gazakrigen
Ber norske studentar «ta til gatene» for boikott av Israel
— Vi vil oppfordre studentar og tilsette til å støtte opp om demonstrasjonar og teltleirar i Noreg, seier leiar i SAIH, Selma Bratberg.
Medan studentdemonstrasjonane mot krigen i Gaza rasar på amerikanske universitet, tar SAIH til orde for at også studentar og undervisarar i Noreg skal ta sterkare verkemiddel i bruk.
SAIH er ein solidaritetsorganisasjon av og for studentar og akademikarar i Noreg. Organisasjonen går inn for at norske forskings- institusjonar skal innføre boikott mot israelske forskings- og utdanningsinstitusjonar.
— Norske utdanningsinstitusjonar har eit ansvar for å gå gjennom sine avtalar, og sikre at dei ikkje er med på å indirekte støtte krigføringa i Gaza og okkupasjonen av Palestina, seier SAIH-leiar Selma Bratberg til Khrono.
Frå Tromsø til Agder
Ved Universitetet i Oslo har «Studenter for Palestina» allereie sett opp fleire telt, med løyve, inspirert av dei amerikanske demonstrasjonane. Ifølgje Universitas skal fleire vere på gang.
Dette er eit verkemiddel SAIH-leiaren seier ho gjerne ser at spreier seg frå Tromsø i nord til Agder i sør.
— Vi vil oppfordre studentar og professorar og andre til å støtte demonstrasjonen og teltleiren ved UiO, seier Bratberg.
— Vil du oppfordre studentar til å etablere teltleirar på fleire universitet?
— Absolutt. Det er heilt naturleg og veldig bra at studentar tar til gatene. Dette er noko studentar alltid har gjort for å demonstrere mot urett. Det er urovekkande det som skjer i USA og til dels Tyskland, der studentdemonstrasjonar blir slått hardt og uproporsjonalt ned på.
— Har ansvar
Demonstrasjonane i USA har raskt eskalert og ført til harde konfrontasjonar og samanstøyt mellom studentar og politi, etter at dei først begynte ved Columbia-universitetet i New York. Om lag 1000 studentar er blitt arresterte, og mange utviste eller trua med andre straffetiltak.
Det siste døgnet er store styrkar frå opprørspolitiet sett inn ved Universitetet i California (UCLA) etter at pro-palestinske demonstrantar og teltleiren deira vart angripne av maskerte motdemonstrantar.
— Vi ser tiltak mot studentaktivisme som vi til vanleg ser i autoritære regime. At det skjer i land som kallar seg liberale og demokratiske, er noko vi må ta sterkt til motmæle imot, seier Bratberg.
Det gjer ikkje leiarane ved norske forskings- og utdanningsinstitusjonar i tilstrekkeleg grad i dag, meiner ho.
— Vi har sett ein del institusjonar som har tatt grep og kutta samarbeid. Det synest vi er bra. Eg meiner samstundes at norsk høgare utdanningssektor kan gjere meir og har eit ansvar for å gjere meir. Vi veit at israelske utdanningsinstitusjonar er med på å legitimere krigen som no føregår, og okkupasjonen av Palestina.
Opnar for sivil ulydnad
Kravet om norsk engasjement handlar også om å forsvare den akademiske ytringsfridomen, meiner Bratberg.
Nyleg slo ein FN-rapport fast at 5479 studentar, 261 lærarar og 95 universitetsprofessorar er blitt drepne i Gaza-krigen.
— Alle universitet i Gaza er blitt bomba, og 625.000 studentar står utan tilgang til utdanning. Den akademiske fridomen, som er grunnleggande for alle studentar, er dessverre ikkje garantert under det undertrykkande systemet palestinarane lever under, seier Bratberg.
Ho understrekar at SAIH går inn for ein institusjonell boikott, i tråd med krava frå det palestinske sivilsamfunnet. Det betyr at SAIH ønsker at personlege samarbeid, forskar til forskar, eller student til student, skal kunne halde fram.
— Studentane i Oslo har fått løyve til å setje opp teltleir, men kva tenker du om eventuelt ta i bruk sivil ulydnad dersom slike løyve ikkje blir gitt?
— Det er noko kvar enkelt må ta stilling til og vurdere risikoen det kan medføre. Eg håper norske utdanningsinstitusjonar, sjølv om dei skulle vere ueinige i krava, legg til rette for at studentar og andre kan bruke sin ytringsfridom i desse demonstrasjonane.