årets namn i akademia
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Stillinga han ikkje fekk, var den sjansen han hadde satsa alt på. Juryen har plukka ut Eirik Hovden som ein av finalistane til Årets namn i akademia.
«Eirik Hovden har frontet saken med den samme stillferdigheten som sannsynligvis har kostet ham jobben».
Det heitte det i ein av fleire nominasjonar av Eirik Hovden til Årets namn i akademia.
No har juryen plukka han ut som ein av fire finalistar. Kven dei tre andre er, får du vita i løpet av den næraste veka. Vinnaren av Årets namn vert offentleg 17.desember 2024.
Forskaren Eirik Hovden var innstilt som nummer ein av den sakkunnige komiteen til ei stilling ved Universitetet i Bergen (UiB). Men då saka gjekk vidare til fakultetsstyret for tilsetjing, var ikkje Hovden funne kvalifisert og var ikkje innstilt i det heile.
Stillinga gjekk til ein forskar som kjem frå ei stilling i Asia. Han byrjar i jobben etter nyttår.
Saka - og kva som skjedde undervegs - har vekt reaksjonar og skapt debatt, om både tilsetjingsprosessar, kvalifikasjonsprinsippet, hemmeleghald og kamp mellom fagmiljø.
Kvalifikasjonsprinsipp
I juryen si grunngiving for kvifor Hovden er med i finalen til Årets namn, skriv dei mellom anna følgjande:
«Eirik Hovdens sak har dreid seg om hvorvidt akademiske ansettelser er transparente nok — men samtidig illustrerer den også noe større. Saken har ført til en debatt om rettssikkerheten hos søkere til vitenskapelige stillinger, og om hvorvidt kvalifikasjonsprinsippet er svekket som kriterium. Hovden-saken belyser, som det sto i én av flere nominasjoner, «den ekstreme jobbusikkerheten dagens forskere må tåle, og den sjokkerende lettvintheten med hvilken akademiske institusjoner kaster talentene sine på gaten».»
— Kva er det som gjer at ein mottakar av dette talentstipendet frå Trond Mohn stiftelse, som har leia prosjektet, har dei rette kvalifikasjonane og lang forskarerfaring plutseleg ikkje eignar seg til å få jobb på eit universitet, spurde Steinar Vagstad frå Forskerforbundet ved UiB då saka vart kjend.
Siste ord i saka er førebels at Hovden ikkje vart tilsett då fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet handsama saka for andre gong 22. oktober.
Katastrofekjensle
Khrono skreiv om saka første gong tidleg i september. Då hadde Hovden sjølv skrive eit innlegg på Facebook om kva som hadde skjedd.
— Når noko slikt skjer, kjenner ein på skam, skam fordi ein ikkje er god nok. Kva vil folk på utsida tru? Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle. Samstundes får ein ingen beskjed om kva som skjer vidare, seier Hovden om det som skjedde tidleg i haust.
Han fortalde tidleg om kva som hadde skjedd til dei næraste kollegaene sine, og dagen etter reiste han, etter å ha tenkt seg nøye om, til ein workshop i England.
— Eg vurderte å verta heime, men bestemte meg for å reisa og fekk gjera det eg kan og er flink til. Medan eg var i England byrja støtteerklæringane å koma. Det var då eg, etter å ha søkt om råd frå andre, bestemte meg for å skriva eit innlegg på Facebook, seier Hovden.
Det førte til at han fekk endå meir støtte, og etter kvart kom det fleire saker og debattinnlegg om saka i Khrono — mellom anna frå professor Gisle Selnes, som òg vart nominert til Årets namn i akademia.
Samstundes vart det krevjande, for fleire ville dela Hovden sitt Facebook-innlegg.
— Då misser ein kontrollen over si eiga historie. Dette er jo ei tilsetjingssak, og då kan ein ikkje blanda seg — det vil kunne oppfattast som ein krev ei stilling.
Den eine sjansen
Hovden er 45 år og har familie i Bergen. Relevante stillingar knytt til professorkompetansen hans veks ikkje på tre.
— Det kjem ikkje noka ny stilling. Dette var den eine sjansen eg har satsa alt på, seier han.
Stillinga som vart lyst ut, skulle vera delt mellom Institutt for framandspråk (IF) og Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap (AHKR). I debatten som kom etter at Hovden si sak vart kjend, har det mellom anna handla om kven som skal bestemma kven som vert tilsett: Dei sakkunnige? Eller dei som er tilsett som leiarar?
— Kor mykje makt skal ei tilsett leiing ha, spør Hovden.
— I mi sak har dei overkøyrd dei sakkunnige, referansane og fagmiljøa. Og korleis vert det dersom tilsette leiarar skal tilsetja dei dei har lyst til?
Åse Johnsen, tidlegare instituttleiar ved IF, skreiv i eit innlegg i Khrono at det var ho som tilsette Hovden, og som oppmoda han om å søkja om stipend frå Trond Mohn stiftelse. Ho skriv vidare om ei fagleg tautrekking:
«Ved nærmere ettersyn ser jeg imidlertid at historiefaget har fått mer vekt i utlysningsteksten enn arabiskfaget: «Stillinga er delt likt mellom AHKR og IF, og søkjarane må kunne dokumentere kunnskaper i moderne arabisk, og må kunne undervise og rettleie i historie på alle nivå»», skreiv Johnsen.
Kritiserte bruk av mellombelse stillingar
Hovden er i dag for så vidt fast tilsett ved UiB — på delvis eksterne midlar. Dette er ei ordning han sjølv har vore kritisk til. I 2019, då han sat i universitetsstyret som representant for vitskapeleg tilsette i mellombelse stillingar, sa han i eit styremøte at han meinte at UiB dreiv med kreativ bokføring for å få ned talet på tilsette i mellombels stilling.
— Uheldig fordi ein tilset folk fast i mellombelse stillingar som ein veit at til dømes berre skal vara i tre år. Det gir jo ikkje dei tilsette noko meir jobbtryggleik dersom dei vert sagt opp etter tre år likevel, sa han då.
Hovden legg til no at desse faste mellombelse stillingane kan gi viktige fordelar og rettar i nokre få tilfelle.
— Men problemet er framleis at dei skjuler dei reelle, systemiske utfordringane.
I 2020 var Hovden med i ei arbeidsgruppe som oppretta karrieresenteret for yngre forskarar ved UiB, UiB Ferd.
«Dersom vi kunne fått til institusjonaliserte brofinansieringer og buffere innad på universitetet så hadde livet som ung akademiker blitt mye lettere. Man kunne da også letter sikre at universitetene holder på de beste talentene og ikke på de som holder lengst ut. Vi vet at mange må ut. Men mekanismene for å velge ut de man skal satse på må bli langt tydeligere og mer transparente enn i dag. Rett etter doktorgrad er de fleste veldig fornøyde med et kort og relevant oppdrag. Men ti år senere ønsker de færreste å leve med kontrakter på 2—3 år. Det skjønner jeg godt», skreiv han i eit innlegg i Khrono våren 2020.
— Når ein går i mellombelse stillingar lenge, vert ein disiplinert. Ein passar på å ikkje vera for systemkritisk, ikkje for usamd. Dette er veldig farleg i forhold til akademisk ytringsfridom, seier Hovden.
Han viser til det Oda Elisabeth Wiese Tvedt frå Organisasjonen Ferske Forskere skreiv i Khrono i sommar: «En institusjonalisert maktubalanse kombinert med utrygge ansettelsesforhold gjør at det er i individets egeninteresse å holde kjeft, både i faglige og administrative spørsmål. Nøkkelen til neste semesters lønnsslipper ligger tross alt hos dem man eventuelt er uenig med».
— Grunnfjellet
Å verta nominert til Årets namn i akademia er noko Hovden set pris på, seier han.
— Eg kjenner kostnaden ved å stå i mellombels stilling. Forskarar som er tilsett i slike stillingar er grunnfjellet i forskinga. Samstundes er det for mange ein lang fase, seier han.
Sjølv har han forska fire år i utlandet. Elles har han vore i Bergen etter at han leverte mastergrad i 2006.
— Det eg har gjort, har ikkje vore så synleg, og det kan nok framstå som eg ikkje har gjort så mykje. Men mange har funne det viktig, seier Hovden, som mellom anna uroar seg over korleis det vil gå med arabisk-faget, eit lite fag ved UiB, dersom han ikkje får halda fram i ei eller anna stilling.
— Er det mogleg å sjalta ut nokon på ei veke?
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut