Debatt ● Tor-Johan Ekeland
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Formelle feil trumfar alle andre feil. Utviklinga med at jussen trenger seg inn overalt har ikkje gjort livet enklare for folk, særleg ikkje når det er konfliktar, skriv Tor-Johan Ekeland om konflikten i Volda.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Den oppsagde direktøren ved Høgskulen i Volda (HVO) er ikkje oppsagd likevel. I ein e-post til alle tilsette måndag 18. november, med ein triumferande undertekst, legg ho ved heile brevet frå Kunnskapsdepartementet som «ugyldiggjør» oppseiinga frå styret ved HVO — eit brev ho rosar som «ei god innføring i grunnleggande krav til forsvarleg sakshandsaming».
Ann-Karin Emblem skal ha takk for å ha gjort kjent departementet sitt skriv. Det er på 15 sider og inneheld juss opp og ned i mente. For ein ikkje-jurist som lenge har trudd at jussen kom til verda for å tene fornufta, melder tvilen seg. Om ikkje anna er skriftstykket eit godt stykke empiri på det som den tyske sosiologen Niklas Luhmann hevdar, at jussen ikkje kommuniserer med omverda — den kommuniserer berre med seg sjølv.
Departementet har kome til at Emblem har fått for lite tid og høve til å forsvare seg, og at skuldingane mot henne ikkje er konkrete nok. Dette er sakshandsamingsfeil. Dermed er oppseiinga oppheva og alt anna er uinteressant. Emblem er sjølv jurist, ho har klaga til sine eigne, og dei tok vel imot ho.
Ei oppseiing kan gjerast ugyldig, men departementet kan ikkje oppheve mistillit.
Det står framleis til vitande at styret etter fleire møte samrøystes har gjort klart at dei ikkje har tillit til direktøren, at alle fagforeiningane ikkje vil samarbeide med ho, og at eit stort fleirtal av dei tilsette sluttar seg til styret si handsaming.
Desse livsens realitetar synest å vere uvedkomande for departementet. Formelle feil trumfar alle andre feil. Utviklinga med at jussen trenger seg inn overalt har ikkje gjort livet enklare for folk, særleg ikkje når det er konfliktar. Redsla for formelle feil og ikkje å ha ryggen fri, fører mange stadar til ei rekkje menneskelege feil med eskalering som konsekvens.
Her er mange paradoks. UH-sektoren har sidan ny lov av 2003 vore utsett for eit jamt press om å simulere styringsordningar frå bedrifter i privat sektor. Men dersom ein direktør eller dagleg leiar i ei privat bedrift fekk mistillit frå eit samla styre mot seg, måtte vedkomande straks finne seg anna å gjere — og det fort sidan ein slik situasjon ville vere skadeleg å leve med.
Redsla for formelle feil og ikkje å ha ryggen fri, fører mange stadar til ei rekkje menneskelege feil med eskalering som konsekvens.
Tor-Johan Ekeland
I tilfellet HVO, der departementet i denne bedriftsleggjorte sjargongen er «eigar», har eigar i staden nytta vel eit halvt år på å finne ut at her er det saksbehandlingsfeil. Sidan Emblem har trua med rettssak har nok den juridiske logikken i ein slik tenkt kontekst, gjort det viktigare for eigar «å ha ryggen fri», enn å forvalte eit aktivt eigarskap med omsorg for ein heil institusjon i krise.
Om ein ikkje kjende jussen, ville ein basert på fornufta åleine ha tenkt seg at nettopp i ein slik situasjon der den som skal forvalte formalitetane, nemleg direktøren, er motpart, ville eigar bidratt med å rettleie institusjonen gjennom formalitetane. I staden står dei 15 sidene fram som eit defensorat for direktøren.
Kva fylgjer dette bør få, seier eigar ingenting om, anna enn at det undervegs (i fylgje oppslag i Khrono) har vore rasla med å gripe inn i styringsordninga ved HVO. Det vil bli oppfatta som eit angrep på det akademiske demokratiet. Like eins om dei kastar heile styret, sidan halvparten er valde representantar. Korleis styret sjølv vil handtere situasjonen står att å sjå.
Tilliten til direktøren har neppe blitt større den siste tida. I hennar e-post til alle tilsette held ho fram «Fakta — Refleksjon — Kritisk tenking» som viktig, og seier: «For meg er synsingar og beslutningar basert på følelsar lite eigna til å ivareta det samfunnsoppdraget og ansvaret som ligg i dette.»
Det er lite kritisk sjølvrefleksjon i dette. Det er nok mest meint som ein peikefinger mot styret ved HVO og dei vel 170 som har signert opprop til støtte for styret.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut