tilsetting
Medlem av ekspertkomité sjokkert over dumping av toppkandidat til UiB-stilling
Professor og medlem i sakkunnig komité med sterk kritikk av tilsettingsprosess ved Universitetet i Bergen.
Reaksjonane er mange og sterke på måten tilsettingsprosessen til ei nyoppretta stilling ved Universitetet i Bergen (UiB) har gått føre seg på.
No melder ein av fagekspertane seg på, etter at saka blei omtalt i Khrono.
— Eg stiller meg undrande til at ein skal bruke tid og pengar på ein slik prosess, for at vurderingane og konklusjonen i neste omgang skal bli sett til side på denne måten. Dette er den raraste saksbehandlinga eg har sett i heile i mi karriere, seier professor Jacob Høigilt ved Universitetet i Oslo til Khrono.
Han har no sendt brev til dekanen ved Det humanistiske fakultet ved UiB, Camilla Brautaset, og dei to instituttleiarane, Martin Paulsen og Teemu Ryymin, med klar melding om korleis han oppfattar saka.
— Sjokkert
I brevet, som Khrono har fått tilgang, til, skriv han:
«Hva er hensikten med å bruke tid og penger på en ryddig ansettelsesprosess med en sakkyndig komité når man uten å begrunne det tilsidesetter denne komitéens konklusjoner fullstendig?»
I brevet skriv professoren også at han er «sjokkert over hvor uryddig HF ved UiB framstår i denne saken, og spør meg selv hvorfor det var noen vits i å lese kandidatenes arbeider og skrive en grundig vurdering av dem».
— På bakgrunn av det eg veit, og med atterhald om det eg ikkje veit, har eg ikkje problem med å seie at eg blei sjokkert då eg las om dette i Khrono, seier Høigilt.
I tilsettingar til vitskapelege stillingar på universitetet er det tre medlemmer i ein sakkunnig komite som har ansvaret for å gjere den grundige, faglege vurderinga av søkarane og gi ei anbefaling om kven som på dette grunnlaget bør få jobben.
— Veldig tydeleg
I dette tilfellet var det Eirik Hovden. Han hadde i fire år leia forskargruppa og prosjektet som var utgangspunktet for opprettinga av stillinga. Den sakkunnige komiteen hadde vurdert Eirik Hovden som den best kvalifiserte søkaren og innstilte han som nummer ein av to rangerte. Dernest gjennomførte Hovden prøveforelesing, utan spesielle merknader.
Etter siste ledd, intervjuet, blei Hovden eliminert, og i praksis vurdert som ikkje kvalifisert til stillinga. I staden er kandidaten som vart rangert på andreplass av den sakkunnige komiteen, innstilt til jobben.
— Som sakkunnig komité var vår anbefaling veldig tydeleg med tanke på kven som var på første og andreplass, seier Høigilt.
Medan Hovden vart vurdert som svært godt kvalifisert, var den andre kandidaten på grensa til å vere kvalifisert, sett opp mot utlysingsteksten til stillinga.
Intervjurunden er den einaste delen av tilsettingsprosessen som ikkje er offentleg tilgjengeleg. Det er dermed ikkje mogleg å etterprøve kva slags vurderingar som ligg til grunn for at Hovden vart tatt bort som aktuell kandidat.
Tatt for gitt
Hovden hadde fire år bak seg som leiar for Cancode, ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen som har undersøkt endringsprosessar i islamsk lov. Prosjektet er delvis finansiert med støtte frå Trond Mohn forskningsstiftelse.
Som ledd i avtalen forplikta universitetet seg til å opprette ei førsteamanuensis-stilling i forlenginga av prosjektet, i det aktuelle fagfeltet. I november 2023 vart jobben lyst ut som ei førsteamanuensisstilling, delt mellom to institutt på det Humanistiske fakultet: Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap og Institutt for framandspråk.
Fordi Hovden etter den sakkunnige komiteens si vurdering vart oppfatta å vere vesentleg betre kvalifisert enn den andre kandidaten, og fordi han hadde leia og bygd opp forskargruppa og grunnlaget for stillinga som no er oppretta, vart det i fagmiljøet tatt meir eller mindre for gitt at han kom til å få jobben.
Ifølgje ein av Hovdens kollegaer, professor Anne K. Bang ved UiB, har Hovden «leia prosjektet gjennom fire år på ein utmerka måte».
Ingen kommentar
— Å ta vekk folk på denne måten er ekstremt dramatisk, seier komitémedlem Høigilt.
— Når du er blitt vurdert som best kvalifisert av ein sakkyndig komité, skal det eksepsjonelt mykje til for å bli tatt heilt bort, seier han.
Khrono har kontakta instituttleiarane, Martin Paulsen og Teemu Ryymin, dei to som stod i spissen for intervjuet med Hovden. Ryymin har ikkje svart, Paulsen ønsker ikkje å kommentere kritikken frå Høigilt. Det gjer heller ikkje dekan Camilla Brautaset.
Det er fakultetsstyret som formelt vedtar tilsettinga. Styret skal ha møte 10. september.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut