NHH
Betalar ut fleire hundre tusen for publisering i «riktig» tidsskrift
NHH betalar ut bonus til 18 forskarar som har publisert i tidsskrift med høg prestisje. — Bra for den akademiske karrieren, seier førsteamanuensis Darya Yuferova.
Publisering i dei gjævaste vitskapelege tidsskrifta gir ikkje berre fagleg prestisje, men også ekstra pengar på konto for forskarar som jobbar ved Noregs handelshøgskole (NHH) i Bergen.
Heilt tilbake til 2003 har NHH delt ut bonusar til forskarar som har fått publisert vitskapelege artiklar i utvalde tidsskrift — basert på NHHs eiga liste og Financial Times si liste over dei som blir rekna som dei beste.
I år har 18 NHH-forskarar klart det og fått premie frå arbeidsgivaren.
NHH betalar opp til 200.000 kroner i bonus for ein artikkel, dersom denne er publisert i eit tidsskrift som er å finne på begge av dei to listene NHH legg til grunn.
Får 64.000
Førsteamanuensis Darya Yuferova klarte å komme inn på begge listene med to ulike artiklar, i 2024. Til Khrono seier ho at ho ser på bonusen som ei viktig anerkjenning.
— Det krevst ein betydeleg innsats for å nå fram og publisere i dei tidsskrifta det er snakk om. Den første artikkelen eg fekk med på bonuslista begynte eg å arbeide med medan eg tok doktorgraden. Den tok det nesten ni år å ferdigstille. Det er eit ekstremt eksempel, men mange artiklar kan ta fleire år å få ferdige, frå start til slutt, seier Yuferova.
Sjølv om artiklane til saman gir ein solid bonus frå NHH, er dette ikkje pengar Yuferova får glede av åleine. Sidan begge dei publiserte artiklane er resultat av samarbeid med andre forskarar som står som medforfattarar, må ho nøye seg med ein andel på 64.000 kroner.
Gjengangarar
Ifølgje kriteria skal bonusen delast på antal forfattarar, men berre dei som er tilsette ved NHH får utbetaling.
Ein artikkel publisert i eit tidsskrift som er oppført på både NHH- og Financial Times-lista, gir i utgangspunktet 200.000 kroner. Publisering i tidsskrift som berre står på NHHs liste er verd 100.000 i bonus. Er tidsskriftet å finne på Financial Times si liste, men ikkje på NHH, er premien 80.000 kroner.
Blant gjengangarane på bonustoppen dei siste åra er forskarradarparet og professorane Alexander W. Cappelen og Bertil Tungodden. I 2024 prikka dei inn to artiklar i tidsskrift som står på begge listene. Begge artiklane hadde ein medforfattar.
Bonussummen Cappelen og Tungodden til slutt kunne innkassere rett før jul var dermed på vel 130.000 kroner til kvar.
Ein annan professor som i mange rundar har fått publiseringsbonusar, er professor Kjell G. Salvanes, som i år figurerer med to publiserte artiklar (med medforfattarar), begge i tidsskrift som står på NHHs liste.
NHH baserer si liste over tidsskrift på handelshøgskole-rangeringa Academic Journal Guide.
— Verdifullt
NHH er ikkje åleine om å betale ut bonusar til tilsette som får publisert artiklane sine — men det er primært private institusjonar som har slike ordningar. Summane som blir utbetalt, er også betydeleg lågare ved dei andre institusjonane.
Det viste informasjon Khrono innhenta då bonusordningane vart omtalt i fjor vår. Nokon betalar ut i form av lønn, andre som forskingsmidlar.
I tillegg til NHH har BI, NLA Høgskolen, MF vitenskapelig høgskole, forskingsinstitutta PRIO, FNI og NUPI ulike premieringsordningar.
Fleire var i Khrono kritiske til pengebonus for publisering. Blant dei var biologiprofessoren Dag O. Hessen, som kalla bonusar for «unødvendig».
— Eg synest det er litt rart viss alt her i samfunnet skal lønast og premierast med pengar på kontoen, sa Hessen.
NHH-forskar Darya Yuferova set pris på pengane, men seier det ikkje er bonusen som bestemmer kva for tidsskrift ho satsar på.
— Å publisere i dei mest anerkjente tidsskrifta er først og fremst bra for den akademiske karrieren og med på å gjere meg synleg som forskar. I tillegg er det verdifullt for NHH, fordi det er med på å synleggjere institusjonen globalt, seier ho.