Debatt ● Sigmund Sunnanå
Skisse til ny grunnskulelærarutdanning
Den obligatoriske femårige masterutdanninga bør erstattast av ei obligatorisk utdanning på fire år med påbygging til master, foreslår Sigmund Sunnanå, som her legg fram ei skisse til ny lærarutdanning.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Vi har mange gode lærarutdanningsinstitusjonar med godt kvalifisert vitskapleg personale. Innanfor dei rammene som departementet har fastsett, kan lærarstudentar få ei god utdanning som kvalifiserer for arbeid på ulike steg i grunnskulen. Mange lærarstudentar synest at dei får ei god utdanning som førebur dei for lærararbeidet.
Endå om studentane har fått oppleva inspirerande førelesarar og fått vore med på interessante og spennande prosjekt både i fag og i pedagogisk teori og praksis, er det relativt mange som meiner at dei nasjonale planane for grunnskulelærarutdanninga bør endrast.
I dei siste åra har talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanninga gått ned. I år har mange lærarutdanningsinstitusjonar vanskar med å fylla studieplassane. Det er mange årsaker til dette. Ei årsak kan vera at utdanninga har fått dårleg omdømme, og at ho har eit innhald og organisering som er lite tiltrekkjande. I Utdanning Nr. 5, 2023 kan vi lesa at Studiebarometeret viser at aldri før har så mange lærarstudentar vore misnøgde med utdanninga si. Sidan 2016 har lærarutdanninga vore blant dei lågast rangerte utdanningane når det gjeld studentane si vurdering av eiga utdanning. Det er utruleg at ansvarlege styresmakter ikkje har registrert dette og gjort noko for å endra utdanninga i tråd med studentane sine vurderingar.
I eit innlegg i Khrono 11. juni etterlyser leiar for Pedagogstudentane, Lars Strande Syrrist, ei meir profesjonsnær og yrkesretta lærarutdanning med stor vekt på praksis av god kvalitet. Nedanfor er det presentert ei skisse til ny grunnskulelærarutdanning der mellom anna dette er vektlagt.
Den obligatoriske femårige masterutdanninga bør
erstattast av ei obligatorisk utdanning på fire år med påbygging til master som
frivillig tilbod til studentar og vidareutdanning for lærarar.
Innanfor nasjonale målsetjingar, rammer og kvalitetskrav bør departementet leggja til rette for større fridom for lærarutdanningsinstitusjonane til å prøva ut eit anna innhald og andre måtar å organisera lærarutdanninga på enn det som er fastsett i dei nasjonale planane.
Sigmund Sunnanå
Det første studieåret kan innehalda ein gjennomgang av lover og regelverk for grunnskulen og gjeldande læreplanar. Pedagogisk teori og praksis må vektleggjast, og studentane må læra om arbeidsmåtar og oppgåver for lærarar i dagens skule. Pedagogisk filosofi og den historiske utviklinga av skulen i landet vårt må vera med. Studentane skal dessutan kunne velja minst ei eining på 15 poeng i eit praktiske eller estetiske fag, kunst og handverk, musikk, kroppsøving eller drama.
Heile det andre studieåret bør studentane vera praktikantar ved ein skule/skular i ein kommune, til dømes i heimkommunen. Saman med erfarne lærarar skal dei få oppleva starten og slutten på eit skuleår. Dei skal få vera med på planleggingsdagar, møte med foreldre, hjelpetenester m.m. Saman med kvalifiserte lærarar skal dei få følgja undervisning og arbeidet til ein lærar/lærarar på ulike klassetrinn. Dei skal sjølve praktisera som lærarar og få rettleiing av kvalifiserte lærarar som arbeider på barnesteget og på ungdomssteget. Det bør dessutan arrangerast møte mellom studentane og personalet på lærarutdanningsinstitusjonane der ulike tema blir tekne opp og faglege og pedagogiske problemstillingar blir drøfta. For kommunar som får lærarstudentar, vil denne ordninga kunne utgjera ein ressurs for skulen/skulane i kommunen.
Det tredje og fjerde studieåret bør nyttast til fagstudium av ulike omfang og på ulike nivå. Studentane skal kunne velja einingar på 15, 30 eller 60 poeng. Dei kan såleis innretta utdanninga si mot lærararbeid anten på barnesteget eller ungdomssteget. Metodikk og praksis i faga dei vel, inngår i studiet. Ei studieeining i norsk og i eit praktisk eller estetisk fag bør vera obligatorisk. Der det høver, kan ein organisera tverrfaglege opplegg, gjerne i samarbeid med pedagogisk teori og praksis. Studentane må velja fagstudium slik at dei kjem ut med frå tre til seks fagstudium for å få godkjent lærarutdanninga.
Den enkelte grunnskule må rekruttera lærarar med fagleg og pedagogisk bakgrunn som dekkjer best mogeleg fagkrinsen og arbeidsoppgåvene i grunnskulen, og skulen bestemmer sjølv kva for undervisningsoppgåver og andre oppgåver den enkelte lærar skal ha.
Til slutt: Det har blitt drive mykje forsking i lærarutdanninga, men lite praktiske forsøk med å endra innhald og organisering. Forsøka på 1960- og 1970-talet skapte stort engasjement og aktivitet ved lærarhøgskolane for å gjera lærarutdanninga aktuell og betre tilpassa utviklinga i grunnskulen. Innanfor nasjonale målsetjingar, rammer og kvalitetskrav bør departementet leggja til rette for større fridom for lærarutdanningsinstitusjonane til å prøva ut eit anna innhald og andre måtar å organisera lærarutdanninga på enn det som er fastsett i dei nasjonale planane. Vi kan då få opplegg som mellom anna imøtekjem behov og interesser i ulike landsdelar.
I den samanhengen kan kanskje skissa ovanfor tena som grunnlag for forsøksopplegg, til dømes ved mindre lærarutdanningsinstitusjonar i distrikta?