Debatt ● Jon M. Skogstad
Organistyrket er vel framleis den einaste lovpålagde musikarstilling i landet
Organistyrkets betydning for musikklivet i kyrkja og det lokale musikkliv har vore godt dokumentert. Fleire fryktar no for framtida til utdanninga.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
«Kultur kan drepes», åtvara Jens Bjørneboe om. «Vær ulydig», var hans oppfordring til ungdommen. Og ungdommen, orgelstudentane, tar tak i dette og gjer heile nasjonen merksam på kulturdrapet. Deira innsats er formidabel i prosessen for også å få dei løyvande myndigheiter til å forstå det same.
Eit liknande studentengasjement har vi ikkje sett sia først på 1970-talet, da studentaksjonar førte til «den musikkpedagogiske våren» i Norge og førte til at det offentlege tok ansvar for alt frå musikkskole til konservatorium, 160 år etter 1814. Studentanes administrative motpart ser ut til å vere meir opptatt av å rettferdiggjere sine handlingar enn å rette skytset dit det høyrer heime.
Organistyrkets betydning for musikklivet i kyrkja og det lokale musikkliv har vore godt dokumentert. Men den innverknad og avgjerande betydning organistutdanninga har hatt på den instrumentalpedagogiske utviklinga, har vore mindre framme. Denne utdanninga er sjølve grunnpilaren og føresetnaden for norsk konservatorievesen.
Dei private konservatoria si vektlegging av organistutdanninga har klart ein samanheng med at grunnleggarane var organistar. Men óg det faktum at for organistar fanst sikre faste stillingar etter studiet. Organistyrket er vel framleis den einaste lovpålagde musikarstilling i landet.
Organistyrket er vel framleis den einaste lovpålagde musikarstilling i landet.
Jon M. Skogstad
Den moderne instrumentalpedagogikken starta med Ole Andreas Lindemann, organist i Vår Frue kirke, utropa til den norske musikkens far. Han gav privatundervisning i heile første halvdel av 1800-talet. Og skal vi dømme etter den åtgaum fleire av hans elevar vekte i inn- og utland, må det ha vore det reine konservatorium han dreiv.
Han underviste etter prinsippa i C.P.E. Bachs bok om kunsten å spele klaver. Ei bok som grundig tar for seg dei nødvendige emne som teknikk, interpretasjon, satslære, akkompagnement og improvisasjon. Grunnleggande element også i dagens orgelopplæring.
I Wien sat den eitt år yngre Ludwig van Beethoven og underviste etter same bok og prinsipp. Dermed var både Wien og Trondheim trygt forankra i den musikkpedagogiske tradisjon etter J.S. Bach.
Etter Ole Bulls mislykka forsøk på å få staten med på å starte ein musikkhøgskole, vart det Ole Andreas sin elev og son, Ludvig Mathias Lindemann, som institusjonaliserte musikkutdanninga med etableringa av Musikkonservatoriet i Oslo i 1883. Vel 20 år seinare reiste den blinde organisten Oscar Skaug heim til Trondheim etter studiar i Oslo med bagasjen full av oppfordringar om å starte ein liknande institusjon i Trondheim. I 1911 starta Trondhjems Musikskole opp i krysningspunktet mellom musikalsk folkeopplysning og profesjonsutdanning.
I dag er organistutdanninga det berande element i komposisjon (satslære, kontrapunkt) og improvisasjon. Ei nedlegging fører til at også den europeiske improvisasjonskunsten forsvinn frå norsk musikkutdanning.
Breidda i utdanninga har gjort at mange har søkt seg til denne utan ambisjon om å bli organist. Arne Nordheim til dømes.
Jon M. Skogstad
Breidda i utdanninga har gjort at mange har søkt seg til denne utan ambisjon om å bli organist. Arne Nordheim til dømes. Pianisten Johan Øian, med organisteksamen frå Trondhjems Musikskole, som gjennom sin posisjon i NRK vart 1900-talets mest berømte improvisator. «Klaverovergangene var ved Johan Øian» var nærast eit ordtak. Grunnlaget for sin improvisasjonskunst lærte han hos Oscar Skaug. Inspirert av dette, og dessutan det faktum at orgelet er det einaste berande element av den europeiske improvisasjonskunsten, starta på 1990-talet ei satsing på improvisasjon i Trondheim, mellom anna ved å reservere ein 50 prosent undervisningsressurs til det.
Etter 3—4 år med gode resultat, vart undervisningsressursen redusert ned til ein tredel. NTNU sitt reelle bodskap vart at improvisasjon ikkje skal ha nokon plass i vårt undervisningssystem. Og ein ny Johan Øian treng vi i alle fall ikkje. Eit kultur-drap. Av uvilje eller mangel på kunnskap?
Konservatoriets innlemming i NTNU-systemet vart den store nedturen. Kyrkjemusikkprogrammet gjekk frå å vere eit satsingsområde til å bli eit avviklingsobjekt. Etter mindre enn 10 år var kostnaden per student redusert til meir enn det halve. «Og verre skal det bli», repliserte instituttstyrar på utsegna.
Dei hemningslause nedskjeringane har fagleg sett vore eit bomskott. Andre in-strumentalutdanningar burde skalere seg opp til orgelutdanningas nivå, ikkje omvendt.
Det einaste relevante spørsmålet om økonomi og utdanning er ikkje kva det kostar, men kva kostar det å la det vera?
Administrasjonen burde gå med i studentanes aksjonar. Vær ulydig! Risiker å bli sett under administrasjon. Da veit ein i det minste kvar skytset må rettast. Etabler konservatoriet som ein sjølvstendig, autonom høgskole og tredoble budsjetta. Enkle innlysande svar, — men for ein prosess!
Ein vemodig ironi: Det heile starta med surnadalingen Ole Andreas Lindemann. No sitt vi, tre surnadalingar, tett på dødsleiet til kulturen han starta.
Ved ein av dei:
Gjennom 41 år, orgellærar ved konservatoriet i Trondheim,
Jon M. Skogstad
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut