Debatt ●Stein Joar Hegland

Kvifor treng vi eit så hierarkisk system i akademia?

Ein sektor i omstilling bør nytte sjansen til å lage flatare strukturar med færre ledd. Då kan dei bruke ressursane til fagleg aktivitet og sikre effektivitet.

Hierarkiet i akademia er vel nesten blitt verre enn i militæret, bortsett frå at vi ikkje har behov for kommandolinjer hos oss, skriv forfattaren. — Akademia skal jo eigentleg ha støttefunksjonar, meir som eit fotballag.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Akademia er ein flott stad å arbeide og det er mykje fridom i jobben. Ein får jobbe med unge menneske som skal lære noko nytt, ein får brukt kunnskapen og kompetansen sin, og sjølv lære mykje nytt gjennom forsking og samspelet med studentar og dyktige kollegaer. Det er lite å klage på, fagleg sett.

Paradokset er at eit slikt system basert på fagleg autonomi og grunnleggande tillit har utvikla seg til å bli så frykteleg hierarkisk. Kanskje er det også i ferd med å vekse seg for stort og byråkratisk, og bli ineffektivt?

Gode intensjonar finst i hopetal hos våre leiarar, og deira tilhøyrande administrasjon, men gir deira intensjonar fleire gode studentar eller betre forsking? Gir dei institusjonane betre økonomi? Kvifor treng vi organisasjonar med 3—4 ledd og med 3—4 toppleiarar (pro-og assisterande stillingar) i kvart ledd? Treng vi dobling av administrative strukturar i sentraladministrasjon og fakultet, men stadig færre støttefunksjonar nært fagmiljøa?

Hierarkiet i akademia er vel nesten blitt verre enn i militæret, bortsett frå at vi ikkje har behov for kommandolinjer hos oss. Akademia skal jo eigentleg ha støttefunksjonar, meir som eit fotballag.

Akademia har altså gått frå å vera ein bottom-up til top-down styrt sektor på kort tid.

Stein Joar Hegland

Karp og Blindheim skildrar i Khrono i fjor sommar på ein illustrerande måte korleis akademia er blitt eit offer for lederismen. Dei hevdar at styring og forretningsverksemd er blitt viktigare enn fagleg aktivitet. Byråkratiet og kontrollregime har teke over, ifølgje forfattarane som er fagfolk innan leiing.

Tidlegare blei dei fleste leiarar i akademia valt blant likemenn- og damer. Fleire og fleire universitet og høgskular har no tilsette leiarar i alle eller dei fleste ledd. Leiarar har då eit ansvar ovanfor styret som har tilsett dei, og dermed svarar dei ikkje lenger ovanfor dei tilsette dei skal leie. 

Akademia har altså gått frå å vera ein bottom-up til top-down styrt sektor på kort tid.

Kanskje er det på tide å tenka annleis om organisering av sektoren? For effektiv omstilling og ressursbruk er det i alle fall viktig å unngå dobling av leiarar og administrative system. Dei fleste universitet og høgskular er organisert tradisjonelt med sentralledd, fakultet og institutt. Høgskulen på Vestlandet (HVL) har i tillegg ein ekstra campusdimensjon som fleire andre universitet.

Personleg har eg heile fire formelle ledd over meg på HVL: seksjon, institutt, fakultet, og sentralledd. I tillegg har vi fagtilsette som er faggruppeleiarar, studieprogramleiarar og forskingsgruppeleiarar. I praksis er likevel systemet på HVL laga slik at det berre er styret, rektorat og dekanat som har vedtaksrett. Altså ein veldig topptung organisasjon.

Sett frå mitt faglege ståstad så er det for mange ledd i slik organisasjonar. Det er rett og slett for lang veg frå grunnplanet til toppen for å få til ein effektiv, handlingsdyktig, og operativ organisasjon. Dette er ikkje unikt for HVL, lederismen er felles for sektoren og samfunnet.

Dei formelle fire ledda bør slankast, vi treng ikkje fleire enn maks tre, og det er toppen som må slankast. Eit godt organisert hierarki kan nemleg sikre fordeling og omfordeling av ressursar mellom ulike ledd og sikre at bottom-up krafta får ei sterk nok rolle i systemet. Derimot treng vi neppe eit sentralledd og eit fakultetsledd som har dei same pro-stillingane (rektor og dekanar) gjerne med ei dobling av fleire administrative tenester innan desse to ledda. Det er rett og slett for dyrt i desse tider.

Før hadde dei fleste leiarane i sektoren ein fot i produksjonen (forsking og utdanning), men no er dei fleste profesjonelle heiltidsleiarar med høgare lønningar og lite undervisning. Ein leiar i dag kostar altså mykje meir enn før. Kanskje må vi få dei tilbake i kunnskapsproduksjonen?

Misforstå meg rett: vi treng gode leiarar, og eg har fleire av dei. Leiarane sin viktigaste rolle er uansett å vera tilretteleggjarar for at fagmiljøa kan drive med primæraktivitetane sine, og at studentane får god utdanning, ved å sikre gode forhold og tilstrekkeleg med ressursar for å drive utdanning, forsking og formidling. Det er det dei bør målast på.

Ein sektor i omstilling, grunna trongare økonomiske kår, bør nytte sjansen til å lage flatare strukturar med færre ledd for å kunne bruke ressursane til fagleg aktivitet og sikre effektivitet. I dagens system krev dette aktive styrer som tek andre organisatoriske grep enn det som har vore vanleg i akademia dei siste tiåra. Det er kanskje for mykje å be om i det nye året, men det er lov å håpe

Powered by Labrador CMS