Politiforsking
Meiner det skortar på kultur for forsking i justissektoren
— Det står ikkje på viljen, seier leiar av forskingsavdelinga ved Politihøgskolen, Lene Bomann-Larsen. I Khrono har høgskolen fått kritikk for mangel på brukbar forsking.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kunne etterforskinga av drapet på Birgitte Tengs fått eit anna utfall om vi hadde hatt meir profesjonsretta forsking? Den tidlegare drapsetterforskaren og no forskar, Ivar Fahsing, stilte spørsmålet og svarte sjølv på spørsmål: Ja, sannynlegvis.
Fashing er sterkt kritisk til det han meiner er mangel på konkrete politi- og etterforskingsmetodar som kan bidra til å hindre at ting går galt, før det går galt.
— Mesteparten av forskinga på Politihøgskolen blir gjort av kriminologar som aldri har utført eit politiarbeid. Dei interesserer seg for dei store linjene, ikkje sjølve handverket, uttalte Fahsing mellom anna, til Khrono.
— Har heilt rett
Avdelingsleiar for forsking ved Politihøgskolen, Lene Bomann-Larsen, ønskjer Fahsings kritikk velkommen.
— Han har heilt rett i at det er behov for å styrke forskinga på kva metodar og tiltak som faktisk verkar innan etterforskingsfeltet – og ikkje minst på forskingsbasert utvikling og nye og forbetra metodar, seier ho.
Ho peikar på at mykje har endra seg sidan Tengs-saka vart etterforska første gong, både teknologisk og når det gjelde metodar for avhøyr.
— Saka viser likevel kor viktig nytenking og innovasjon er for å styrke politiets arbeid, seier ho.
Ivar Fahsing er sjølv forskar ved Politihøgskolen, men er for tida i permisjon for å forske ved Senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo. Han brukar mellom anna kognitiv psykologi for å kartlegge blindsoner og fallgruver i etterforsking, basert på studiar som simulerer konkrete problemstillingar i politiarbeidet.
Utan meir av denne typen forsking, som kan peike på faktorar som får det til å gå galt i etterforsking – før det går galt – vil vi komme til å sjå fleire politi- og rettsskandalar i Noreg framover, meiner Fahsing.
— Må skape forståing
Ifølgje forskingsleiar Bomann-Larsen trengst meir målretta og bevisst satsing på forsking, og pengar til forsking i justissektoren, ikkje berre på Politihøgskolen.
Bomann-Larsen gir uttrykk for at for få oppfattar betydninga av og verdien av forsking.
— Det står ikkje på viljen eller erkjenninga på Politihøgskolen, men det må skapast ein kultur og forståing for betydninga av forsking og innovasjon i heile justissektoren. Også når det gjeld å ta denne i bruk, seier ho.
— Politifagleg erfaring kan vere ein styrke når det skal forskast både på etterforskingsfeltet og innan det operative politiarbeidet. Samstundes er det viktig å hugse at også kvalitativ forsking, og forsking med eksternt blikk, gir viktige bidrag til å seie noko om kva som verkar og ikkje verkar. Dette kan i sin tur føre til forebtringar og innovasjon i metodar og teknikkar. Politivitskapen er eit tverrfagleg felt, seier Bomann-Larsen.
Ho seier Politihøgskolen satsar strategisk for å rekruttere folk med politifagleg bakgrunn inn i både forskarutdanning og forskarstillingar.