltet. Dei mest aktuelle disiplinane er nedbygde over tid, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.
I Språklova heiter det at «føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for».
Wetås peikar leksikografi, stadnamngransking og terminologi som eksempel på fagområde som har vorte borte frå akademia.
Det er mellom anna denne kompetansen Språkrådet no ser at det er nødvendig å få bygd opp att.
Vil sikre anvend norskforsking
I haust sende Språkrådet ut eit anbod via Doffin. Der heiter det:
«Språkrådet ønskjer å få gjennomført ei utgreiing om alternativ for organisering av eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk. Målet med eit slikt forskings- og utviklingsmiljø er å sikra stat, styring, skuleverk og arbeidsliv tilgang til relevante produkt av anvend forsking i norsk, og i tillegg sikra at forvaltninga har tilgang til spesialistkompetanse som trengst for å forvalta lovverka på språkfeltet».
Sjølve utgreiingsoppdraget gjekk til Telemarksforsking, som skal levera ein rapport om moglege organisasjonsformer til sommaren. Så er spørsmålet kva som skjer i neste runde.
— Wetås, ønskjer du deg eit eige forskingsinstitutt?
— Ulike forvaltningsområde har ulike modellar. Nokre har til dømes eigne forskingsinstitutt. Nokre får forskinga dei treng frå universitetssektoren, medan andre har eigne forskings- og utdanningsinstitusjonar, svarar Åse Wetås.
— Kulturdepartementet har finansiert utgreiinga, og Språkrådet ser fram til kva tilrådingar rapporten frå Telemarksforsking kjem med.
Må tenkja butikk
I fjor skreiv Khrono at nettopp terminologi, leksikografi og namnegransking er fagområde der det er lite eller inga undervisning ved norske universitet.
— Med dagens finansieringsmodell er det vanskeleg å tilby emne som rekrutterer relativt få studentar. Me kan ikkje berre tenkja fag, me må òg tenkja butikk, sa Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy, som leiar Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo (UiO), til Khrono.
Sjølv om det framleis finst forskarar som har namnegransking som eitt av fleire forskingstema, finst det ikkje eit eige forskingsmiljø. Fram til 2016 var Språksamlingane, som var forskingsinfrastruktur for forsking i det norske språkets ordforråd, og som mellom anna inneheld hyllemeter på hyllemeter med innsamla stadnamn, heimehøyrande ved Universitetet i Oslo (UiO).
UiO ville ikkje lenger ta ansvar for samlingane, og dei vart flytta til Universitetet i Bergen (UiB). Her har ein i dag prosjekt knytt til revidering av både bokmåls- og nynorskordboka og til vidare digitalisering og revisjon av Norsk ordbok. Prosjekta hentar finansiering frå Kulturdepartementet. I tillegg er det ved UiB komme på plass ei forskarstilling i terminologi, knytt til Termportalen.
— Språksamlingane er infrastrukturen som fanst. Men det vert ikkje forsking eller utdanning av å ha samlingar, seier Wetås.
Ho har eit konkret døme på kva leveransar staten treng frå forsking i norsk:
— I statleg sektor hadde det vore ein effektiv og god ting dersom me hadde hatt ei fagordbok med forvaltningsterminologi på både nynorsk, bokmål og engelsk, seier ho.
Dette kunne gitt eit tydelegare forvaltningsspråk og ein tydelegare og meir stringent språkbruk, seier språkdirektøren. I dag finst det ikkje fagmiljø som forskar i dette språket og som kan utvikla ein slik ressurs.
— Om staten skal ha eit godt og einskapleg språk som er både innbyggjarvennleg og digitaliseringsvennleg, treng me felles ordbruk og felles definisjonar på tvers av verksemder og sektorar. Det vert plundrete og potensielt dyrt for alle om eit ord som «sambuar» skal bety éin ting hos Nav, noko anna hos Lånekassen og ein tredje ting hos Skatteetaten.
Treng pengar
Nettopp ved UiB vil det fagmiljøet som finst gjerne ta endå meir nasjonalt ansvar. I statsbudsjettet for 2021 kom det inn pengar til begge ordboksprosjekta. I tillegg vart det sett av fire millionar kroner til terminologiarbeid.
Terminologi er fagspråk knytt til eit spesielt område.
— UiB omtalar UiB og Bergen som eit humaniora-sentrum, og eit av hovudmåla i humaniorastrategien er at UiB skal spela ei sentral rolle i forvaltninga av norsk språk. Me har allereie satsa på fleire av dei områda som språklovsproposisjonen trekte fram som avgjerande for forvaltninga, seier Margunn Rauset, som leiar ordbokarbeidet ved UiB.
Ho viser til terminologi, der det no er tilsett ein forskar i fast stilling. To terminologar, som skal jobba med Termportalen, er under tilsetjing. I tillegg har UiB ni leksikografar som i dag arbeider med UiB-ordbøkene.
— Språkteknologisk kompetanse og infrastrukturar har vorte bygde opp ved UiB over lang tid, men treng styrking. Dessutan treng stadnamnforskinga meir ressursar, seier Rauset.
Rauset peikar på fleire utfordringar. Ei av dei er korleis ein kan sikra spesialistkompetanse og vidare òg utdanna personar som kan jobba til dømes med ordbøker, utvikling av norsk fagspråk og normering av stadnamn. Den andre utfordringa handlar om pengar.
— I dag er det spreidd finansiering og lite langsiktigheit. Ved UiB er det vilje til å ta på seg eit ansvar, men samstundes er me tydelege på at det krev finansiering. Ein treng ei kritisk masse innan kvart fag, seier Rauset.
Etterspurnad og behov
Dei ni leksikografane som jobbar med ordboksprosjekta, har fått finansiering via Språkrådet og er slik ikkje tilsett i undervisningsstillingar. Undervisninga av neste generasjons namnegranskarar og terminologar skjer ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).
Anders Fagerjord er instituttleiar ved LLE. Han understrekar at UiB har mange aktive språkforskarar, òg innan dei emna Språkrådet peikar på. Men per i dag er det ikkje flust av studentar som søkjer seg til slike emne.
— Når ein skal dimensjonera eit studietilbod skal ein sjå på etterspurnad blant studentar og kva behov samfunnet har. Her er det slik at samfunnet har eit behov, men det er liten etterspurnad. Det gjeld å finna dei studentane som er interesserte, seier Fagerjord.
I eit finansieringssystem som er resultatbasert, er det talet på studentar og studiepoengproduksjon som er viktig.
— Kor mange studentar må ein ha for at ein skal oppretta eit emne, til dømes på masternivå?
— Ei av oppgåvene våre er å klara å halda oppe små fag. Det er ikkje eit eintydig svar på kor mange studentar ein må ha, det varierer frå fag til fag. For nokre fag seier me at me minst må ha ti, medan andre emne kan ha fem-seks studentar, seier instituttleiaren.
Fagerjord peikar òg på finansiering:
— Dersom Språkrådet seier at dei gir pengar til å utvikla eit senter i Bergen, kan ein del av pakken vera at me gir eit utdanningstilbod.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut