Debatt ● Arne Krumsvik
Tid for å skrote både høgskular og gratisprinsippet
Det blir slutt på å kunne bevilge seg ut av vanskelege situasjonar, skriv Arne Krumsvik.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Korleis bør høgare utdanning sjå ut i Noreg i 2030? For å svare på det, må vi først sjå på tre megatrendar:
For det første held prosessen med å standardisere akkreditering av utdanning i Europa fram. EU finansierer universitetsalliansar, og det vert enklare å utvikle utdanningsprogram som kan gjennomførast på tvers av landegrenser. Det står sentralt i heile det europeiske prosjektet å bygge ned nasjonal særregulering og opne for fri flyt på stadig fleire område.
Dette opnar også for enda meir internasjonal konkurranse. I dag har vi både fransk og svensk storkapital som har ei profittmaksimerande tilnærming til høgare utdanning i Noreg, gjennom aktørar som Noroff og Oslo Nye Høyskole. Det er meir sannsynleg enn usannsynleg at vi får fleire slike framover. Kanskje kan også ikkje-kommersielle aktørar finne det interessant med ein fysisk eller virtuell campus i eit av verdas rikaste land. Standardisering på tvers av landegrenser gir gjerne auka konkurranse.
For det andre, vert etter- og vidareutdanning stadig viktigare. Eg er mellom dei som hevdar at utdanning som hovudregel ikkje går ut på dato. Det viktigaste vi lærer studentane våre på dei fleste fagområde, er å kunne løyse komplekse problem på ein systematisk måte. Det gjer at kandidatane vi uteksaminerer kan gjere gode jobbar langt utanfor det som står på vitnemålet. Men skal vi ta på alvor at universitet og høgskular driv kontinuerleg kunnskapsutvikling, gir det god meining å tilby påfyll gjennom livet. No står dette også høgt på den politiske dagsorden, og her vil nok forventningane til institusjonane blir endå tydelegare i åra som kjem.
For det tredje er det meir sannsynleg enn usannsynleg at statleg finansiering av høgare utdanning vert lågare snarare enn høgare i åra som kjem. Det er tøffe tider, og det blir tøffare tider. Krig og krise skal handterast. Det må prioriterast. Det blir slutt på å kunne bevilge seg ut av vanskelege situasjonar.
Det må bli slutt på at norske fagskulestudentar må reise til utlandet for å få påbygg til bachelor.
Arne Krumsvik
Om det blir slik at (1) standardisering av akkreditering i Europa gir høgare konkurranse, (2) etter- og vidareutdanning blir stadig viktigare, og (3) statleg finansiering truleg vert lågare enn høgare, korleis bør då høgare utdanning i Noreg sjå ut i 2030?
For det første har vi ikkje lenger bruk for høgskular. Det bør bli eit dualt system med universitet og fagskular. Vi er ganske nær ein situasjon der alle akkrediterte institusjonar i UH-sektoren har eigne doktorgrader. Det betyr at dei er grundig granska og funne i stand til å tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Om vi ikkje stikk regulatoriske kjeppar i hjula for auka samarbeid i både inn- og utland, vil dei kunne utvikle seg vidare.
I den nye universitets- og fagskulesektoren må desse to institusjonstypene også samarbeide langt tettare enn i dag. Det må bli slutt på at norske fagskulestudentar må reise til utlandet for å få påbygg til bachelor. Det må opnast for både enkelt innpass til universitetsutdanning og fagskulebachelor, slik vi finn i Danmark, Tyskland og England. Tyskland vert trekt fram som døme på eit system der ein kan gå heile vegen til ph.d. i begge søylene, og det er mogleg med overgang på tvers.
Mange av våre smale høgskular kan finne trygge hamner på universiteta. Nokre bør bli fyrtårn innan høgare yrkesfagleg utdanning, med master og ph.d. Profittsøkarane i sektoren har eg ikkje så mykje omsorg for.
Eit slikt system vil gi meir yrkesrelevant utdanning på høgt nivå, samtidig som ungdom i hele landet kan få akademisk utdanning utan å måtte reise til storbyen.
Dei profittmaksimerande konkurrentane må møtast med høg kvalitet og utdanningstilbod der folk bur. Forskinga fortel oss at det er fagleg og sosial integrasjon som gir studentsuksess. Særleg på bachelor-nivå ser dette ut til å fungere best på fysiske campus. Det må våre nye universitet og fagskular legge stor vekt på.
LO går inn for ei utvikling av eit dualt system. Eg trur fleire politiske parti vil gå i same retning. Fagskulane vil gå denne vegen. Men dagens UH-sektor har ikkje dette på dagsorden i det heile. Der må det skje endringar.
Konkurransen utanfrå vert kanskje enda sterkare innanfor etter- og vidareutdanning. Her er det mange av verdas beste universitet som har blitt veldig flinke med digitale tilbod under koronaen. Mange norske universitet seier at det ikkje får gjort så mykje før finansieringa er på plass. Dei ventar på departementet.
Det er ikkje utenkjeleg at halvparten av alle studentar i Noreg er på etter- og vidareutdanning i 2030. Utan at meir pengar kjem frå staten. Det vil krevje stor omstilling i utvikling og drift av utdanningsprogram, og det vil krevje nye kjelder til finansiering.
Høgare krav og lågare statleg finansiering vil gjere det nødvendig for heile sektoren å tenkje nytt. Det heilage gratisprinsippet kjem under press. Særleg fordi det ikkje verkar. Det er same profil på kven som studerer i Noreg som det er i USA, trass i veldig stor forskjell i eigenbetaling. I tillegg er det ein større andel som tek høgare utdanning i både USA og mange andre land med høge skulepengar. Gratisprinsippet verkar ikkje. Det står i vegen for å finansiere meir og betre høgare utdanning i Noreg.
Den høge statlege innsatsen i finansiering av både utdanning og forsking i Noreg, gjer at vi også har vore særs dårlege til å utvikle privat sponsing. Hadde eg vore rektor i USA, ville det meste av tida mi gått til fundraising. Norske rektorar driv nesten ikkje med slikt i dag. Det vil også måtte endre seg, av dei grunnane eg har nemnt.
Oppsummert blir det tøffare tider rundt oss, og meir innovasjon i denne sektoren framover. Nokon vil tenkje at det vert meir slitsamt, men fleire vil få tilgang til utdanning og personleg utvikling. Det er det viktigaste.