Sommar i Khrono
Den nye økonimiske situasjonen har gått inn på rektoren
Konsekvensane av den nye økonomiske situasjonen har gjort inntrykk på NTNU-rektoren. Han understrekar kor viktig det er at statsråden snakkar tett med sektoren om dette.
— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb? Eventuelt korleis?
— Ja. Den økonomiske situasjonen er kanskje det temaet eg har vigd mest merksemd etter at eg vart rektor. Eg har hatt sterke møte med nokre av fagmiljøa våre som er hardt ramma, og det har gjort inntrykk. Den økonomiske situasjonen påverkar også arbeidet me no gjer med langtidsplanen, og korleis me riggar oss for framtida.
— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takka ja dersom du får tilbodet? Om nei: Kvifor ikkje?
— Nei. Eg er altfor glad i jobben og NTNU.
— Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkja akademia framover?
— Hald fram med å ha tillit til sektoren. Ha tiltru til at institusjonane sjølve klarer utvikling og dimensjonering av utdanningsporteføljen. Eg skulle ønskje Forskingsrådet fekk meir ressursar, fordi dei eksterne konkurransearenaene er avgjerande for kvaliteten i forsking. Og så vil eg understreka kor viktig det er at statsråden har dialog med sektoren om kva slags konsekvensar reduserte løyvingar vil få.
— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endra på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggja betre til rette for studentar som slit? Eventuelt kvifor/kvifor ikkje?
— Dette er noko me er veldig opptekne av. Ved NTNU har me jobba med å utvikla læringsareal og identitetsareal som legg til rette for ulike typar undervisningsformer og ulik type bruk. Studentane våre er samde om at dette er noko som bidreg til trivsel og sosial aktivitet. Me er også opptekne av å gje studentane ein god start, så me har lagt mykje arbeid i dei første to vekene ved studiestart. Dette har me gjort i tett samarbeid med studentfrivilligheita. Alle nye studentar skal møta og bli kjent med nokon når dei startar ved NTNU.
— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering — og saka kjem opp i september. Blir plagiering/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia? Kvifor/kvifor ikkje?
— Eg synest diskusjonen om plagiering og sjølvplagiering har fått ei uheldig vinkling mot straff, heller enn opplæring. Studentane må setjast i stand til sjølv å vurdera bruken av kjelder og kjeldetilvisingar. Dette har vorte ytterlegare aktualiserte gjennom kunstig intelligens. Eg meiner me må vera meir opptekne av fornuftig bruk av KI, heller enn straff og hindringar.
— ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter/trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?
— Eg meiner me må utnytta moglegheitene som KI gir, både i forhold til læring, pedagogiske metodar og forsking. Me må bli meir opptekne av rettleiing og utvikling av kompetanse, ikkje straff. Me må vera offensive, og også anerkjenna at KI kan gje redusert arbeidsmengd. Samtidig må me ikkje undervurdera dei etiske problemstillingane som absolutt følgjer med KI.
5 kjappe:
1. Vald eller tilsett rektor?
— Tilsett
2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?
— Munnleg
3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard?
— Svalbard
4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?
— Studentar som protesterer
5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse?
— Cecilie Hellestveit er ei modig dame, som eg heilt sikkert kan læra av og ha gode diskusjonar med.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut