Karriere
Danmark: Berre 14 prosent trur på fast forskarstilling
Danske stipendiatar har vanskeleg å sjå føre seg at det ventar ei fast forskarstilling på dei. Kvinnene er minst optimistiske.
Stipendiatar i Danmark er ikkje optimistiske når det gjeld å få fast forskarstilling i akademia. I ei fersk undersøking, som er omtalt i danske Forskerforum, svarer 57 prosent av dei vel 1500 spurde at dei er «usamde» eller «svært usamde» i at det er gode sjansar for å få ei fast stilling innanfor forskingsområda sine.
Berre 14 prosent er «samde» eller «svært samde» i den same påstanden.
Kvinnene er minst positive når det gjeld å få fast forskarstilling. Her er det over seksti prosent som er usamde eller svært usamde i at det er gode sjansar for å få jobb.
Kven ser ein på toppen?
Forskerforum har intervjua Alex Klinge, som er likestillingsansvarleg ved Copenhagen Business School. Han seier at skilnadane mellom kvinner og menn i denne undersøkinga kan handla om rollemodellar.
— Jo høgare opp du ser, jo større er overvekta av menn. Det vil seia, når du står nede på botnen og ser opp, så er sjansen større for at du tenkjer at det er plass til ein slik som meg dersom du er mann enn dersom du er kvinne. Det er ein heilt naturleg, kognitiv reaksjon, seier Klinge.
Tal frå 2019, referert til i forskning.no, viser at Danmark har færre kvinnelege professorar enn dei andre nordiske landa, og ligg òg under snittet i EU. Der er talet 24 prosent, medan i Danmark var berre 21 prosent av professorane kvinner.
Skilnader mellom fagområda
Dersom ein ser på tal frå Noreg, også dei frå 2019, viser dei at andelen kvinnelege professorar er 32 prosent. Blant førstemanauensane er nær halvparten, 49 prosent, kvinner. Men det er store skilnader mellom fagområda.
Seniorrådgivar i Nifu, Kaja Wendt, sa til Khrono at det ikkje verka som om det var så stor interesse for teknolofag og matematisk-naturvitskapelege fag blant kvinner.
— Det er færre kvinnelege førebilete her. Gode mentorordningar kunne bidrege, sa ho.
For andre fagområde er det fleire kvinnelege enn mannlege vitkapeleg tilsette, og blant studentar og stipendiatar har kvinnene ei stund vore i fleirtal.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut