usa

Professorar ved Harvard går til sak mot Trump 

Donald Trumps truslar mot universitetet møter motstand. Ulovleg og i strid med akademisk fridom og ytringsfridom, ifølgje søksmål. 

Donald Trump har trua med å fjerne finansiering tilvarande nesten 100 millliardar norske kroner frå Harvard.

Den amerikanske samanslutninga av universitetsprofessorar mobiliserer mot Donald Trumps åtak på Harvard-universitetet. Lokale medlemmer av the American Association of University Professors, går no saman om eit søksmål mot Trumps regjering.

Søksmålet er i første omgang eit forsøk på å stanse Trumps planar om å kutte finansieringa til universitetet, ifølgje The New York Times.

Søksmåletsom er levert til tingretten i Massachusetts, beskriv Trump-regjeringa sine handlingar som «misbruk av føderale midlar» med «føremål å undergrave akademisk fridom og ytringsfridom».

Nei til Trump

Tidlegare denne månaden fekk Harvard brev frå styresmaktene om at dei kom til å miste om lag ni milliardar dollar, tilsvarande nær 100 milliardar norske kroner, dersom dei ikkje aksepterte ei liste med krav. 

Krava likna dei som først vart lagde fram for Columbia University og seinare fleire andre eliteuniversitet i USA. 

Harvard-professor Andrew Manuel Crespo er ein av dei som står bak søksmålet mot Donald Trump.

I korte trekk går krava ut på at universiteta, for å behalde finansieringa, må stanse alle tiltak for mangfald og inkludering, slå ned på pro-palestinske ytringar og demonstrasjonar og endre pensum og studieprogram i tråd med Trump-regjeringas ideologiske preferansar.

Harvard går motsett veg av Columbia, som gav etter og prøvde å tilpasse seg krava. Columbia har inntil vidare fått behalde milliardane Trump trua med å fjerne.

Sist laurdag demonstrerte om lag 300 studentar og tilsette ved Harvard mot Trump, kutt i finansiering og til støtte for internasjonale studentar som står i fare for å bli deporterte. Så langt har 500 studentvisum blitt trekte tilbake, ifølgje CNN.

«Frykt og sjølvsensur»

Harvard, er til liks med fleire andre universitet, blitt skulda av Trump for ikkje å ha tatt grep mot antisemittisme og på grunn av dette blitt sett under gransking. 

Dette har ifølgje søksmålet frå Harvard-professorane allereie gjort alvorleg skade og lagt band på den frie forskinga, også på felt som ikkje kan setjast i samanheng med skuldingane om antisemittisme. 

Truslane mot Harvard har skapt «eit klima prega av frykt og sjølvsensur», heiter det  i søksmålet.

Jusprofessor ved Harvard og rådgivar for saksøkarane, Andrew Manuel Crespo, meiner politikken er meint å skremme tilsette frå å ytre seg på måtar som ikkje samsvarer med Trumps syn.

— Dei tilsette på Harvard har ein konstitusjonell rett til å ytre seg, undervise og forske utan frykt for at staten skal straffe dei ved å kutte i tilskota, seier Crespo til New York Times.

Powered by Labrador CMS