Kranglar om nye namn på nye institutt ved NTNU
Nye namn. To nye historiske institutt ved NTNU skal døypast neste veke. Namneforslaga som no ligg på bordet er ikkje ukontroversielle.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Neste veke får styret ved NTNU ei namnesak på bordet. Dei skal døype dei to nyoppretta historiske institutta ved Det humanistiske fakultetet (HF), som vart til etter at det tidlegare Institutt for historiske studier vart splitta opp etter år med konflikter.
Det var Universitetsavisa som først omtalte namnesaka.
Etter omfattande brev- og e-postveksling på kryss og tvers mellom institutt, fakultet- og rektorat-nivå, har rektor Anne Borg slutta seg til det styret ved HF sitt vedtak i saka. Ho ber dermed styret om å vedta følgande namn på dei nye institutta:
Institutt X får det nye namnet Institutt for historiske og klassiske studier (IHK), medan institutt Y får namnet Institutt for moderne politisk og sosial historie (IPH).
Vi har brukt tida så godt som mogleg og det har blitt jobba med fleire forslag til namn på Y. Vi lukkast dessverre ikkje med å finne ei omforent løysing før saka vart sendt til NTNU sitt styre.
Anne Kristine Børresen
«Kan bidra til å styrke motsetningene»
Men det er ikkje ei ukontroversiell innstilling. Ifølgje styrepapira har det ikkje vore ein dans på roser å kome fram til desse namneforslaga. Dekan ved HF, Anne Kristine Børresen, skriv til rektor at:
«navnesaken kan (red. anm.) bidra til å opprettholde og styrke motsetningene mellom instituttene. Grunnlaget for å gjenopprette et forsvarlig arbeidsmiljø og på sikt legge til rette for samling av de to instituttene i en felles enhet vil dermed bli svekket.»
Foreslo to namn
Årsaka er at det ikkje har vore mogleg å finne eit kompromiss i saka. Både institutt X og Y fekk kome med to namneforslag kvar, med bakgrunn i desse kriteria:
Namn skal ikkje indikere konkurranse med det andre instituttet. Namn skal, så langt det lét seg gjere, vere dekkande for breidda av fagleg aktivitet ved instituttet. Namna skal kommunisere godt utad. Namna skal starte med «Institutt for...» og skal helst ha ei forkorting på tre bokstavar.
Institutt X med leiar Erik Opsahl i spissen kom med to forslag: 1) Institutt for historiske og klassiske studier, som fekk størst oppslutnad av dei tilsette, og 2) Institutt for arkeologiske, historiske og klassiske studier.
Medan Institutt Y med leiar Hans Otto Frøland i spissen, kom med sine to forslag: 1) Institutt for moderne historie og 2) Institutt for nyere historie.
Stor usemje
I rektor si tilråding til styret blir det dermed forslått at Institutt X får eitt av dei to namna dei sjølve hadde kome fram til. Medan Institutt Y ikkje får tilslag på sine forslag.
Brevvekslinga i saka viser at det framleis er stor usemje mellom dei to institutta.
Ifølgje den brevvekslinga som har gått føre seg i saka, går usemja på at tilsette ved Institutt X meiner namna Institutt for moderne/nyare historie vil indikere konkurranse mellom institutta. Dette fordi dei opplever at desse namna monopoliserer denne delen av historiefaget og at fleire av dei tilsette ved Institutt X også har moderne historie som sin førstekompetanse.
I eit brev til dekan Børresen skriv instituttleiar Opsahl at dei er redde for at ei avgjerd om å gi Institutt Y namnet Institutt for moderne eller nyare historie vil starte ein «destruktiv intern konkurranse til ugunst for NTNU».
Dei tilsette ved institutt Y meiner på si side at dette namnet best omfamnar breidda av den faglege aktiviteten på sitt institutt. Dei meiner at meir spesifikke namn, som blant anna dreg inn politisk og sosial o.l., vil gjere at tilsette ved Y som arbeider innanfor andre felt også vil kunne føle seg ekskluderte.
I eit notat skriv instituttleiar ved Y, Hans Otto Frøland, at:
«Det er fremgår ikke hvorfor eller hvordan «moderne historie» skal representere en trussel mot enkelte forskeres faglige identitet, men at et navn som inkluderer mer spesifikke kategorier som politisk, økonomisk, sosial, kultur o.l. ikke skal representere samme identitetstrussel.»
Meiner det er viktig å få på plass namn no
Khrono har vore i kontakt med leiinga i NTNU og fått opplyst at det er dekan Anne Kristine Børresen som skal uttale seg i saka. Børresen svarer på spørsmål frå Khrono i ein e-post:
— Du skriv sjølv i ditt skriv til rektor at «så lenge det ikke har vært mulig å finne et kompromiss, kan navnesaken bidra til å opprettholde og styrke motsetningene mellom instituttene». Hadde det ikkje då vore betre å gå ei ekstra runde for å prøve å kome fram til eit kompromiss?
— Både instituttleiarane og eg er samde om at vi ønskjer at NTNU sitt styre skal vedta namn no. Namn trengst for ei rekke praktiske formål og for at instituttleiarstillingane skal kunne lysast ut. Vi har brukt tida så godt som mogleg og det har blitt jobba med fleire forslag til namn på Y. Vi lukkast dessverre ikkje med å finne ei omforent løysing før saka vart sendt til NTNU sitt styre, skriv Børresen.
— I rektor si tilråding til styret, sluttar rektor seg til vedtaket i fakultetsstyret, som var å gi Institutt X eit av namna som dei sjølve foreslo, medan Institutt Y ikkje får tilslag på nokon av sine namneforslag. Er det ikkje då betre å gi verken X eller Y tilslag på sine forslag, sidan dette ifølgje dine notat vil kunne føre til å styrke motsetnadane mellom institutta?
— Vi har ikkje jobba langs det sporet, men heller brukt tid på å finne eit kompromissforslag som Y kan akseptere. Dette var heller ikkje tema då fakultetsstyret behandla saka, skriv Børresen.
Tre representantar røysta blankt
Sjølv om fakultetsstyret til slutt landa på eit vedtak, var det også der usemje om dei skulle lande på namnet Institutt for moderne politisk og sosial historie for Institutt Y. Det var til slutt vedtatt med seks mot tre røyster.
Tre representantar, Lasse Hodne, Gøril Thomassen Hammerstad og Anne Dahl røysta alle blankt for forslaget og grunngir det slik i ein e-post:
«[Det er] NTNU-styret som formelt skal fatte vedtaket om nye navn for Institutt X og Y [...].NTNU-styret har spilt en helt annen rolle i prosessen rundt gamle IHS enn det vi har, og bør ha langt bedre kjennskap til implikasjonene av de nye navneforslagene. Vår vurdering er derfor at dette er en avgjørelse de bør ta, uten at vi gir dem en falsk forståelse av situasjonen på fakultetet, slik et enstemmig vedtak fra oss i denne saken kunne gi. [...]Hvis avstemmingen deles i to etter kulepunktene i vedtaksforslaget, har vi ingen problemer med å stemme for forslaget til nytt navn på Institutt X. Slik vi forstår prosessen, vil dette ikke bidra til å forsinke navnefastsettingen, men vil derimot signalisere til NTNU-styret at dette ikke er en ukontroversiell sak som har konsensus på fakultetet. Dermed må de gjøre sine avgjørelser på dette grunnlaget.»
Komande torsdag kjem fasiten på kva styret vil vedta i saka.
Nyeste artikler
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Norge publiserer tredje mest i forhold til folketallet
Stort tematisk mangfold i romjulsfilmene
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Ikke lønnsøkning før i mars og april. Advarer mot skattesmell
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake