Storbritannia

Fleire universitet stenger oljeindustrien ute

Talet på universitet som ikkje vil la oljeselskapa sleppe til for å rekruttere studentar auka med 30 prosent frå 2023 til 2024.

Produsentar av fossil energi får mindre tilgang til å rekruttere på britiske universitet, ifølgje undersøking.

I ei britisk undersøking kjem det fram at 30 prosent fleire universitetet har innført reglar som stenger produsentar av fossil energi ute frå utdanningsmesser og tilgang til å rekruttere arbeidstakarar blant studentane.

Det er ei årleg oversikt over tilstanden for berekraft og etikk ved britiske universitet som viser dette, ifølge avisa The Guardian.

Det er studentar i «People and Planet», ein organisasjon som jobbar for å gjere britiske universitet miljøvennlege og kutte alle band til oljeselskapa, som står bak undersøkinga.

Dei nye er flinkast

Ifølgje organisasjonen har meir enn halvparten av britiske universitet implementert etiske retningslinjer som hindrar universiteta å investere i fossilindustrien.

Den årlege undersøkinga rangerer 149 universitet etter kor godt dei scorar på tiltak for klima og sosial rettferd.

Undersøkinga viser også at det er dei «nye» universiteta i Storbritannia, etablert etter 1992, som gjer det best med sju av dei ti topplasseringane. Heilt på topp er University of Bedfordshire. 

Sponsar norske universitet

I Noreg sponsa olje- og energiindustrien forskings- og utdanningsinstitusjonane med opp mot ein milliard kroner i løpet av ein femårsperiode, frå 2018—2022. Det kom fram i ei kartlegging Khrono gjorde i 2023. 

Den største mottakaren var NTNU, som i 2022 åleine fekk 73 millionar kroner frå 20 forskjellige selskap knytt til oljeindustrien. 50 av desse millionane kom frå Equinor. 

Powered by Labrador CMS