forskingssamarbeid
Rapport: Det har blitt meir krevjande å samarbeide med forskarar frå andre land
Ein fersk rapport frå HK-dir avslører at dei geopolitiske spenningane verkar nedkjølande på forskingssamarbeid med andre land. 1. januar 2025 blir det etablert eit nytt direktorat.
Særleg for forskarar som jobbar innanfor sensitive fagområde er jobben blitt vanskelegare. Det kjem fram i ein ny rapport frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Direktoratet har undersøkt korleis forskarar i Noreg opplever at samarbeidet med forskarar frå andre land har utvikla seg dei siste åra.
— Noreg har, som resten av den vestlege verda, vore nøydde til å ta grep for å styrke tryggleiken i forsking og høgare utdanning. I ei stadig meir uroleg verd blir internasjonalt kunnskapssamarbeid vanskelegare, men ikkje mindre viktig av den grunn, uttalar forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding frå regjeringa.
Geopolitisk spenning
Rapporten frå HK-dir har fått namnet Geopolitisk spenning og internasjonalt kunnskapssamarbeid og bygger på intervju med fagleg tilsette som jobbar innan sensitive fagområde, eller samarbeider med forskarar i land Noreg ikkje har tryggingspolitisk samarbeid med.
Fleire av forskarane som er intervjua melder om at samarbeidet med utanlandske forskarar står i fare for å stoppe opp.
— Rapporten stadfestar det vi har vore urolege for, nemleg at forskingssamarbeid har blitt meir krevjande, seier Oddmund Hoel.
Han held fram:
— Samstundes understrekar rapporten at kunnskapsmiljøa tek tryggleiken på stort alvor, men at dei treng hjelp frå myndigheitene med gode rammer, informasjon og regelverk.
Nytt direktorat
Frå 1. januar 2025 har regjeringa oppretta eit nytt direktorat under Utanriksdepartementet, som skal ha eit særleg ansvar for eksportkontroll og sanksjonar.
Oddmund Hoel peikar på at eksportkontroll er eit krevjande felt for mange, og at fleire treng betre rettleiing og raskare handsaming av lisenssøknadar.
Regjeringa har nyleg også bede Forskingsrådet, Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) om å utvikle eit meir systematisk kunnskapsgrunnlag for vurdering av sensitive teknologiar.
Nasjonalt lag
Direktør i HK-dir, Sveinung Skule, er tydeleg på at norske institusjonar bør samarbeide og dele informasjon.
— I ei meir utfordrande verd må vi tenke at vi er eit nasjonalt lag. Vi må også søke samarbeid med partnarar i andre europeiske land, seier Skule.
Til våren skal regjeringa legge fram ei stortingsmelding om forskingssystemet. Der vil Kunnskapsdepartementet mellom anna sjå på korleis skjerpa krav til tryggleik og risikostyring kan balanserast med prinsippet om open forsking, kjem det fram i pressemeldinga frå regjeringa.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut