kunstig intelligens
Språkdirektøren refsar direktoratets karriererettleiar: — Klønete
Åse Wetås fekk hakeslepp då ho såg søknaden som HK-dirs søknadsgenerator skreiv for henne. Den trekkjer mellom anna fram språkdirektørens «lidenskap for samfunnsutvikling» og forsikrar at ho vil bli «en verdifull tilføyelse til deres team».
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (H K-dir) lanserte nyleg ein digital karriererettleiar på nettsida karriereveiledning.no. Når ein klikkar seg inn på sida, blir ein møtt med følgande:
«Få hjelp til å skrive jobbsøknaden på 20 sekund! Her kan du få hjelp til å lage et førsteutkast på 20 sekund ved å legge inn stillingsannonse og CV.»
Søknadsgeneratoren nyttar ChatGPT til å skrive teksten.
— Eg er ikkje overraska over at chatroboten var dårleg i norsk generelt og spesielt dårleg i nynorsk, men eg er veldig overraska over at staten og det offentlege stiller seg bak og anbefaler denne typen verktøy, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, til Khrono.
— På bokmål!
Ho blei nyleg merksam på eit innslag på NRK Buskerud som hadde intervjua elevar som skulle bruka den nye tenesta frå HK-dir for å søka læreplass.
Språkdirektøren blei brått veldig nysgjerrig.
— Dette var interessant, tenkte eg. Det blei jo meldt i reportasjen at dette verktøyet faktisk var betre på å skriva jobbsøknadar enn folk flest, seier Wetås, og held fram:
— Me arbeidar mykje med kunstig intelligens i Språkrådet og er sjølvsagt opptekne av kor mykje språkleg dårleg innhald som blir produsert av dei ulike verktøya. Etter ei stund bestemte eg meg for å prøve HK-dir sin karriererettleiar sjølv.
Wetås forfatta ein enkel utlysingstekst på nynorsk og la ved CV-en sin, også den på nynorsk, slik det står forklart inne i karriererettleiaren.
Etter kort tid kom rettleiaren sitt forslag til korleis søknaden hennar kunne sjå ut.
— På bokmål! seier Wetås.
— Hæ?
— På bokmål, ja! Språket var stivt og floskelprega, med klønete og klisjéprega formuleringar. Eg tenkte kanskje at tekstgrunnlaget eg hadde sendt inn ikkje var tilstrekkeleg, så eg prøvde ein gong til, med ein tilfeldig utlysingstekst på nynorsk frå Kommunal- og distriktsdepartementet som eg fann på finn.no. Men resultatet blei dårleg, og det var framleis på bokmål, fortel språkdirektøren.
«Verdifull tilføyelse»
Språkdirektørens KI-genererte «søknad» startar på denne måten:
«Med min lange erfaring innen forskning og ledelse, samt min lidenskap for samfunnsutvikling, ønsker jeg å uttrykke min sterke interesse for stillingen som seniorrådgiver/rådgiver i seksjon for arealpolitikk og plansaker. Med meg på teamet sikrer vi en medarbeider med en solid faglig bakgrunn og bred erfaring som vil bidra til å oppnå deres mål om det grønne skiftet og en mer bærekraftig arealforvaltning.»
Og avlutninga går slik:
«Jeg ser frem til å få muligheten til å bidra til deres viktige samfunnsoppdrag, og jeg er sikker på at min bakgrunn og erfaring vil være en verdifull tilføyelse til deres team. Jeg ser frem til å diskutere hvordan jeg kan være til nytte for dere.»
I tillegg til at søknaden blei på bokmål, reagerer Åse Wetås mellom anna på vendingane «min lidenskap for samfunnsutvikling» og «en verdifull tilføyelse til deres team».
— Dette høyrest ut som direkteimport frå amerikansk. Eg håper verkeleg ingen ville finna på å skriva noko slikt i ein norskspråkleg søknadstekst, seier ho.
— Dårleg signal
Wetås meiner det er eit dårleg signal å sende til ungdom og unge vaksne som skal søke jobb, at søknadar av denne kvaliteten skal vere gode nok.
— Og dersom det er slik at staten gjennom slike verktøy skal visa ungdom at nynorsk er eit språk som ikkje gjeld i jobbsøknad-samanheng, så er det faktisk kjempealvorleg. Dette er verkeleg ein nynorskknusar i offentleg regi, seier Wetås, og legg til at verktøyet til HK-dir også representerer brot på språklova.
Ho er tydeleg på at alle som brukar KI-genererte verktøy, er nøydde til å ha eit kritisk blikk til det dei held på med.
— Me må vere kritiske til kvaliteten på dei generative språkmodellane som me vel å bruke. I neste omgang må me også sørge for at ungdommane våre er i stand til å kunne formulere seg på ein god måte når dei skal søke jobb.
— Eg har vore arbeidsgjevar i mange år og tilsett mange folk. Hadde eg fått ein søknadstekst som den eg fekk frå HK-dir sin karriererettleiar, ville eg stilt meg veldig spørjande, seier språkdirektør Åse Wetås.
HK-dir: — Me er einige
Avdelingsleiar ved avdeling for karrieretenester i HK-dir, Eirik Øvernes, er samd med Åse Wetås i at det er for dårleg at det aktuelle verktøyet ikkje finst både på nynorsk og bokmål.
— Me er også einige i at språket i bokmålsversjonen kan ha sine svakheiter. Derfor har verktøyet retningsliner som seier at ein må sjekke teksten som vert foreslått, og tilpasse han både når det gjeld språk og innhald. Når det er sagt, er dette eit utviklingsarbeid, der me no testar ut om slike verktøy kan vere til hjelp for arbeidssøkarar, seier Øvernes.
— Er målet å kunne tilby karriererettleiaren også på nynorsk?
— Ja, no er me i ein utviklingsfase, der me kontinuerleg gjer vurderingar kring kva tid tenesta vil vere tilgjengeleg på nynorsk, svarar Øvernes.
— Wetås seier at slik det er no, så er det brot på språklova. Kva tenker du om det?
— Ja, det er for så vidt brot på Språklova at ikkje nynorsk og bokmålsversjonen er på plass samstundes, og det er sjølvsagt ikkje bra. Men så er det også slik at dette er eit utviklingsarbeid, der me no testar første versjon. Me testar no om språkmodellane er gode nok på nynorsk.