forsking
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Med så mykje pengar som Noreg brukar på forsking, burde forskinga hatt høgare kvalitet. Det meiner den svenske professoren Mats Benner.
«Universitetene på sin side evner ikke, tross god grunnfinansiering, å skape en levende, dristig akademisk kultur som gir gode vilkår for fornyelse og utvikling».
Dette skreiv dei svenske professorane Mats Benner og Gunnar Öqvist i ein kronikk i Aftenposten for ti år sidan. I 2014 leverte dei rapporten «Room for increased ambitions? Governing breakthrough research in Norway 1990—2013» på oppdrag frå Forskingsrådet. Konklusjonen var at ambisjonane må hevast og at kvaliteten ikkje er god nok til at Noreg kan hevda seg i det internasjonale, vitskapelege toppsjiktet.
Spørsmålet er om noko har endra seg ti år etter.
— For mykje kvantitet og for lite kvalitet, sa Benner då han snakka framfor leiarar frå universitet og høgskular (UH-nett Vest) denne veka.
Lågare median
Det har skjedd noko med norsk forsking dei siste tiåra, sa Benner, som er professor i forskingspolitikk ved Lunds universitet og i tillegg har ei bistilling hos norske Nifu: Ein vert sitert i høgare grad enn før og ein publiserer meir enn før. Fram til 2019 hadde ein auke i dei økonomiske løyvingane, og ein har òg hatt ein vekst i talet på tilsette i forskingssektoren.
Og ser ein femti år tilbake i tid, har forskingssektoren i Noreg vekse meir enn i både Sverige og i Danmark. Men nabolanda våre har ein høgare siteringsindeks.
— Ein har hatt ein kvantitativ vekst. Korleis skal ein få den til å òg vera kvalitativ, spurde Benner.
— Eliten i den norske forskinga er kvassare enn den svenske. Men medianen ligg lågare, sa han.
Meiner ein forskar lite
Noko av problemet er, ifølgje Benner, at styresmaktene vil ha både òg. Både Petter Dass og Draghi, sa han, og viste til at statsråd Oddmund Hoel like før hadde snakka om å få gode folk i heile landet og om å legga til rette for fleircampusinstitusjonane.
— Me har det stikk motsette av ei krise i norsk forsking, me gjer det betre enn nokon gong før, sa Hoel til universitets- og høgskuleleiarane i vest, og viste til at Noreg hentar heim stadig meir pengar frå EU-systemet.
— Av to ulike ting, vel ein begge. Det ser ein òg i måten ein styrer på: Ein legg vekt på både likestilling og det egalitære, sa Benner.
— Eg har lite tru på at ein både kan bruka heile landet og vera best.
I føredraget sitt drog han fram nokre anekdotar: Om den norske forskaren som ville at ein skulle vera eit hyggeleg universitet, ikkje kjempa for å verta best. Og om beskjeden om å forska «lagom» — i praksis forska mindre, då ein gjekk mot slutten av året og det ikkje var så mykje ressursar att.
Benner meiner at det er nettopp å forska «lagom», som òg kan omsetjast til «akkurat passe», mange driv med i norsk akademia.
— Ein jobbar seg nødvendigvis ikkje i hel i norsk universitets- og høgskulesektor, sa Benner, og la til:
— Det er forholdsvis lett å gjera vitskapeleg karriere her. Eg meiner det er rom for større ambisjonar.
Manglar private pengar
I 2014 var forskingssystemet, med Forskingsrådet i sentrum, noko av det dei to svenske professorane kritiserte.
«Forskningsrådet burde operere med færre og tydeligere støtteordninger og ha en tydeligere arbeidsfordeling med universitetene», skreiv dei.
Ti år har altså gått, og til våren kjem regjeringa si stortingsmelding om forskingssystemet. Men Benner har framleis synspunkt på den norske modellen. Å ha eitt forskingsråd gjer at ein får éi forståing av verda, sa han.
— Forskingsrådet er ein tenar, i beste fall ein bank som forstår kva kundar ein har, sa han.
I Noreg har ein nokre private givarar, som Trond Mohn Stiftelse. Men det kjem inn lite pengar samanlikna med det som kjem frå dei store svenske, private fonda, som Wallenberg-familien. I 2023 løyvde Knut och Alice Wallenbergs Stiftelse åleine 2,7 milliardar svenske kroner, med dagens valutakurs nær 2,8 milliardar norske kroner, til forsking, og særleg grunnforsking.
— I Sverige har ein meir forsking i næringslivet, i Noreg er det ei meir todeling mellom næringsliv og akademia, sa Benner og viste at Noreg brukar òg mindre pengar på STEM-faga, altså matematikk, naturvitskapelege fag og teknologi, enn nabolanda.
I eit nyleg intervju med Forskerforum sa han at ein av skilnadane mellom Noreg og Sverige er at ein i Sverige har store verksemder som Ericsson og Volvo.
— Sverige satsar mykje meir totalt enn kva Noreg gjer, men den delen av forskingsfinansieringa som politikarane styrer, er omtrent den same.
— Kan ikkje venta på ein Hernes
I 1986 skreiv professor Gudmund Hernes, før han vart statsråd, ein kronikk i Aftenposten der han kritiserte nettopp kvaliteten i norsk forsking. Er det lov å ha ambisjonar i dette landet, var spørsmålet han stilte, eit spørsmål Espen Solberg, forskingsleiar i Nifu, trekte fram i eit lesarinnlegg i Khrono i sommar.
Også Mats Benner viste til Hernes, og sa at Noreg ikkje kan venta på at det kjem ein som han kvart hundreår.
— Det trengst ein langsiktig kontrakt: Kva vil ein med forsking i det norske samfunnet?
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut