språk
Kritisk til engelsk språkdominans: — Mindre morsmål fører til dårlegare utdanning
Det finst ingen gode pedagogiske eller intellektuelle argument for bruk av engelsk i høgare utdanning, meiner forfattarar av debattbok.
«På engelska förstår jag ungefär», er tittelen på ei bok dei to forfattarane Ola Håkansson og Peter Svensson har gitt ut i Sverige — «på engelsk forstår eg sånn omtrent».
Tittelen er dekkande for språksituasjonen i høgare utdanning i Sverige, meiner dei — ein situasjon som på mange måtar liknar den i Noreg.
— Det er temmeleg «korkad», eigentleg, er Ola Håkanssons diagnose i tabloidversjon.
— Den dominerande stillinga engelsk har fått som undervisningsspråk i Sverige har ikkje noko intellektuelt grunnlag, slik ein forventar at universiteta skal ha, seier han.
Tabu på universitetet
Håkansson har vore forleggar for akademisk litteratur i Sverige i 25 år og har på nært hald følgt det han ser på som ei urovekkande utvikling, særleg etter Bologna-prosessen skaut fart og endra den europeiske utdanningsmodellen utover 2000-talet:
Svensk er blitt stadig meir marginalisert som undervisnings- og bruksspråk i svensk akademia. Bøker som ikkje er på engelsk, er blitt stadig vanskelegare å få gitt ut.
Håpet er at debattboka skal opne eit rom for å snakke om prisen for å skifte ut morsmålet i pensum og undervisning med stadig meir engelsk. I dag er dette eit tema som er blitt nærast tabu på svenske universitet, eller blir sett på som bortimot reaksjonært, ifølgje Peter Svensson.
Svensson er forskar og underviser i bedriftsøkonomi ved Lunds universitet, og har saman med Håkansson skrive debattboka.
— Det blir oppfatta som noko nær ei naturlov at engelsk tar over, men det er det ikkje. Det er faktisk eit val vi tar. Språkpolitiske og strategiske val har konsekvensar, også negative. Vi burde kunne krevje av eit universitet at ein fokuserer på argument og diskuterer for og imot. Det er det vi prøver på med denne boka, seier Svensson.
— For internasjonalisering — og mangfald
«Den ukritiske ekspansjonen av engelsk i den akademiske verda — i utdanning, pensumlitteratur og forsking — er lite gjennomtenkt, uintellektuell og får konsekvensar for studentar, lærarar og forskarar», skriv forfattarane i boka.
Ei svensk undersøking frå 2023 viser at ni av ti svenskar trur dei er betre i engelsk enn gjennomsnittet. «Det är förstås en ekvation som unte går i hop», fastslår forfattarane.
Samstundes peikar dei på internasjonaliseringa av forsking og høgare utdanning som eit gode.
— Det er ei vanleg misforståing å setje likskapsteikn mellom internasjonalisering og bruk av engelsk. Men dette er ikkje det same. Det finst ulike måtar å internasjonalisere på, og det treng ikkje nødvendigvis vere å underkaste seg eit språkleg hegemoni, i denne samanhengen engelsk, seier Håkansson.
I dette perspektivet er overdriven og unødvendig bruk av engelsk noko som tvert om kan svekke internasjonaliseringa: Når studentar og forskarar som kjem får utlandet til Sverige ikkje får høve til å lære språket, mistar dei samstundes tilgangen til å delta i og få ei djupare forståing av samfunnet og kulturen.
— Vi er ikkje imot internasjonalisering. Vi er for internasjonalisering som tar omsyn til at det er eit språkleg mangfald i verda.
Dei understrekar at dei meiner engelsk skal brukast der det er nødvendig.
— Men i dag blir engelsk også tatt i brukt utdanning og undervisning der det slett ikkje er nødvendig.
Eit hovudpoeng i boka er at det å kunne lære på sitt eige morsmål har dokumenterte pedagogiske fordelar. Forfattarane refererer fleire studiar frå Norden og andre stader. Dei viser at studentar som ikkje får utdanning på eller les på sitt eige morsmål, oppnår dårlegare resultat.
Manglar pedagogisk grunn
Studentar som får undervisning på engelsk har generelt ein tendens til å sitje igjen med meir overflatisk læring, mellom anna fordi dei fokuserer på å forstå engelske ord og omgrep. Dermed går dei glipp av nyansar og potensielt viktige poeng i bodskapen som teksten eller undervisaren vil ha fram, og som ein morsmålsbrukar raskt ville ha oppfatta.
Meir komplekse resonnement kan gå hus forbi fordi refleksjon og djuplæring viker for overflatisk «avkoding» av tekstar og forelesingar.
Dersom utdanningsinstitusjonane hadde lagt pedagogikk til grunn, burde dei dermed vere langt meir varsame med å erstatte svensk med engelsk, meiner Svensson og Håkansson.
— Kort sagt fører mindre morsmål til dårlegare utdanning. Og utdanninga er jo til for studentane.
Eit anna argument for å halde på svensk språk i utdanninga handlar om arbeidsmiljøet.
— Både studentane og lærarane sitt språk blir mykje dårlegare når ein må kommunisere på eit framandt språk, med alle sine nyansar, omgrep og idiomatiske omgrep ein ikkje kjenner, forstår eller er trygg på. Humor, ironi, alt slikt blir vanskeleg eller forsvinn. Det går utover undervisningssituasjonen, det sosiale kittet, seier Håkansson.
Djupast sett er det grunnsynet på kva utdanning — og danning — skal vere, som ligg til grunn for argumentasjonen i boka.
— Sverige er eit ingeniørland med ei forventning om at ein skal bidra til nye patent, oppfinningar og så vidare. Det er ein viktig funksjon med utdanninga, men ikkje den einaste. Ein gløymer at det også handlar om å utvikle menneske som individ, eksistensielt og moralsk, seier Svensson.
«Fullkomlig idioti»
I forskinga er engelsk, som i mange andre land, blitt totalt dominerande i Sverige. 93 prosent av alle doktorgrader blei skrive på engelsk i 2019. I humaniora, der svensk tradisjonelt har hatt ei sterk stilling, blei 70 prosent av avhandlingane skrivne på morsmålet — i 1979. No er andelen engelsk i dei humanistiske faga oppe i 70 prosent.
Situasjonen er lik i samfunnsvitskapane, der andelen engelsk er gått opp frå 30 til 75 prosent.
Men engelsk dominerer ikkje berre i forskinga. Halvparten av pensumlitteraturen på lågare grads utdanningar i Sverige er på engelsk.
— Når internasjonal publisering meritterer, og rekrutteringa favoriserer dei som publiserer mest, bidrar det til å endre språkkulturen innanfrå, seier Svensson.
Svensson og Håkansson siterer sekretær og tidlegare leiar for Svenska Akademien, Horace Engdahl, som deler ut Nobelprisen i litteratur. Han kallar anglifiseringa av høgare utdanning i Sverige for «fullkomlig idioti», og hevdar utviklinga framfor alt bygger på ein bedriftslogikk som botnar i «många rektorers budgeter».
Konformitet og konkurranse
Den vurderinga er i strengaste laget, ifølgje forfattarane — men berre litt. For kronargumentet som ofte blir trekt fram i debattane om engelsk i akademia er nettopp behovet for henge med i den internasjonale forskings- og utdanningsmarknaden.
— Studentane si læring verkar å vere underordna målet om å sikre ein internasjonal posisjon og få ta del i ein internasjonal arbeidsmarknad, seier Svensson.
I Noreg har rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, vore blant dei som har hevda at språkkrav kan føre til at ein taper i konkurransen om internasjonale talent.
— Eg er skeptisk til konkurranseargumentet. Det er ikkje nødvendigvis slik at du får betre folk på universitetet berre fordi folk frå heile verda kan søke. Du får den som har publisert mest, og det treng slett ikkje vere den beste, seier han.
Håkansson og Svensson er opptekne av eit moment som har vore sentralt i den norske språkdebatten, nemleg faren for såkalla domenetap: Når engelske ord, språk og omgrep grip om seg på lærestadene, aukar faren for at svensk (eller norsk) til slutt mistar posisjonen som samfunnsberande språk.
Men å ta opp dette problemet er truleg vanskelegare i Sverige, fordi samtalen er endå meir konform enn i Noreg, ifølgje Svensson.
Etter at boka kom ut i Sverige, har forfattarane blitt invitert til å halde mange foredrag, og mange har engasjert seg. Men politikarane og rektorar på høgare utdanningsinstitusjonar held seg på avstand. Frå den kanten er viljen til å problematisere eller diskutere «medaljens bakside» lik null.
— Vi har ein dikotom debattkultur i Sverige, det er enten svart eller kvitt. Det som er i mellom blir raskt betent, og særleg gjeld det følsame politiske spørsmål. Vi prøver også problematisere denne dikotomien, seier Svensson.
— Dårleg sjølvtillit
Ein ting trur han Sverige og Noreg har felles, og det er det provinsielle sjølvbildet.
— Vi har dårleg sjølvtillit, og er opptekne av kor små vi er. Det gir ein viss status med engelsk i akademia. Det ligg høgare i hierarkiet enn svensk, som liksom blir litt dumt i ein internasjonal, intellektuell samanheng. Det er rett og slett ein del jåleri ute og går, seier Svensson.
I realiteten er det liten grunn til det, meiner han, for svensk, med meir enn ti millionar brukarar — og norsk med seks — er relativt store språk i verdssamanheng.
Håkansson trur mange ikkje vil innrømme eller snakke høgt om at dei å dei ikkje kan godt nok engelsk, ikkje minst professorar og dei på høgste nivå.
— Å høyre til eliten av utdanna menneske, og så seie til arbeidsgivaren sin at «eg er litt usikker på engelsken, eg vil heller køyre dette masterkurset på svensk», det er det nok ikkje mange som vil gjere, seier Håkansson.
Svensson legg til at sjølvinnsikta ikkje alltid aukar med utdanningsnivået. Han trur det er grunn til å tru at akademikarar i minst like stor grad som folk flest overvurderer eigne språkkunnskapar.
— Med den relative inkompetansen i engelsk følgjer også inkompetansen til å bedømme sin eigen kompetanse, seier han.