— Det ligg folk igjen på slagmarka etter han, seier biograf Alfred Fidjestøl.
«Et paradis for dumme intellektuelle». No kjem forteljinga om Noregs frekkaste professor
«Jeg vil forresten ikke sitte her og skjelle ut folk. Hernes (tidl. statsråd Gudmund Hernes, red.merkn.) har en god egenskap, som jeg gjerne vil fremheve. Hva var nå det igjen? Nå ble den gode egenskapen helt borte for meg».
I eit portrettintervju med Georg Johannesen frå 1993 spør intervjuaren Niels Chr. Geelmuyden om det er nokon fleire han vil ærekrenke, når han første er i gang. Då har han alt herja med eit heilt galleri av norske prominensar, frå Trygve Hegnar til Einar Gerhardsen, som reduserte «Norge til en storkommune, et Oslo-imperium».
Det er slik mange hugsar Georg Johannesen, som original, eksentrisk og med ei formuleringskraft som ikkje berre sette ting på spissen, men ofte spidda dei han meinte fortente det, med ein brodd fukta i sarkasmar, ofte vittige, som regel giftige.
Etter kvart vart det ein spesialitet, som han perfeksjonerte og briljerte med i aviser, TV og radio, og i tekstane og bøkene han sjølv stod for.
— Ein kan lett digge dei harde utspela, men han var hard med folk. Det ligg nokre igjen på slagmarka, seier forfattar Alfred Fidjestøl, som har skrive den første biografien om Georg Johannesen.
Tittelen er henta frå eitt av dikta hans. «Innerst i hjertet har jeg min forstand».
Den tapte takhøgda
Georg Johannesens stil, lynne og raljeringskraft er umiskjenneleg bergensk. I denne slekta finst namn som Arild Haaland og Frank Aarebrot. Dei var alle laga av eit stoff som er gått ut av produksjon.
Det er ein karakteristikk Fidjestøl, sjølv bergensar, stiller seg bak.
— Johannesen var ein frittalande, intellektuell bergensar som det fanst ein del av på hans tid. Han er forma av bergensk gatekultur, som tjuagutt, fødd i Kong Oscars gate midt i byen. Som gut blei han litt erta, familiebakgrunnen var ikkje heilt enkel. Så han måtte forsvare seg med kjeften og henta frå den urbane replikk-kulturen.
Johannesen gjekk bort julaftan 2005.
Ein kan fundere, seier Fidjestøl, på kva Georg Johannesen ville ha gjort dersom Twitter hadde eksistert i hans tid.
— Han var ekspert på koke ned one-linerar og essensen på 140 teikn. Men eg trur ikkje ålmenta i dag ville gitt han anerkjenning for det.
Det hadde vore fare for at sjølv Georg ville ha kapitulert i møte med dagens krenkestormar i sosiale media, trur Fidjestøl.
— Takhøgda i akademia, ja, også i avisene, er ikkje det ho var. Særleg på 1990-talet var det allmenne ytringsrommet påfallande stort, med tanke på kva ein kunne seie og kome med av utskjelling og polemikk utan at det vart redigert bort.
Fidjestøl tvilar også på at universitetet hadde hatt rom for han.
— Teljekantsystemet hadde nok slått veldig negativt ut for hans del. Det ville verken gitt utteljing eller prestisje å skrive så sjangeroverskridande som han gjorde. Reformene har vendt universitetet vekk frå denne typen akademikarar, seier han.
Johannesen innførte meir eller mindre eigenhendig retorikk som fag i Noreg, med ei klar forankring i klassiske fag. I dag ville han kanskje harselert med utvatninga av omgrepet.
— I dag er retorikk blitt buzzord, BI-fag. Ein viss type kommunikasjonsekspertar kommenterer statsministartalane på relativt lågt nivå, seier Fidjestøl.
TV-kjendisen
Offera for Georgs spidd var mange — frå framståande litteraturforskarar til politikarar og folkekjære artistar, primært Åge Aleksandersen. På midten av 1980-talet var Aleksandersen blitt noko nær ein nasjonalskatt, då han vart offer for ei lyrikkfagleg vurdering, som Johannesen gjorde på eit litt usannsynleg oppdrag for musikkavisa Puls.
— Det vart eit enormt, drepande slakt, seier Fidjestøl.
I kjølvatnet følgde ein heftig debatt, ein såra Aleksandersen (som var Johannesen-fan), og ein litt angrande Johannesen.
Og dei som trur Terje Tvedt var først ute med kritikk av den norske TV-aksjonen og norsk sjølvgodheit, tar feil.
I 1986 stilte Johannesen opp i NRK, som han hata, i Dan Børge Akerøs einerådande talkshow. Der sette han inn eit stikk, som etterpå vart utdjupa i Bergensavisen, fortel biografien. «NRK narrer norskingene til å tro at de er så mye bedre, flinkere og prektigere enn utlendingene.» Alle moglege TV-program ville ha vore betre en TV-aksjonen, meinte han: «En boksekamp eller en pornofilm ville hevet nivået i norsk fjernsyn».
Det var herifrå Johannesen kom inn i mainstream og blei kjendis og medieyndling, ifølgje Fidjestøl. I 1990 var han tilbake på TV hos Akerø. Filologen, filosofen og ikkje minst diktaren, som alt på 1950-talet var blitt utropt til framtida for norsk lyrikk, var det få som kjende no.
47 år og fast stilling
I 1999 endra kanskje det seg ein smule, då han stilte på Skavlan i samband med det litterære comebacket med diktsamalinga «Ars Vivendi, eller de syv levemåter». Fidjestøl peikar i biografien på eit paradoks, om ein skal sjå verda gjennom Johannesens linse: Han var opptatt av den klassiske danninga, av at folk las for mykje Sigurd Hoel og Edvard Hoem og for lite Homer og Ludvig Holberg, som han kalla HoHo-syndromet.
«(...) om vi levde i eit totalt kulturelt forfall, der ingen lenger kunne verdsetje det viktige framfor det uviktige, burde ei såpass vanskeleg tilgjengeleg diktsamling gitt ut av ein forfattar som ikkje hadde gitt ut ei diktbok på 33 år, passere ganske stille», skriv Fidjestøl.
«Men i røynda blei mediemottakinga av denne boka fullstendig massiv. Alle dei store avisene publiserte meldingar på sjølve lanseringsdagen den 23. september 1999. Berre VG, avisa som eigentleg berre burde få kome ut kvart 1200. år, venta fem dagar. Til gjengjeld trilla VG terningen til seks og kalla boka «Årets diktsamling».
Diktsamlinga var også ei storhending fordi Johannesen alt på 1960-talet hadde kutta ut diktinga.
— Han definerte seg først og fremst som akademikar. Han gjekk frå å vere indianar til etnograf, som han sjølv formulerte det, seier Fidjestøl.
Den utamde stilen var derimot ikkje noko som prega dei tidlege akademiske tekstane.
— Ser ein på magisteravhandlinga hans frå 1960, finn vi standard, akademisk normalprosa. Det er redeleg, flinkt og respektfullt, seier Fidjestøl.
— Men som akademikar skriv han etter kvart utruleg frekt, der han trekker alt mogleg, også private ting, inn i fagartiklar. Det er heilt eineståande å drive forsking på denne måten. Dag Østerberg (norsk filosof og sosiolog 1938-2017, red.merkn.) råda han til å slutte med det, fordi han ville få for mange fiendar, og dermed aldri få jobb i akademia. Men Johannesen avfeidde dette som tull.
47 år gammal fekk han endeleg fast stilling.
Knausgårds møte
Johannesen vart ein fagleg fornyar i nordisk- og norskfaget med å trekke essayteori og sakprosa inn i seminarroma. Seinare, som Noregs første professor i retorikk, la han grunnen for eit meir eller mindre ukjent fagfelt på norske universitet.
— Han kritiserte nordisk-faget for å vere altfor konsentrert om skjønlitteratur. Og han trekte triviallitteraturen inn i faget. Kritikken kan verke sjølvsagt i dag, men dette var 1975, seier Fidjestøl.
Reformene har vendt universitetet vekk frå denne typen akademikarar
Alfred Fidjestøl, forfattar
Godt vaksne akademikarar kunne lett bli ramma av Johannesens retoriske overfall. Dei yngre, så lenge dei var lærevillige og interesserte, såg han mildare på. I delar av det humanistiske miljøet på Nygårdshøyden i Bergen vart Johannesen utover 1980- og 90-talet ein slags guru og profet.
Dette er i Fidjestøls biografi mellom anna illustrert ved å peike på korleis seinare anerkjende og berømte forfattarar såg opp til Johannesen på denne tida — blant dei Jon Fosse og Karl Ove Knausgård. Sistnemnde har seinare skrive om sitt nasegruse møte med mannen: «Han hadde de mest følsomme øynene jeg har sett. De var fulle av sorg, og de tok alt inn. På vei ned bakken mot Hulen var jeg rystet, og jeg klarte ikke tenke på noe annet».
Kanskje såg forfattarane ei anna side ved mennesket Johannesen enn dei som ikkje kom seg forbi den buldrande polemikaren. «Snill», var ordet Jon Fosse brukte om han i Bergens Tidende i samband med bortgangen i 2005.
Fantastisk forum
Ein av dei som kom under Johannesens akademiske venger, var Sissel Høisæter, som i dag er professor ved Høgskulen på Vestlandet. Ho renn nesten over av entusiasme når Khrono ber henne fortelje.
— Som lærar og rettleiar var han fantastisk god!
— For meg er det det beste som har skjedd i utdanninga mi, at eg fekk han som rettleiar. Han opna dører til kunnskapsrom eg ikkje visste fanst. Han hadde denne enorme oversikta, og samstundes det skarpe blikket for detaljar. Og han var raus, humoristisk og omsorgsfull. Det er kanskje ei side ved Georg Johannesen som har kome lite fram, seier Høisæter.
Høisæter vart med i det noko myteomspunne Retorisk forum, ei «forening der studenter fra grunnfagsnivå til professornivå — møtes for å diskutere retoriske emner og tekster». Der er ho framleis med, for forumet lever som ei lita forskargruppe, om enn på ad hoc- basis, 17 år etter Johannesens død.
— Han fekk oss til å forstå kor lett det er å ukritisk kaste seg på det som «alle» meiner er rett og sjølvsagt. Han fekk oss til å sjå at språket er ein maktfaktor, og at vi skal vere kritiske til språket.
Høisæter er ikkje blind for den rå versjonen, som kritiserte og provoserte i aust og vest, mest aust. Likevel meiner ho det er grunn til å sakne han som offentleg figur.
— Dersom du tenker på korleis akademia har utvikla seg, er eg redd det ikkje ville ha vore plass for ein som Georg i dag. Alt er blitt formalisert, og han var ikkje opptatt av å klatre på karrierestigen – no er det helst det du bør vere opptatt av om du skal lykkast i akademia. Georg var enormt opptatt av studentane sine.
Slaktet av Slagstad
1990-talet var Georg Johannesens beste tiår, ifølgje Fidjestøls biografi: «Endå han var den suverent frekkaste skribenten i den norske offentlegheita, blei han kontinuerleg feira og hylla». Tiåret munna ut i ei samling av tidlegare essay, og utval brutale slakt, som kom ut i 2000 med tittelen «Litteraturens norske nullpunkt».
Mellom slakta var ein annan bauta, og bergensar, i det intellektuelle Noreg. Rune Slagstads storverk «De nasjonale strateger» gjekk nådelaust gjennom kverna. Johannesens tittel på bokmeldinga var:
«Sangen om Rune Slagstads overjordiske reise med en fullstendig beskrivelse av det femte monarki som hittil har vært ukjent for oss». Slagstads historiske verk fekk Johannesen til å føle seg som eit «sultent barn utenfor et dugget vindu inn til en hvit julemiddag på en østnorsk herregård».
Det høyrer med til historia at Slagstad vart spurt av Johannesen, og takka ja til, å trykke slaktet i Nytt Norsk tidsskrift, som Slagstad var redaktør for. Dermed, skriv Fidjestøl, fekk Slagstad «æra av å trykke ei 15 siders perfid utdriting av seg sjølv».
Slagstad prøvde seg med ei helsing tilbake, der han omtalte Johannesen som eit «lærd salathode». Men det hadde ingen verknad, skriv Fidjestøl. Johannesen var «for lengst kanonisert, han blei beundra i fillebitar».
Ikkje alle fekk det med seg.
Mot slutten av biografien fortel Fidjestøl om bergensordføraren Herman Frieles skamlause svar då han i eit intervju vart spurt om kva han meinte om Georg Johannesen. «Hvem er Georg Johannesen», svarte Friele.
Det blei komisk, skriv Fidjestøl, for «alle» visste kven han var. Friele stilte i realiteten eit retorisk spørsmål, utan å vite det, skriv han. «Men spørsmålet var likevel godt. Kven var Georg Johannesen?»
Den klamme rosen
— I norsk biografitradisjon skulle ein svare på det. «Har vi ham nå», som det alltid stod i avisa før. Det er ikkje ein sånn biografi eg har villa skrive. Tvert om har det vore eit mål å vise fram kompleksiteten. Han er ikkje lett å setje på formel, seier Fidjestøl.
Trassen var Johannesen kanskje fødd med, og sikkert det litterære talentet og kunstnariske gemyttet.
— Han er skuleflink, går på «Katten» og hamnar på universitetet, utan at han er særleg radikal av seg. Han blir militærnektar, er med å grunnlegge sosialistisk studentlag, er sentral i etableringa av Sosialistisk Folkeparti. Men planen er å bli lærar, få seg ei lektorstilling, summerer Fidjestøl.
Det er berre det, at han brakdebuterer som forfattar alt medan han er student, til store ovasjonar. Fidjestøls tolking er at rosen var med å drive han bort frå skjønnlitteraturen.
— Han kjende på ein ambivalens, trur eg. Han fekk skryt for lyrikken i dei konservative avisene. Samstundes opplevde han at det han skreiv i artikkelform slo mykje hardare. Det vart noko klamt med å vere skjønnlitterær forfattar.
I 1966 erklærer Johannesen at han ikkje vil halde på med dette meir. Han startar på vegen mot å bli Noregs frekkaste professor — som på ingen måte handlar om å bli likt av andre professorar.
Men kvifor var han alltid så frekk?
Fidjestøl peikar på eit spor i Dagbladet, der Hallgeir Opedal portrettintervjuar han våren 1998, 20 år etter det forrige portrettintervjuet i avisa:
Human hyperbol
I intervjuet står Johannesen fast ved påstanden frå portrettintervjuet i Dagbladet i 1978: «Norge er et paradis for dumme intellektuelle», men supplerer no med sin eigen, meir presise, skriftelege versjon:
«Norge er et paradis for kunnskapsløse professorer, virkelighetsfjerne nyhetsformidlere og umodne forfattere. De fleste dikter dokumentarisk ut fra sitt eget jomfrunalske følelsesliv.»
Så får han spørsmålet om kvifor han alltid må setje ting på spissen.
Det er berre ein formel, ein såkalla hyperbol, ei overdriving, svarar Johannesen. «Når noen sier «ikke særlig begavet» sier jeg «dum». Det gir større muligheter for motangrep».
— Han meinte det frekke og direkte hadde ein slags demokratiserande funksjon. Det gir andre sjansen til slå like hardt tilbake, seier Fidjestøl, som ikkje har tenkt å gruble på følgjande spørsmål:
Korleis ville Georg Johannesen ha lese biografien om seg sjølv?
— Gud hjelpe meg, det vil eg ikkje ein gong tenke på!
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut