språk
Vil ha ein nasjonal offensiv for norsk fagspråk
Fokus på norsk fagspråk bør inn i den neste langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, meiner rektor Gunnar Yttri.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er, som Khrono har skrive, ein av få forskings- og utdanningsinstitusjonar som legg vekt på norsk fagspråk i dei språkpolitiske retningslinjene sine.
Rektor Gunnar Yttri meiner at norsk fagspråk òg bør koma inn som eige fokusområde i den neste langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Planen skal leggast fram i 2022, men allereie i haust er fristen for å koma med innspel.
Vanskjøtta
— Det trengst ein nasjonal offensiv, seier Yttri til Khrono.
Han viser til at det i universitets- og høgskulelova er nedfelt at institusjonane har ansvar for utviklinga av norsk fagspråk. Men, som Khrono har skrive, skjer svært mykje av den vitskapelege publiseringa på engelsk. Stadig fleire doktoravhandlingar og mastergrader vert òg skrive på engelsk.
— HVL er ein del av ein stor og mektig sektor. Me har eit kulturansvar for å både utvikla og forvalta det norske fagspråket. Men det norske fagspråket vert noko ein tek som sjølvsagt, og då vert det vanskjøtta, seier Yttri.
Han seier at HVL i sin høyringsuttale vil koma med innspel om norsk fagspråk.
Meiner ein er for slappe
Denne våren har debatten om norsk språk i sektoren gått i akademia. Det heile byrja med ei sak ved NTNU, der studenten som vart vald inn i universitetsstyret fekk beskjed om at ho ikkje kunne vera styremedlem fordi ho ikkje meistra norsk. I tillegg har norskopplæring for internasjonalt tilsette vorte sett på dagsorden.
— Ein kan byrja med små grep som å til dømes syta føre at ph.d.-avhandlingar har samandrag på norsk, og at me har gode norskfremjande tiltak blant dei internasjonalt tilsette òg, har Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen, tidlegare sagt til Khrono.
Språkrådet har tidlegare laga noko dei kallar ein vegvisar for gode språkval. I fjor kom i tillegg forslaget om at språk bør målast, nettopp for å sikra at institusjonane òg nyttar norsk. Dårleg idé, sa dåverande leiar i universitets- og høgskulerådet, Dag Rune Olsen.
— Det er viktigare med konkrete og konstruktive tiltak, heller enn oppteljing og rapportering. Til dømes kan engelske tekstar og avhandlingar verta utstyrt med eit norsk samandrag, og me kan etablera populærvitskapelege kanalar som gjer forskinga tilgjengeleg for fleire enn fagfolk.
Yttri seier at han er samd i at ein må jobba godt med å publisera i dei internasjonale tidsskrifta - på engelsk.
— Men per no er ein altfor slappe med det norske fagspråket.