Debatt ● Ayne Kifle Aalen og Mari Kaslegard
Vi prostituerer frivilligheita til dei som øydelegg framtida vår
At Studentersamfundet ikkje klarar å seie nei til oljepengar viser at Trondheimsstudentane lid av ein nærsynt egoisme.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Laurdag 3. februar fekk medlemmane av Samfundet for andre gang moglegheit til å vise fingeren til oljeselskap som siklar etter studentane si hjernekraft. At fleirtalet av Storsalen røysta mot forslaget om å unngå samarbeid med fossile sponsorar peiker på ein veksande egoisme i studentverda.
Problemet finst òg overalt utanfor Samfundets runde veggar. Mange studentforeinigar i byen er sponsa av oljeselskap. Bedriftane får promotere seg sjølve på fleirfaldige arrangement, og i byte får studentane eigne hytter, gallamiddagar og attraktive nettverk. Ikkje minst får studentane indoktrinering i grønvasking av selskapa med på kjøpet. Det finst knapt betre forhold for store bedriftar som ynskjer seg framtidas store tenkjarar til sine prosjekt.
Er det dette vårt studentmiljø skal vere ein yngleplass for?
At vi trondheimsstudentar som produserer «kunnskap for ei betre verd», som tross alt er NTNUs motto, ikkje klarer å sjå lengre enn våre eigne nasetippar, er flautt.
Det er viktigare for studentane å sitte stille i båten og passe på seg og sitt, enn å stå opp for verdiane sine. Samfundet erklærte klimakrise seinast i fjor, men er ikkje villige til å sjå sitt eige ansvar. Det kostar oss for mykje å bøte med trongare økonomi, høgare ølprisar og smalare konsert- og kulturtilbod.
Den eine sida av debatten vender blikket innover i eit spørsmål om kva signal me skal sende ut. Dei meiner det handlar om å kunne finansiere ein studentorganisasjon som jobbar mot einsemd, uansett kva det kostar kloden. Me hadde eit høve til å vere ei tydeleg røyst i den offentlege klimadebatten, som stort sett er prega av store, tomme ord.
Det står stor respekt av eldsjelene som legg ned hundrevis av timar kvart semester for å skape levande studentmiljø. Det er ikkje tvil om at det store frivilligmiljøet motarbeidar einsemd blant studentar. Men er verkeleg oljepengar medisinen mot einsemd i studenttida?
Klarar vi ikkje å skape gode fellesskap utan at Equinor, verdas ellevte største oljeselskap, bidreg med store summar?
Vi må ha større tru på oss sjølv enn det. Fellesskap og trivsel oppstår ikkje av at store bedriftar forbarmar seg over oss. Fellesskap og trivsel oppstår ikkje av at bedriftene henter ut kunnskap og hjernekraft i byte mot billig øl og store konsertar. Klisjéfylt som det er: fellesskap og trivsel er laga av studentane sjølv.
Der politikarane ikkje klarar å gå foran, må vi tørre å ta det første steget.
Ayne Kifle Aalen og Mari Kaslegard
Kva slags studentmijlø har vi laga, når vår fest og moro går på bekostning av framtidige studentar og medstudentane våre i andre land som allereie er hardt ramma av klimaendringane?
Der politikarane ikkje klarar å gå foran, må vi tørre å ta det første steget. Vi må komme oss ut av vervtåka, løfte blikket og vise solidaritet til eit fellesskap som når utover studentbyen vår.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut