Havforsking
Kuttar i forskingstokt. Går ut over klimaforsking i Arktis
Havforskingsinstituttet stansar minst fire tokt for å få budsjettet til å gå opp. Det går blant anna ut over overvakinga av klimaendringane i Arktis.
Havforskingsinstituttet (HI) legg minst fire tokt på is for å få budsjettet til å gå opp. Det går blant anna ut over overvakinga av klimaendringane i Arktis.
— Det er uheldig at vi ikkje får gjennomført dette, seier forskingsdirektør Geir Huse til Khrono.
Han er samstundes letta over at kutta ikkje blir større.
I revidert statsbudsjett har HI fått 46 millionar kroner ekstra til drift av skip, hovudsakleg for å kompensere for auka drivstoff- og straumprisar. Det gjer at instituttet unngår langt meir dramatiske kutt i tokt- og forskingsaktiviteten, slik det opphavleg låg an til.
Droppar Polhavet
Men sjølv om ekstra pengar kjem
til drift av skip, har løyvingane til resten av instituttet blitt ytterlegare
reduserte med det reviderte statsbudsjettet, ifølgje Huse.
Totalt vil Havforskingsinstituttet derfor stanse minst fire av sine årlege forskingstokt for å spare pengar, kanskje fleire.
Eitt av desse er den såkalla arktiske utvidinga av det årlege økosystemtoktet i Barentshavet. Denne delen av toktet går inn i Polhavet. Her er klimaendringane svært store, og Polhavet blir rekna som eit nøkkelområde for å forstå klimaendringane betre. Når forskarane ikkje går inn, betyr det redusert overvaking og færre data.
Kutt og oppseiingar
I februar varsla Havforskingsinstituttet eit kutt på 170 millionar kroner. Då var det allereie kjent at oppseiingar ville bli nødvendige for å få endane til å møtast. 50 millionar skulle sparast i reiardivisjonen (drift av skip), 120 millionar på drift elles.
Før jul varsla leiinga at forskingsskipet «Kristine Bonnevie» med 28 tilsette skulle takast ut av drift, men det var uklart kor mange som ville miste jobben.
I tillegg til å stanse drifta av «Kristine Bonnevie» og no kutte fleire tokt, har Havforskingsinstituttet frå før lagt opp til fleire andre sparetiltak. Mellom anna skal tilsette som sluttar gjennom «naturleg avgang» som hovudregel ikkje erstattast. Det er også varsla kutt i reisebudsjettet og løyvingar til kurs.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut