rektorval
Kastar seg inn i rektorkampen i Bergen. Utfordrar Margareth Hagen
Lise Øvreås stiller som rektorkandidat. Dermed blir det valkamp ved Universitetet i Bergen.
Lise Øvreås stiller som rektorkandidat ved valet som skal haldast i 2025.
Øvreås er professor i geomikrobiologi ved Universitetet i Bergen og direktør for UiBs senter for berekraftig hav, Ocean Sustainability Bergen. Ho har sidan 2022 vore preses i Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA), eit verv ho har ut 2024.
Med seg vil Øvreås ha klimaforskaren Endre Tvinnereim, truleg som prorektor.
Fortid som politikar
Tvinnereim er professor ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB.
Han har også ei fortid som politikar og hadde mellom 2020 og 2022 permisjon frå jobben på universitetet for å vere byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen.
Etter det Khrono forstår lanserer duoen seg mellom anna som eit «grønt alternativ» til til Margareth Hagens team.
Det er førebels ikkje kjent kven andre som eventuelt vil bli del av Øvreås rektorlag.
«Tydelig alternativ»
Det har så langt ikkje lukkast Khrono å få kommentar frå Øvreås. I ein e-post skriv Tvinnereim:
«Det er krevende økonomiske tider og derfor avgjørende at universitet blir godt og riktig ledet de neste fire årene. Vi stiller med et svært sterkt og godt sammensatt lag og vil være et tydelig alternativ. Vi ser frem til å bidra til en bred og god diskusjon om universitetets vei videre og til at kolleger og studenter får et reelt valg 27. mars 2025.»
Fristen for å melde sitt kandidatur til valstyret for rektorvalet ved UiB går ut tidleg i februar.
Tidlegare i desember lanserte Hagen resten av rektorteamet som ho vil stille til val med neste år.
Frykta for demokratiet
Det var ei tid spekulasjonar og uvisse om Margareth Hagen ville få konkurranse i rektorvalet i 2025. I september vart det offisielt klart at ho ville stille til ein ny periode som rektor.
Lenge såg det ut til at valet kunne komme til å bli ein rein «walkover» for den sitjande rektoren.
Mangelen på kandidatar vekte bekymringar for ei svekking av universitetsdemokratiet. Denne uroa nådde universitetsstyret i september, der eit forslag om å opprette ein komite for å leite etter andre aktuelle kandidatar fekk fleirtalet imot seg.
Hagen tok over som rektor etter Dag Rune Olsen, som i dag er rektor ved UiT — Noregs arktiske universitet.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut