Debatt ● Oddmund Hoel
Vi kan ikkje trø på bremsa for å gå framover, Høgre
«Det er på tide å trekke i bremsen», slår Kari-Anne Jønnes i Høgre fast. Så lenge eg har vore i politisk leiing i Kunnskapsdepartementet, har dette vore gjennomgangsmelodien frå Høgre: brems, brems, brems, stopp, stopp, stopp, reverser, reverser, reverser.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det var ei tid da Høgre marknadsførte seg med slagordet «nye ideer og bedre løsninger». Det konseptet må vere gravlagt, viss vi skal døme ut frå deira politikk innanfor forsking og høgare utdanning. Her ser alle idear ut til å vere tenkte for mange år sidan, og dei fleste forsøk på utvikling skal skytast ned.
Å debattere politikken for forsking og høgare utdanning med Høgre kan av og til kjennast som å debattere med ei papegøye som berre kan gjenta ordet «nei».
Det var ei ørlita utblåsing. No skal eg forsøke å svare sakleg på dette innlegget.
Jønnes er innom ein del, men det ser ut som at det er reglane for kva som skal til for å bli universitet som er den utløysande faktoren. Ho slår fast at «Det er helt avgjørende at det stilles strenge krav for å bli universitet. Vi har fire breddeuniversiteter i Norge. Deres rolle må tydeliggjøres og sikres», men understreke også at «Flercampusinstitusjonene bidrar til å tilgjengeliggjøre utdanning i hele landet. De løser på den måten et viktig samfunnsoppdrag».
Det kan sjå ut som at Jønnes har gløymt kvifor landskap i universitets- og høgskulesektoren ser ut som det gjer i dag.
Dei store endringane i det norske universitets- og høgskulelandskapet kom med Torbjørn Røe Isaksen si strukturreform. Dei store samanslåingane som denne reforma førte til (og pressa fram, må ein kunne seie), gjorde at det tradisjonelle skiljet mellom høgskular og universitet i Noreg forsvann. Nokre høgskular blei ein del av eit tradisjonelt universitet, til dømes fleire av institusjonane som i dag utgjer NTNU. Andre høgskular slo seg saman og blei samla sett rekna som universitet, som dei tidlegare høgskulane som i dag utgjer Universitetet i Søraust-Noreg (USN).
Å snakke om eit skilje mellom «breddeuniversitet» og «flercampusinstitusjoner», slik Jønnes gjer, gir ingen meining. Er ikkje Universitetet i Tromsø — Noregs arktiske universitet både eit breiddeuniversitet og ein flercampusinstitusjon? Eller NTNU? Kor plasserer ho Universitetet i Stavanger, USN eller Nord universitet i denne todelinga? Anerkjenner ho ikkje dei som universitet, når ho ser ut til å meine at det berre er dei fire «breiddeuniversiteta» som er «ekte» universitet?
No har vi den strukturen vi har, og det må vi berre ta innover oss. Å lengte tilbake til ei lysande fortid har lite for seg.
Oddmund Hoel
Jønnes er mange år for seint ute. Dersom Høgre meinte det var veldig viktig å oppretthalde det tydelege skiljet mellom høgskule og «breiddeuniversitet», var strukturreforma ein elendig idé. Men no har vi den strukturen vi har, og det må vi berre ta innover oss. Å lengte tilbake til ei lysande fortid har lite for seg.
Høgre gjorde store endringar i terrenget — no tilpassar vi kartet til dette terrenget. Då er det nærmast absurd å høyre at Høgre stadig beklagar seg over at terrenget skulle sett annleis ut.
«Det er viktig å ikke sette by og land opp mot hverandre, men heller dyrke arbeidsdelingen og mangfoldet», skriv Jønnes. Samstundes er det stadig det Jønnes og Høgre gjer. Alt vi gjer for å sikre høgare utdanning i heile landet, meiner Høgre er angrep på kvaliteten. Grepa vi tar med profesjonsmeldinga og dei nye krava for å bli universitet, er nettopp å sikre mangfald og arbeidsdeling. Men det evnar rett og slett ikkje Høgre å sjå.
Så då tar vi det ein gong til, for dei på bakarste benk:
Vi treng reglar som sikrar at institusjonane kan bruke ressursane sine på å løyse behov i samfunnet, ikkje på å delta i ein unødig byråkratiserande konkurranse for å kunne kalle seg universitet. Dagens krav om fire doktorgradsutdanningar åleine for å vere universitet, hindrar samarbeid og har ført til oppbygging av mange små doktorgradsutdanningar og at for mykje pengar er flytta frå grunnutdanningane til doktorgradsutdanningane.
Universiteta må framleis ha doktorgradsutdanningar som dekker det vesentlege av utdanningstilbodet, men vi opnar for at institusjonane kan samarbeide om doktorgradsutdanningane. Det gjev både utdanningar av betre kvalitet og meir rasjonell pengebruk. Institusjonar med eit breitt fagtilbod må i praksis ha meir enn éi doktorgradsutdanning.
Dagens vitskapelege høgskular, som Noregs handelshøgskole (NHH), kan bli universitet etter ein forenkla prosedyre. Framlegga fekk brei støtte i høyringsrunden og vil gje oss krav som er meir i samsvar med dei som rår internasjonalt. Det vi gjer er å avbyråkratisere, forenkle og realitetsorientere.
Nett det som eg trudde Høgre var for.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut