No er det avgjort kva dei nye institutta ved NTNU skal heita
Nye namn. Dei to nyoppretta historiske institutta ved NTNU er omsider døypte.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Khrono (Bergen/Trondheim): Under dagens styremøte ved NTNU skulle dei to nyoppretta historiske institutta ved Det humanistiske fakultetet (HF) ved NTNU, som vart til etter at det tidlegare Institutt for historiske studier vart splitta opp etter fleire år med konfliktar, omsider døypast.
Namnediskusjonen har versert i lang tid, og like over klokka 10 torsdag blei det avgjort kva dei to nye institutta skal heita: Institutt X for namnet «Institutt for historiske og klassiske studier (IHK), medan institutt Y får namnet «Institutt for moderne samfunnshistorie».
Les meir om bakgrunnen for namnediskusjonen her.
Usemje i styret
Under torsdagens styremøte blei det heftig diskutert før styret til slutt landa på kompromisset Institutt for moderne samfunnshistorie for Institutt Y. Dei gjekk med det mot rektor Anne Borg si innstilling, som var å kalle instituttet «Institutt for politisk og sosial historie».
Fleire av styremedlemmene meinte i utgangspunktet at Institutt Y burde heite «Institutt for moderne historie».
Medlemmene la vekt på at styret måtte ta eit prinsipielt val, og fleire meinte ein måtte søke etter namn som har så stort abstraksjonsnivå som mogleg. Både for ikkje å ekskludere forskingsfelt til dei tilsette, men også for at namnet skulle kommunisere godt utad.
— Vi vedtok før jul å dele institutt for historiske studier i to likestilte institutt, ikkje eit senter og eitt institutt. Dersom institutt Y blir heitande «Institutt for politisk og sosial historie», så meiner eg det vil opplevast utad som at det er eitt senter under Institutt X, sa styrerepresentant Ewa Morsund som representerer dei mellombels tilsette.
Vi har snakka om symmetri og fagleg aktivitet ved institutta. Samstundes må vi vise klokskap i denne situasjonen som vi står i. Eg vil støtte namnet «Institutt for moderne samfunnshistorie».
Svein Richard Brandtzæg
Ekstern representant: – Mykje anna som ligg bak
— NTNU vinn på at vi får eit så høgt abstraksjonsnivå på namna som mogleg. Det kommuniserer best eksternt. Difor er «Institutt for moderne historie» best. Debatten som har gått føre seg på fleire e-postar viser at dette ikkje handlar om namna, men at det er mykje anna som ligg bak, sa ekstern representant Maria Strømme.
Både Strømme, Tim Torvatn, Karoline Abildsnes, Kristin Melum Eide, Nina Refseth, Aksel Tjora, Adrian Heyerdahl, Kjersti Møller og Ewa Morsund ville helst ha namnet «Institutt for moderne historie» på Institutt Y.
Etter at diskusjonen hadde vart ei stund, var det fleire som sa at dei kunne vere villige til å gå for kompromissløysinga «Institutt for moderne samfunnshistorie».
Bjarne Foss, prorektor for forsking, tok etter kvart ordet og sa:
— Med tanke på kompleksiteten i denne saka, kan det å vurdere «Institutt for moderne samfunnshistorie» som namn på mange måtar vere klokt.
Opplesing av definisjon
Fleire av styrerepresentantane meinte det var vanskeleg å forstå kva samfunnshistorie faktisk betydde. Så las Kristin Melum Eide opp definisjonen i Mariam Webster-leksikonet, og det vart litt tydelegare for fleire.
Til slutt tok styreleiar Svein Richard Brandtzæg ordet og sa at han meinte det beste ville vere å gå inn for kompromissløysinga «Institutt for moderne samfunnshistorie».
— Vi ønskjer å sjå det frå eit prinsipielt synspunkt og vi vil ha eit namn som kan fungere både internt og eksternt. Vi har snakka om symmetri og fagleg aktivitet ved institutta. Samstundes må vi vise klokskap i denne situasjonen som vi står i. Eg vil støtte namnet «Institutt for moderne samfunnshistorie». Det kan matche krava til prinsippa som vart lagt føre i denne saka. Og det kan medreknast positivt i prosessen med forsoning. Vi må prøve å bidra til at forsoninga held fram, sa Brandtzæg.
— Men ingen må tru at dette er det ideelle namnet. Det er ikkje noko vi skal sprette champagneflaskene for, heldt han fram.
— Må leve med det
Saka enda utan votering, men konsensus om å gå inn for «Institutt for moderne samfunnshistorie» for Institutt Y.
Etter diskusjonen kommenterer både Ewa Morsund, Tim Torvatn og Aksel Tjora til Khrono at det er eit namn dei kan leve med.
— Eg meiner det er litt dårlegare enn «Institutt for moderne historie», men eg må leve med det, seier Morsund.
— Om fagmiljøa er meir happy med dette, kan eg leve med det. Det er ein spesiell situasjon og mange hensyn som skal takast. Det er avveging mellom det pragmatiske og det prinsipielle, sa Tjora.
— Men eg trur det var viktig og bra at det vart konsensus og ikkje avstemming i denne saka, seier Tjora.
Nyeste artikler
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Norge publiserer tredje mest i forhold til folketallet
Stort tematisk mangfold i romjulsfilmene
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
KI-generert lærebok skaper bølger. — Helt absurd