politikk
Venstre inviterer til krisemøte for kunnskapssektoren
Ambisjonslaust og utan teikn til satsing. Det er dommen Alfred Bjørlo (V) gir forslaget til statsbudsjett.
— Me har ikkje kalla inn, det har me ikkje mynde til. Men me har invitert, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).
Han er blant dei som har kritisert det han meiner er null teikn til satsing i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. No har Venstre si stortingsgruppe invitert både rektorar frå universitet og høgskular, studentorganisasjonar og fagforeiningar til det dei, litt tabloid, vedgår Bjørlo, kallar krisemøte.
— Me har fått Draghi-rapporten og me ser at nabolanda våre satsar meir på forsking. No rører altså alle andre på seg, medan Noreg ikkje har nokon ambisjonar, seier Bjørlo til Khrono.
Vil drøfta konsekvensar
Møtet vert arrangert onsdag denne veka, og då Khrono var i kontakt med Venstre si stortingsgruppe måndag, var talet på påmelde om lag femti.
— Kvifor inviterer de?
— Bakgrunnen er den totale slakten forslaget til statsbudsjett er møtt med frå ein samla sektor. Det er null teikn til satsing, seier Bjørlo.
I invitasjonen heiter det at partiet opplever at dei som jobbar i sektoren eller representerer studentar og tilsette i sektoren, har kjent seg nedprioritert, og at resultatet av regjeringa sin politikk er kutt i studieprogram, forsking og stillingar. På møtet vil dei difor drøfta konsekvensar av nedprioriteringar og kutt og kva som må gjerast for å få sektoren på rett kurs.
Lei av dreiing
Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger, er ein av dei som har takka ja til invitasjonen.
— Me stiller når parti ønskjer innspel av fagleg eller universitetspolitisk art, seier Mohn.
Men å bruka omgrepet «krise» vil han ikkje, verken om møtet eller situasjonen.
— Eg vil kalla dette eit innspelsmøte, der partiet søkjer nettopp innspel frå oss, seier Mohn.
Han er likevel kritisk til forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) sin politikk. Det sa han på UH-nett Vest sitt møte på Solstrand sist veke, og det har han tenkt å seia under møtet onsdag.
— Me kjem ikkje utanom at du har prioritert utdanning framfor forsking. Du har signalisert at det internasjonale ikkje er så viktig, det har vore meir prioritering av det nasjonale og av distrikt. Satsinga på distrikt går på bekostning av fysiske miljø og læringsmiljø, sa Mohn på Solstrand.
— Eg er lei denne dreiinga. Og det håpar eg Venstre kan bidra til å demma opp mot, seier Mohn til Khrono.
Også Camilla Stoltenberg, direktør i Norce, kjem på møtet.
— Sektoren får ikkje nok merksemd. Forsking er ein sentral innsatsfaktor når me skal løysa samfunnet sine store utfordringar, og me må rigga forskingssystemet slik at Noreg har kapasitet og kunnskapsberedskap til å syta føre ei god utvikling i privat og offentleg sektor, skriv ho i ein e-post til Khrono.
Opp med labben
Då leiarar frå universitet og høgskular på Vestlandet nyleg var samla, var òg politikarar inviterte. Bjørlo var raskt oppe med handa då debattleiar Siri Kleiven Strøm spurde om kven som ville gi meir pengar til forsking.
— Men med respekt å melda, Bjørlo, det vert neppe ei rein Venstre-regjering etter neste val. Korleis skal de få gjennomslag?
— Kari-Anne Jønnes frå Høgre hadde òg handa oppe. For oss i Venstre handlar det sjølvsagt om å verta størst mogleg, då får me meir musklar. Me vil prioritera ei større satsing på forsking.
— Svenske Mats Benner seier at ein ikkje både kan ha excellence og forsking i heile landet. Er du samd?
— Det er ikkje eit reint anten-eller. På forskingssida ønskjer me å prioritera meir frie midlar. Potten må verta større, og styresmaktene må ikkje øyremerka for mykje. Me treng òg meir samarbeid med næringslivet.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut