Debatt ● Oddgeir Osland
Akademisk boikott som dilemma
Spørsmålet om akademisk boikott er eit skarpt dilemma for dei av oss som har sterke synspunkt til støtte for palestinarane og samstundes er prinsipielt mot akademisk boikott fordi det bryt med grunnverdiar vi står for. Her finst det ingen enkle utvegar.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Medan bomberegn og droneangrep sakte, men sikkert, legg Gaza i ruinar og kvestar og drep barn og andre sivile i tusental, veks kravet om sanksjonar mot Israel. Ved universiteta våre blir det stilt krav om akademisk boikott av israelske universitet og høgskular.
Denne saka splittar oss. Korleis vi stiller oss er avhengig av korleis vi ser på krigen på Gaza, og på den andre sida, akademisk boikott som verkemiddel. For nokre er boikott-spørsmålet enkelt, for andre skapar det skarpe dilemma.
Det er enkelt for dei som stør — eller ikkje vil kritisere — den Israelske regjeringa sitt syn: Krigen er eit svar på Hamas sitt terrorangrep 7. oktober, eit eksistensielt forsvar for eit Israel som lever i ei fiendtleg omverd, der Hamas er ein av spydspissane, og der palestinske barn er naudsynte offer i visjonen om å utradere Hamas permanent som trugsmål mot Israel. For desse inneber sanksjonar mot Israel — inklusive akademisk boikott — å springe ærend for Hamas.
Svaret er også enkelt for dei som reagerer med gru på den israelske krigføringa på Gaza, som tenker at no må alle ta i bruk dei verkemidla dei kan for å stoppe krigføringa, og som ser akademisk boikott som eit verkemiddel på lik line med boikott av israelske varer eller utestenging av Israel frå Melodi Grand Prix. Med ei slik pragmatisk haldning til akademisk boikott, vert spørsmålet primært om det tener den moralske og politiske mobiliseringa mot Israel, eventuelt med eit sideblikk på om boikott er effektivt eller ikkje.
Men for dei av oss som er skeptiske til eller i utgangspunktet prinsipielt mot bruk av akademisk boikott av universitet og høgskular, står saka annleis. Kva består så denne skepsisen i?
For nokre er boikott-spørsmålet enkelt, for andre skapar det skarpe dilemma.
Oddgeir Osland
Ei grunngjeving er konsekvensialistisk. Det er mange statar som har følgjande kjenneteikn: i) systematisk diskriminering og undertrykking av deler av befolkninga innafor eller utanfor eigne grenser, ii) grove krigsbrot, og iii) einsretting og kontroll av universiteta og bruk av dei i krigsproduksjon og undertrykking.
Det akademiske samarbeidet vi i dag har med kollegaene våre i slike statar skjer ikkje trass i, men ofte på grunn av at dei må virke innafor slike regime. Om samarbeidet skjer med enkeltkollegaer eller fagmiljø, i det skjulte, ope eller formalisert, handlar om kva som er mest hensiktsmessig når ein skal balansere det langsiktige arbeidet for ytringsfridom og akademisk fridom med tryggleiksomsyn.
Det konsekvensialistiske motargumentet er altså at om vi opnar for regimekritikk som grunnlag for akademisk boikott, set vi standardar som potensielt medfører argument for boikott mot universitet i svært mange land.
Ei anna grunngjeving er forankra i akademisk fridom og betydninga av akademisk samarbeid. I oppropa for akademisk boikott vert det lagt vekt på at det ikkje handlar om å hindre samarbeid med individuelle forskarar, men institusjonelt samarbeid. Men om universitetsstyra vedtek at fagmiljø ikkje kan ha institusjonalisert samarbeid med fagmiljø på universitet i andre statar, er det vanskeleg å sjå det som noko anna enn innskrenking av den akademisk fridommen.
Når vi diskuterer akademisk fridom, viser vi ofte til Universitets- og høgskulelova. Kanskje kan vi endå klarare sjå kva som står på spel om vi les Max Webers føredrag «Vitenskap som kall», på ny. Førestillinga om universitetet som ein særeigen institusjon, som ikkje let seg politisere utan at noko vesentleg går tapt. Universitetet som frirommet der vi kan analysere dei stridane som utspelar seg rundt oss, og som vi inngår i — der ute. Weber heldt føredraget i 1917, i ein stat prega av krigsmobilisering av alle institusjonar, også innanfrå, som når anti-pasifistiske studentar aggressivt flokka seg kring kateteret til professor Foerster.
I ettertid peiker føredraget framover mot den totale nazifiseringa av universiteta tjue år seinare. Men det viser også bakover og utover: Førestillinga om Akademia slik vi kjenner det heilt attende til Aristoteles, prega av verdiar som har levd gjennom tusenår, medan politiske og religiøse stridar har herja og ulike regime har søkt å bandlegge eller øydelegge det.
Spørsmålet om akademisk boikott er altså eit skarpt dilemma for dei av oss som har sterke synspunkt til støtte for palestinarane og mot Israels krig på Gaza og samstundes er prinsipielt mot akademisk boikott fordi det bryt med grunnverdiar vi står for. Her finst det ingen enkle utvegar.
Nokre av oss vil motsette oss at folkeretten og akademiske grunnverdiar er lodd som skal vegast mot kvarandre på rettferda si vektskål.
Oddgeir Osland
Ein utveg er å renonsere på dei prinsipielle motargumenta. Mange av dei som argumenterer for akademisk boikott av israelske universitet viser til det eksepsjonelle ved situasjonen: Israelske universitet vi har avtalar med stør aktivt ein krig der all høgare utdanning i Gaza er i ferd med å bli utsletta. Folkerettsdomstolen i Haag (ICJ) har opna sak om og kravd ei rekke hastetiltak for å hindre eit folkemord. Vi bør ikkje ha akademisk samarbeid med institusjonar som bidreg til å ta frå andre deira akademiske fridom.
Vurderer ein situasjonen som eksepsjonell, snarare enn prinsipiell, svekkast det konsekvensialistiske motargumentet. Krigens nærleik kan vere eit tilleggsargument. Gaza er ein del av nærområdet vårt — sosialt sett. Mange har hatt langvarig og nært samarbeid med Palestina, og mange har røter derifrå eller frå nærområda. Det er familie, vener og kollegaer som døyr. Mange opplever at USA og andre vestlege land står som garantistar for brot på folkeretten og ei dehumanisering av ofra. Kvar er norske styresmakter, kvar er universiteta våre, er appellen deira.
Nærleik som solidaritetskjelde kan nok vere moralfilosofisk kontroversiell — humanismen burde då vere universell — men er emosjonelt og dermed politisk reell.
Den andre utvegen set grensa for politisk mobilisering mot Israel ved akademisk boikott av universitet og høgare utdanningsinstitusjonar. Då er argumentet som følgjer: Professor X eller dekan Y kan, i eigenskap av medborgarar, agere aktivt for omfattande politiske reaksjonar mot Israel. Og dei må handtere etiske problemstillingar som fagmiljøa står andsynes: Bør vi avgrense den institusjonelle kontakten med deler av det israelske statsapparatet? Er dette tida for å invitere professor Z, som no aktivt stør krigføringa på Gaza?
Universitetspolitikk, storpolitikk og forsvaret for humanistiske verdiar er samanvevde på måtar vi ikkje lett finn utav, i møte med ei akutt pågåande humanitær krise.
Oddgeir Osland
I slike diskusjonar må vi søke prinsipielle avklaringar som står seg i møte med tilsvarande situasjonar overfor andre regime i krig, men også erkjenne at prinsipp sjeldan gjev uttømmande handlingsreglar, vi må utøve skjønn og avvege omsyn som best vi kan.
Men forslaget om akademisk boikott av israelske universitet er meir vidtrekkande. Og her er det, slik eg ser det, mogleg også for dei som er sterkt for omfattande sanksjonar mot Israel, å setje ei prinsipiell grense ved akademisk boikott. Fordi det står andre verdiar på spel, verdiar som ikkje med eit lett retorisk grep kan eller bør vegast mot det som utspelar seg på Gaza. Målt mot den lidinga, veg det meste for lett. Men ikkje alt skal vegast på den måten. Og nokre av oss vil motsette oss at folkeretten og akademiske grunnverdiar er lodd som skal vegast mot kvarandre på rettferda si vektskål.
No er frontane skarpe. Ikkje berre mellom oss, men som skarpe dilemma for kvar einskild. Universitetspolitikk, storpolitikk og forsvaret for humanistiske verdiar er samanvevde på måtar vi ikkje lett finn utav, i møte med ei akutt pågåande humanitær krise. Vi leitar etter måtar å samle kollegiet i vanskelege diskusjonar om avgjerder som står seg i ei tid prega av krig i nærområda våre. ‘
Dette er krevjande, også for universitetsstyra og andre med leiaransvar. Sjølv høyrer eg til blant dei som har vore skeptiske til at eit universitetsstyre har mandat til å votere over akademisk boikott, og treffe vedtak på vegner av heile institusjonen — også dei som av ulike grunnar er mot boikott.
På universitet mitt — OsloMet — kulminerte prosessen med ein fire timar lang diskusjon i universitetsstyret tysdag 13. februar. Fleire styremedlemer kravde i utgangspunktet akademisk boikott.
Kompromisset vart eit vedtak som tok avstand frå Israel si krigføring, løfta fram den langsiktige betydninga av internasjonalt akademisk samarbeid, og avslutning av utvekslingsavtalen vår med Universitetet i Haifa. Ei avgrensa, konkret avgjerd, men med prinsipielle implikasjonar og signal til fagmiljøa våre: Det å mekanisk vidareføre avtalar er eit like aktivt val som det å ta medvitne avgjerder om å avslutte dei.
Ein del rundt oss reagerer på dette vedtaket, nokre av kollegaene våre vil kjenne seg ekskluderte av det. Men vi er i ein situasjon der det å femne alle, og samstundes ta på alvor dei etiske fordringane vi står andsynes, verkar umogleg.
Vern om dei som søker vern. Men også: Vern om den frie meiningsbrytinga på våre universitet, ikkje minst for dei som forsvarer eller ønskjer forståing for Israel sin posisjon.
Oddgeir Osland
Kanskje er vedtaket også eit tilstrekkeleg fundament for at vi no kan samle oss om det eit universitet også skal stå for: Den frie forskinga som har rom for kritisk merksemd mot alle aktørar. Seminara og dei opne diskusjonane som diskuterer fakta, tolkingsrom og ideologiske posisjonar. Samarbeid med og støtte til universitet der infrastrukturen er i ferd med å falle bort. Vern om dei som søker vern. Men også: Vern om den frie meiningsbrytinga på våre universitet, ikkje minst for dei som forsvarer eller ønskjer forståing for Israel sin posisjon. Ansvaret for alle våre tilsette, også dei som er usamde med universitetsstyret, dei som tviler eller er rådville, eller av andre grunnar ikkje vil ta stilling til dilemma andre vil gjere gjeldande overfor dei.
Prinsippa som kan gøyme seg i eit godt kompromiss.