årets namn i akademia
— Som kvit, norsk kvinne er det ikkje så farleg å stå i debatten
Det er ikkje nødvendigvis belastande å gå inn brennbare debattar, ifølgje finalist til Årets namn i akademia, Hege Hermansen. Ho fronta opprop for akademisk boikott av Israel.
— Eg har ikkje mottatt mykje hets, sa Hermansen i ein panelsamtale i Oslo tysdag.
Det var kanskje overraskande for nokon, med tanke på temperaturen som har vore i diskusjonen om Israels invasjon og bombing av Gaza, etter Hamas sitt terrorangrep 7. oktober 2023.
Panelsamtalen, som Khrono arrangerte i samband med offentleggjeringa av «Årets namn i akademia», skulle gi eit lite innblikk i korleis det kan vere å «stå i stormen», i media og vanskelege debattar.
At det kan vere svært belastande kan vinnar av årets pris — studenten som vart skulda for plagiat og seinare vart frikjend av Høgsterett — vitne om.
— Form for justismord
I panelsamtalen var lærarstudenten representert ved advokaten, — og mannen sin på telefon, Kjetil Løvdal. Studenten har sjølv valt å vere anonym.
— Her har ein tatt ein student, kasta henne rett ut av studiet og latt det gå tre år av hennar liv. Eg ser på dette som ei form for justismord. Dette har ramma henne hardare enn for eksempel ein kortvarig, vilkårslaus dom ville ha gjort, sa advokat Magnus Stray Vyrje.
Han la til at dersom han i si tid som jusstudent hadde blitt ramma av noko liknande, ville han aldri ha klart å fullføre studia.
Ektemannen til studenten sa at saka framleis var så tung å handtere for kona hans, at ho liten grad hadde klart å glede seg over at ho no er gått sigrande ut i rettsstriden mot staten.
Studenten deler årets pris med BI-student Kristoffer Rytterager som avdekte tidlegare statsråd Sandra Borchs fusk i masteroppgåva.
Langt lettare har det vore for Hege Hermansen, som fører ein heilt annan kamp.
Hermansen, som er professor ved OsloMet og Universitetet i Oslo, opplever at det har gått fint å stå i debatten om akademisk boikott. Ho fronta tidlegare i 2024 eit opprop for å få norske universitet og høgskular til å stanse alt institusjonelt samarbeid med Israel.
Hetsa palestinarar
— Eg var usikker på korleis det kom til å bli då vi lanserte oppropet. Men å stå i denne debatten, har på mange måtar vore veldig greitt. Det trur eg er litt viktig å seie, for vi har fått ein diskurs som er litt sånn at vi tenker at «det er så vanskeleg å ytre seg». Det er det ikkje, nødvendigvis, svarte Hermansen på debattleiar og Khrono-redaktør Tove Lies spørsmål om korleis det har vore å stå i stormen.
Hermansen peikte på to grunnar til at ho har klart seg fint i den posisjonen ho tok.
— Eg har eit stort nettverk rundt meg. Det har vore lagarbeid frå dag ein. Ikkje minst har mange palestinske kollegaer stått på, sa ho.
— Dessutan er eg kvit i huda, ei middelaldrande kvinne med norskklingande namn. Det er ikkje så gale for meg å stå i denne debatten — men eg har palestinske kollegaer som er blitt hetsa og har måtta gå til politiet og melde det. Det viser også at saka ikkje berre kan overlatast til dei.
Hermansen var, saman med Eirik Hovden frå Universitetet i Bergen, ein av finalistane til «Årets namn i akademia». Ho fekk heider av juryen for sitt «enestående engasjement som går langt utover hennes fagområde, og har dermed fremmet en av vår tids viktigste saker».
Hovden: — Støtte betyr mykje
Hovden vart «kasta ut» på ein annan måte enn studenten som vart skulda for plagiat. Etter at ein sakkunnig komite erklærte han som godt kvalifisert og den beste kandidaten til ei stilling ved universitet, vart han eliminert av tilsetjingskomiteen, og i praksis erklært ukvalifisert. Samstundes vart grunngivinga og rapporten frå jobbintervjuet hemmeleghalden.
Det førte til sterke reaksjonar og støtteerklæringar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
— Støtta har betydd svært mykje for meg, sa Hovden.
Han sa at det vanskelegaste for han var den makteslause posisjonen han hamna i tidleg i saka.
— Eg sat med ei tilsetjingssak eg ikkje kunne blande meg inn, og intervjurapporten som eg svært gjerne skulle ha delt, fekk eg ikkje lov til å dele.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut