nokut
Det har proppa seg hos Nokut: 13 søknader i kø
Nokut har ikkje kapasitet til å handsama søknadene om akkreditering av studietilbod som kom inn i mars i år. — Dette stansar utviklinga vår, seier NLA Høgskolen.
NLA Høgskolen har søkt om akkreditering av tre nye masterprogram, i kroppsøving, i leiing, nyskaping og etikk, og i barnehagekunnskap. Søknad vart sendt til Nokut innan fristen 1. mars. Nyleg kom tilbakemeldinga:
«Vi har ikke kapasitet til å starte saksbehandling av søknaden deres i 2023. Dette gjelder alle søknader om akkreditering av studietilbud som vi mottok i mars 2023».
— Me føler at me har vore oppe til eksamen, men så manglar det sensor, seier NLA sin prorektor Amund Langøy.
— Å jobba fram ein slik søknad er arbeidskrevjande, det er eit omfattande arbeid. Nokut må ha visst før 1. mars at dei ikkje ville kunne handsama søknader, så det hadde vore ryddig om me fekk beskjed om dette litt før.
Handsamar ingen
Khrono har fleire gongar skrive at Nokut sjølv har varsla at det kan verta kø. I november åtvara Nokut-direktør Kristin Vinje om at Nokut kan verta ein propp i systemet: Regjeringa ønskjer ei satsing på fagskular, og har gitt pengar til fleire studieplassar. Men desse skulane er ikkje sjølvakkrediterande, slik universiteta er, slik at alle studietilbod må godkjennast.
— Det kjem til å verta kø, sa Vinje, og varsla at dei økonomiske kutta Nokut har hatt òg kunne føra til at søknader om studieprogram for universitet og høgskular måtte venta.
No skriv Nokut i ein e-post til Khrono at dei dei siste åra har fått fleire søknader om akkreditering av studietilbod frå fagskular, høgskular og universitet enn dei har kapasitet til å handsama innafor normal sakshandsamingstid.
— I mars mottok me 13 søknader om akkreditering av bachelor- og masterutdanningar, skriv tilsynsdirektør Nina Waaler.
Ho skriv vidare at Nokut i tillegg til søknader om godkjenning av studietilbod får rekordmange søknader om fagskuleakkreditering og institusjonsakkreditering av sektorane. Waaler nemner òg budsjettkutta.
— Denne situasjonen gjer at me dessverre ikkje har kapasitet til å starta sakshandsaming av søknadane i 2023. Dette gjeld alle søknader om akkreditering av studietilbod som me mottok i mars.
Må søkja for å kunne utvida lærarutdanning
Amund Langøy ved NLA understrekar at høgskulen på ingen måte er ute etter å «ta» Nokut. Men likevel er det fortvilande for høgskulen at det no kan verta hausten 2025 før NLA kan tilby nye masterprogram.
— Me har godkjent femårig lærarutdanning, men må likevel søkja Nokut for å kunne utvida, seier Langøy.
Kroppsøving er, som Khrono skreiv tysdag, eitt av faga der det er skrikande behov for grunnskulelærarar med undervisningskompetanse. Prorektoren seier at NLA opplever at studentar vel dei vekk fordi dei ikkje kan ta kroppsøving som masterfag.
— Fagmiljøet vårt publiserer jamt og trutt, og me er ei viktig røyst innanfor kroppsøvingsfaget. Spesielt er me opptekne av å gi kroppsøvingslærarar kunnskap og gode pedagogiske verktøy i deira mange møte med etiske utfordringar, seier Langøy.
Mindre attraktive
For dei to andre masterprogramma som no må venta, er fellesnemnaren at det vert NLA sine første innan sine felt. Langøy seier at høgskulen opplever at det er krevjande å få tak i tilsette med forskarkompetanse når det ikkje er masterprogram knytt til barnehagelærarutdanninga. No er planen eit masterprogram som rettar seg mot pedagogisk leiing i barnehagane.
— Dette er eit program me har jobba med over lang tid. Når me så får beskjed etter at søknadsfristen er ute om at det ikkje vert handsaming i år, er dette noko som utfordrar oss, seier Langøy.
Når det gjeld økonomi og administrasjon er dette studieprogram NLA har gode søkjartal til. Men også her opplever høgskulen at dei vert mindre attraktive når dei ikkje kan tilby masterprogram.
— Me veit ikkje kva som skjer med søknaden vår. Kjem me inn ein kø? Planen vår var å tilby desse masterprogramma frå hausten 2024, seier Langøy.
— Me hadde sett pris på om situasjonen var meir føreseieleg. Det kunne òg ført til ein betre søknad. No vert me stoppa i utviklinga vår.
Ny frist i september
Neste søknadsfrist for å få handsama søknader om akkreditering av studieprogram er i september. Khrono har spurt Nokut om kva som skjer med denne fristen.
Nina Waaler svarer at når Nokut kjem i gang med sakshandsaminga, vil dei jobba for å handsama søknadane i den rekkefølgen som gjer at flest mogleg søkjarar kan få svar raskast mogleg. I tillegg vil Nokut sjå på om det er andre grep dei kan gjera for å gjera sakshandsaminga endå meir effektiv — samstundes som dei sikrar at utdanningane held det kvalitetsnivået samfunnet forventar og treng.
— Me prøver å halda alle søkjarar godt orientert om situasjonen, slik at dei veit kva dei har å halda seg til, seier Waaler.