Debatt ● gunnar yttri
Kunsten å få eit nytt landskap til å bløma
Torsdag får Noreg ei ny regjering. Tida er komen for å verdsetja at utviklinga dei to siste tiåra har gitt eit nytt landskap av universitet og høgskular.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Ei plattform er meisla ut. Den nye regjeringa vil gjera grep i lærarutdanninga. Andre signal ligg i programma dei to partia tok med seg inn i valkampen.
Hjå Senterpartiet handlar noko av bodskapen både om profesjonsfaga og tillit til sektoren. Det handlar om å styrke etter- og vidareutdanning i distrikta og syte for at høgare utdanning er tilgjengelig i hele landet ved å utvikla og utvida studiestader på høgskular og universitet.
Og innan FoU-arbeidet (forsking og utvikling, red.anm) handlar det om å nå målet om at forsking skal utgjere 3 prosent av BNP innan 2030. Arbeidarpartiet har ein litt breiare tilnærming. Verdsleiande forskingsmiljø, sterke profesjonsutdanningar og lærestader som leiar an i regional utvikling står først å lesa.
Finansieringsordningar som fremjar lærestadenes breie samfunnsoppdrag, respektere eigenart og belønne mangfald i sektoren er eit anna punkt. Opptrapping av studieplassar, arbeidslivsrelevans og satsing på studentars psykiske helse er og nemnt.
Me saksar oss gjennom dei to partiprogramma. Me peikar på avsnitt me likar. Det handlar ikkje berre om distriktspolitikk. Det handlar om heile landet. Viktigast av alt er at det framleis ligg eit ope rom som me i sektoren kan bidra til å fylla. Og kanskje er ikkje desse partiprogramma svara på det me spør om, ventar på eller kan forventa oss.
Mi største forventning er at den nye regjeringa byggjer ein politikk som er tilpassa og utvikla for eit nytt landskap innan forsking og høgare utdanning. Det er eit landskap som har fått si form ved seinare års endringar og reformer der regjeringa og Stortinget har gitt retning. Alt ved inngangen til 2017 var talet på statlege universitet og høgskular redusert frå 33 til 21. Men det er uråd å sjå at desse endringane har medført vesentlege endringar i styring og finansiering.
Mi største forventning er at den nye regjeringa byggjer ein politikk som er tilpassa og utvikla for eit nytt landskap innan forsking og høgare utdanning.
Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet
Særleg to grunnleggjande nyvinningar står fram. Det eine er nye fleir-campus-institusjonar, kjenneteikna av fleire studiestadar i større geografisk område, og i heller skarp kontrast til dei tradisjonelle einbølte. Det andre er dei nye universiteta, universitet med opphav i tidlegare høgskular. I sin kjerne koplar dei nye universiteta høgskulane sin sterke praksis- og samfunnsrelevans med universitetets vitskaplege etos. Dette kan verta Noreg sitt store fortrinn.
Fleire av mine rektorkollegaer har i det siste tona flagg på eigenhand. Me har samla oss kring nokre bodskap gjennom Universitets- og høgskulerådet (UHR). Forventningar har me. Nokre av desse treff det som dei to nye regjeringspartia seier dei vil prioritera i sin politikk for høgare utdanning og forsking. Anna haustar lite applaus, og vert møtt med kritikk og ei viss uro. Døme på dette er forslaget om å innføra lokale utdanningssenter i heile landet.
Ei samla forventning frå oss i sektoren er trongen for ein politikk som er tydeleg og føreseieleg. Det må òg vera ein politikk som famnar sektoren og som står seg over tid. Det vil alltid blåsa politiske vindar i landet vårt. Det har vore eit solid renn av stortingsmeldingar og NOU-ar på få år. Nyss leverte me alle høyringar til langstidsplanen for forsking og høgare utdanning.
Så er me òg på veg ut av ein pandemi som har lært oss mykje. Det manglar ikkje på bakgrunnsmateriale. Men me er heilt avhengige av ein føreseieleg politikk, ein politikk som viser tillit og spelar oss gode – og som verdset og støttar opp under at utviklinga dei to siste tiåra har gitt eit nytt spekter av nye og ulike institusjonar Akkurat det siste er viktig å understreka.
Me må få løysa dei store samfunnsoppdraga med ulik profil, tilnærming og (sam)arbeidsmåtar. Institusjonar med ulik profil, føresetnader og rammevilkår kan heller ikkje verta målt etter dei same kriteria overfor departement. Her trengs det ei breiare tilnærming og nytenking.
Den nye regjeringa må fanga opp at universitets- og høgskulelandskapet har endra seg. I dagens kunnskapssystem ligg det nokre historisk utdaterte hindringar både i finansierings- og styringssystem. Det er det på tide å gjera noko med.
I dette biletet er det openbert at fleir-campusinstitusjonar med profesjons- og arbeidslivsretta profilar spelar ei nøkkelrolle. Dette er regionale kraftverk innanfor utdanning, forsking og innovasjon. Me er drivarar i samfunnsutviklinga. Fleire av oss er nye fusjonerte fellesskap som dekkjer store geografiske område. Me har ei stor og samla fagleg slagkraft. Samstundes er me i praksis desentraliserte og fleksible i utdanning, forsking og samhandling. Potensialet for ei sterkare regional og nasjonal rolle er formidabel.
Konteksten og konkurransen er internasjonal. Me treng ein politikk som gir rammer som sikrar og utviklar fleir-campusinstitusjonar. Om ei tid vil Høgskulen på Vestlandet søka om universitetsstatus med utgangspunkt i fem sterke og levande campus. Dette gjer me for å auka kapasitet og kvalitet - i utdanning, i forsking og i vår samhandling med arbeids- og næringsliv. Me veit at våre kandidatar er viktige for heile Vestlandet og dertil landet.
Vår sterke praksisorientering og samhandling med arbeids- og næringsliv, offentleg og privat sektor, gir oss ein høg samfunnsnytte. Denne meirverdien må stimulerast meir. Kvalitet i samhandling i utdanning, forsking og nyskaping fordrar ressursar. Basisfinansieringa av vår type institusjon kan trygt styrkast om kunnskapsbasert samfunnsutvikling er målet.
Å byggja oss sterkare ved å tildela frie studieplassar som kan nyttast inn mot livslang læring og som vi kan forvalta i samarbeid med regionalt arbeids- og næringsliv, meiner me vil vera effektivt og godt. Nye studieplassar til oppskalering av visse profesjonsutdanningar er eit anna grep den nye regjeringa kan prioritera i visse om at det gir ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling.
Spanande tider står føre. Det blir regjeringsskifte. Noko av den nye politikken er klår. Andre ting er ope og usagt. Det kan koma endringar, det kan koma overraskingar. Kunsten er uansett å få det nye landskapet av universitet og høgskular til å bløma.
Les flere debattinnlegg på Khronos debattsider