Sommar i Khrono
Etterlyser fleire tiltak for å sikra rekruttering til lærarutdanningane
Dekan Silje Ims Lied merkar godt at det strammar seg til økonomisk. Ho fryktar ei nedbygging av lærarutdanningsmiljøet ved Høgskulen i Volda.
— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb?
— Ja, som dekan merkar eg godt at det strammar seg til økonomisk. Både internt og eksternt er det mykje fokus på at vi vil få langt mindre å rutte med dei komande åra. Langtidsbudsjettet er heller ikkje lystig lesing, og tøffare økonomiske tider fører raskt til diskusjonar om innstramming av FoU-tid, «slanking» av studieporteføljen, tilsetjingsstopp og innstramming i høve reiser og liknande.
— Førebels er desse drøftingane mest på leiarnivået, men det vil også bli tematisert i aukande grad i avdelinga framover. På grunn av innføringa av ny finansieringsmodell for sektoren, som trer i kraft i 2025, har styret ved Høgskulen i Volda (HVO) vedteke at det skal lagast ein ny budsjettmodell. Dette arbeidet er godt i gang og er no på høyring i organisasjonen. Som dekan for lærarutdanningane, med dårlege søkjartal dei siste åra, gjer det meg ekstra bekymra. Eg fryktar ei nedbyggjing av lærarutdanningsmiljøet og konsekvensane av dette for HVO og i regionen.
— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet?
— Det vil vere problematisk for avdelinga om eg tek sluttpakke no i og med at eg er dekan og har fagleg og administrativt arbeid for alle dei tilsette på avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Som dekan vil eg nok ikkje få dette tilbodet med det fyrste, så her må svaret vere nei. Hadde eg framleis vore i fagstillinga mi i pedagogikk ville eg truleg heller ikkje fått dette tilbodet, sidan det er stor mangel på pedagogar og spesialpedagogar med fyrstestilling i akademia.
— Skulle eg likevel fått tilbodet, hadde eg vurdert å takke ja. Det er stort behov for kompetansen min også i barnehage, skule og laget rundt barn og unge. Truleg hadde eg gått tilbake til stillinga som klinisk pedagog i psykisk helsevern for barn og unge (BUP). Det var ein svært meiningsfull jobb, og eg opplevde eg kunne utgjere ein forskjell for menneske i ein sårbar situasjon.
— Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?
— Eg har mange gode råd til Hoel, og eitt av dei er at han bør lytte til sektoren og gjere naudsynte tiltak for å sikre rekruttering til lærarutdanningane. I dette ligg også å gjere tiltak som ikkje svekkjer ei forskingsbasering av profesjonsutdanningane. Eit godt og velmeint råd er at han og regjeringa ikkje bør framstille forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap som motsetningar, som mange av oss opplever at dei gjer i profesjonsmeldinga. Forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap går hand i hand, og vi er avhengige av eit godt samspel for å utvikle både utdanningane og profesjonane på ein god måte.
— Eg er ikkje einig i at profesjonsutdanningane har blitt for akademiske. Dagens profesjonsutdanningar er profesjonsretta, og det er eit stort fokus på god kopling til praksisfeltet. Forskinga i profesjonsutdanningane er praksisnær og relevant, og den profesjonsnære forskinga veks blant anna takka vere tydeleg satsing på profesjonsorienterte ph.d.-program ved utdanningsinstitusjonane.
— Mine råd er at ministeren legg til rette for vidare satsing på tiltak som styrkjer profesjonsnærleik i utdanningane, som til dømes partnarskap, samarbeidsarena for etter- og vidareutdanning, og samarbeid om praksis. Hoel og regjeringa bør også sjå nærare på finansieringa av praksis i profesjonsutdanningane.
— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit?
— Slik eg vurderer det er det ein klar samanheng mellom økonomi og den psykiske helsa til studentane. Dagens studiestøtte skaper ein vanskeleg økonomisk situasjon for mange studentar, og det er vanskeleg å vere heiltidsstudent. Eg håpar difor det skjer noko på dette feltet snart, og eg er glad for at HVO kan reklamere med at det er billig å leige hybel i Volda, billigast i landet faktisk.
— Eg er også positiv til at utdanningsinstitusjonane har søkelys på studentane si psykiske helse, og legg til rette for trivsel og velferd på og utafor campus. På HVO har vi ei eiga velferdsgruppe som er sett saman av representantar for ulike tilbod som skal vere med på å gjere tida som student enklare, betre og tryggare. Velferdsgruppa tilbyr mellom anna mat & prat, gratis kveldsmat i eksamenstida, samtalar om alt frå kjærleikssorg til studieteknikk, hukommelseskurs, stress-ned-yoga og «kildesortering» på biblioteket. Velferdsgruppa er synleg på campus og har tiltak i høve til både studenthelse og studentrådgjeving. Eg tenkjer at studietida handlar om heile studielivet, ikkje berre studia og vurderer difor dette som svært positivt.
— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering - og saka kjem opp i september. Blir plagiering/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia?
— Eg er nok av dei som meiner at omgrepet sjølvplagiering er noko misvisande. Det gir assosiasjonar til plagiering, det å stele andre sitt arbeid, medan dette er gjenbruk av eigen tekst. Eg meiner at det viktigaste er å lære studentane å argumentere og skrive godt, og då kan omskriving av tekst ofte vere svært lærerikt. Bjørn Myskja har stilt spørsmålet om kva som er skilnaden på ein forskar som skriv om ein artikkel og sender den til ny fagfellevurdering, og ein student som gjenbruker delar av ein eksamen ein strauk på. Eg har lurt på det same.
— Eg meiner det er viktig å legge til rette slik at alle studentar får innføring frå tilsette i biblioteket om kva tenester dei tilbyr ved studiestart. Det inkluderer tilgang til ressursar som handlar om kjeldebruk, kjeldetilvising og søking i litteraturbasar.
— I samband med skriftlege arbeidskrav, eksamenar med meir bør studentane få informasjon om oppgåveskriving og kjeldebruk og tilvisingar og kva som er fusk, inkludert plagiering og ‘ulovleg’ samarbeid. Spørsmålet om plagiat bør bli teke opp både i opplæring i oppgåveskriving og i rettleiing. Fagmiljøa bør leggje stor vekt på at studentane nyttar referansesystem på ein gjennomført måte i tekstar dei skriv.
— ChatGPT og kunstig intelligens (KI) er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?
— Kunstig intelligens kan bidra til både å forenkle, forløyse, forbetre og vise veg til gode studie-, arbeids- og omgangsformer. Men fagleg vurdering og kritisk dømekraft må aldri vike. Det må difor øvast og utviklast innanfor nye digitale rammer og vilkår. Sjølv er eg framleis usikker på korleis vi skal kunne greie å skilje mellom originalt arbeid og innhald produsert av KI.
— Eg opplever at studentane er usikre på presisjonsnivået og pålitelegheita til det chatbotar serverer, og dei ber om tydelege retningsliner for kva som er «lovleg» bruk av chatbotar. Mange av dei same trekka som studentane løfter fram, den same uroa, finn vi i samtalar med våre tilsette. Vi må gripe fatt i dette og samarbeide i eit større fellesskap på universitet og høgskular.
— Ifølgje Yttri, Øye, Naustdal og Resaland må klok bruk av ny teknologi i utdanning og forsking ha grunnlag i etablerte akademiske verdiar. Det å balansera KI-assistanse med kritisk sans, vitskaplege metodar, kreativitet, fagfellevurderingar, og gjennomskinlege forskingsprosessar, er avgjerande. Eg er eining med dei i dette, og også når dei viser til at det akademiske handverket kan styrkjast i møte med ny teknologi, og at det vil krevje ein fornya og systematisk satsing på integritet for å oppretthalda tillit til forsking og utdanning.
5 kjappe
1. Vald eller tilsett rektor?
– Vald.
2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?
– Munnleg.
3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard?
– Paris.
4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?
– Studentar som protesterer.
5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse?
– Eg ønskjer å ha med meg ministeren for høgare utdanning, Oddmund Hoel, kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun, Asle Holthe (leiar UHR-LU) og Gunhild Tomter Alstad (nestleiar i UHR-LU) og Kaspara Halkjelsvik (leiar av pedagogstudentane). Då kunne vi drøfte samanhengen mellom manglande rekruttering til lærarutdanningane og lønns- og arbeidsvilkår i barnehage og skule.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut