Debatt ● arnt ove hopland og aksel mjøs
I gammal tid var fellesspråket latin, nett no er det engelsk
— Akademikarar opplyser og debatterar dagen lang, også svært mange av våre dyktige kollegaer frå andre land.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Roar Ulvestad brukar vår kronikk i Aftenposten som utgongspunkt for å stille ein del spørsmål knytta til engelsk språk i forsking. Her kjem svar, fleire av spørsmåla er lett omformulerte for å gjerast meir konsise.
Før vi svarar på spørsmåla må vi få kome med ei lita klårgjering. Omgrepet «anglofisering» som nyttast flittig av både Ulvestad og andre er eit meiningslaust ord som ikkje høyrer heime i denne debatten. Vi skriv ikkje forskinga vår på engelsk fordi vi drøymer om å verte korkje amerikanarar eller britar, vi gjer det fordi dette er det språket vi har til felles med våre tyske, franske og kinesiske kollegaer. I gammal tid var fellesspråket latin, nett no er det engelsk. Så kan ein drøyme om ei anna tid, der nynorsken er like utbreidd som engelsk og det blir like fint å jobbe som å danse.
Spørsmål 1: blir ikkje forskinga betre av at forskaren skriv på morsmål?
Nei, den blir ikkje det. Forskinga vert betre av at ein tek den med seg ut i verda og diskuterar den med dyktige kollegaer. Då må den skrivast på eit språk som ikkje berre vi nordmenn forstår. Det er opplagt lettare å skrive på morsmål enn på andre språk, men ein vert ikkje mykje til forskar om ein berre vil gjere ting som er enkle.
Spørsmål 2: kanskje ufrivilleg språkhumor av det knusktørre slaget er vår sterkaste akademiske eksportvare?
Dette er ei ganske grov undervurdering av norske forskarar. Så er det viktig å hugse på at vi ikkje skriv skjønnlitteratur, slik at engelsken treng ikkje vere vakker og avansert – det held at den er forståeleg og presis for kollegaer som kjenner fagfeltet. Så er det å skrive ei treningssak, jo meir vi gjer av det jo betre vert vi.
Om noko er dette eit argument for å bruke endå meir av tida på å skrive engelsk. Så er det gode sikkerheitsmekanismar i den vitskaplege prosessen. Om ein norsk ekspert på trafikkulukker kjem i skade for å konkludere at «it’s not the fart that kills you, it’s the smell», vil dette ganske fort verte ordna opp på første konferanse han reiser på når opponenten spør kva i alle dagar han eigentleg meiner. Dessutan finnast det etter kvart svært gode «språkvasktenester», som mange forskarar brukar rutinemessig som ein del av publiseringsprosessen.
Spørsmål 3: Mjøs og Hopland skriv at publisering (vi skriv at kravet bør vere å freiste å publisere, det er vanskeleg å lukkast i løpet av doktorandperioda, vår anm.) i internasjonale tidsskrift bør vere eit minstekrav for doktorgrad innanfor «dei aller fleste fagfelt». Meiner dei då dei fleste fagfelt på NHH?
Nei. Realfaga er og har vore veldig internasjonalt orienterte, eit atom er eit atom, uansett nasjon. Dessutan er dette med at så mykje av samfunnsforskinga ikkje er relevant internasjonalt ei altfor vanleg misforståing.
Hopland har brukt store delar av si karriere til å forske på norske kommunar, spesifikt korleis kommunane forvaltar bygga sine og korleis Robek-registeret påverkar økonomi og politikk i kommunane. Dette er ganske lokale ting, men det er ikkje særnorsk at land delar myndigheitene inn i ulike nivå, derfor er forskinga òg relevant internasjonalt – om den er god nok. Forskinga vert dessutan betre av at den vert presentert for flinke kommuneforskarar frå andre land, som bidreg med både metodekunnskap og eit alternativt blikk på norske institusjonar.
I gammal tid var fellesspråket latin, nett no er det engelsk, så kan ein drøyme om ei anna tid, der nynorsken er like utbreidd som engelsk og det blir like fint å jobbe som å danse.
Hopland og Mjøs, NHH
Tilsvarande ting kan ein seie om alle felt innan samfunnsvitskaplege fag. Så er det nok fag der det er rimeleg at mykje føregår på norsk, kan hende særleg innan humaniora. Om ein t.d. har via livet til å studere og analysere tekstane til Olav H. Hauge er det ikkje unaturleg at ein stor del av det ein skriv er på norsk.
Men, Hauge var jo sjølv ein svært internasjonalt orientert lyrikar, som mellom anna let seg inspirere av kinesisk skrivekunst. Derfor vil det fort kunne vere interessant å delta i ein internasjonal litteratur for å fullt ut forstå språkbruk, metaforar og oppbygging av verseliner. Og då er vegen kort til engelsk òg for desse fagfelta.
Spørsmål 4: har internasjonalisering negative konsekvensar for akademia sin folkeopplysningspraksis?
Les Aftenposten, Klassekampen, Morgenbladet eller Dagens Næringsliv ein heilt vilkårleg dag. Akademikarar opplyser og debatterar dagen lang, også svært mange av våre dyktige kollegaer frå andre land. Dette er ei oppkunstruert problemstilling. Men for at vi skal kunne vere folkeopplysarar må vi ha noko å opplyse om, og det får vi gjennom å delta i det internasjonale forskingssamkvemmet.
Spørsmål 5: vil internasjonalisering styre kva det vert forska på?
Jau, det vil det, nokre tema er ikkje lenger av særleg interesse forskingsmessig sidan det allereie er avklart i forskingslitteraturen og vi har gått vidare. Men det tyder ikkje at lokalt næringsliv og myndigheiter ikkje kan få oppdaterte analyser på slike tema.
Veldig mange forskarar bruker mykje av tida si på nettopp slik oppdragsforsking. Vi har sjølve skrive fleire slike rapportar og site i ulike utval oppnemnd av myndigheitene. Og då får oppdragsgjevar levert forskingsbasert innsikt på det språket dei vil ha.
Spørsmål 6: gjer internasjonalisering forskinga meir ufri?
Nei. Men noko som vil gjere forskinga meir ufri er dersom språkpolitiske aktivistar skal leggje føringar på korleis vi gjer jobben vår.
Les også:
Les flere debattinnlegg på Khronos debattside
Nyeste artikler
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor
Har du planer om å mase på ungdommens utdanningsplaner i jula?
Khrono søker nyhetsjournalist
Regjeringen tvinger fram nye studiesteder. Nå står Kongsvinger for tur
En stortingsmelding bygd på ønsketenkning?
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
To studenter er Årets navn i akademia