Det norske videnskaps-akademi
Knivar om toppverv i Forskings-Noreg
Kenneth Ruud og Lise Øvreås stiller til val for å bli ny preses i Akademiet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Om litt meir enn ei veke skal medlemmane i Det Norske Videnskaps-Akademi velje ny preses, personen som fungerer som akademiet sin styreleiar og ansikt ut.
Valet står mellom UiT Norges arktiske universitet-professor og påtroppande administrerande direktør i Forsvarets forskninginstitutt, Kenneth Ruud, og Universitetet i Bergen-professor Lise Øvreås.
Ein av dei to skal frå 1. januar 2022 og tre år framover vere frontfigur for det mange kort kallar Akademiet, som jussprofessor Hans Petter Graver har gjort i snart tre år.
— Forsvaret av vitskapen
Dei er begge svært glade for tilliten valkomiteen har vist dei ved å spørje dei om å stille til val.
— Eg synst Akademiet har ein viktig funksjon som ein stad for forsvaret av vitskapen i offentlegheita og overfor styresmaktene. Det er også ein møtestad kor ein kan diskutere sentrale vitskaplege problemstillingar, seier Kenneth Ruud innleiingsvis når han skal forklare motivasjonen for å stille til val for dette vervet.
Ruud er i dag visepreses for den matematisk-naturvitenskapelige klassa i Akademiet.
— Eg meiner eg har ein bakgrunn med lang erfaring med framifrå grunnforsking og i tillegg ei brei forskingspolitisk erfaring som er nyttig inn i dette vervet. Og eg vil kunne bruke nettverket mitt til å fremje vitskapen si sak, seier Ruud.
Viser til den omtalte Rystad-rapporten
Lise Øvreås sit som norsk medlem i det som heiter European Academies 'Science Advisory Council (EASAC). Det arbeidet har ho blitt glad i, og ho brenn for å fremje vitskapen.
— Vitskapen er under press no. Vi har statsleiarar som ikkje bryr seg, passar ikkje vitskapen med politikken, så bestiller dei heller berre nye rapportar, seier Øvreås og peiker blant anna på kva slags forhold tidlegare president Donald Trump hadde til vitskapen.
Men også det som har skapt overskrifter i Noreg den siste tida, nemleg den mykje omtalte Rystad-rapporten som oljelobbyen bestilte.
— Det er viktig at vi i eit land som Noreg, som har få akademikarar samanlikna med andre land, står samla for å bli høyrt. Spesielt i desse dagar kor vi ser at det er svært viktig at det er den reelle vitskapen som kjem fram og bidreg til politikkutforminga. Vi har ofte ikkje to strekar under svaret, men då er det viktig av vi målber det vi veit, òg usikkerheita, seier Øvreås.
Vil opne Akademiet
Ruud seier at det han ønskjer å arbeide for dersom han blir vald som preses, blant anna er å opne Akademiet i større grad og gjere kompetansen til alle medlemmane meir tilgjengeleg for samfunnet.
I tillegg ønskjer han å styrke Akademiet sitt arbeid med vitskapsrådgjeving for politikkutforming.
— Måten vi jobbar på er å bygge på internasjonale gjennomgangar av kva som er kunnskapsstatus, og deretter gjere dette kjent for dei som skal ta politiske avgjerder. Vi er ein uavhengig organisasjon og har ein svært kompetent base, så dette arbeidet må vi styrke og vi må formidle denne aktiviteten i større grad, seier Ruud.
Ønskjer meir diversitet
Øvreås, som har erfaring frå slikt arbeid i EASAC, har erfart at denne typen arbeid har ført til at politikk har blitt endra. Difor meiner også ho at dette blir ei viktig oppgåve for Akademiet framover.
I tillegg ønskjer ho å engasjere fleire folk også frå utanfrå Oslo, kor Akademiet har base.
— Vi må bruke breidda i kompetansen som heile Noreg har, og ikkje berre i Oslo. Det er viktig at vi står samla som Akademi og no er tida inne. Vi kan gjere mykje digitalt og få inn fleire medlemmar frå andre stader også, seier Øvreås.
Øvreås ønskjer også større diversitet i Akademiet.
— Eg er ikkje for kvotering, det skal vere same krav til alle, men eg trur det er mange flinke der ute som ikkje blir nominerte og valde inn. Vi treng diversitet på kjønn, geografi og alder, seier Øvreås.
Kan bli tredje kvinne
Skulle Øvreås bli vald, vil ho bli den tredje kvinna i heile Akademiet si historie til å ha toppvervet.
Berre professor emerita ved Universitetet i Oslo, Kirsti Strøm Bull (2012-2015), og professor Inger Moen (1998-2003), har tidlegare hatt preses-vervet.
Valet skal skje på eit, for første gong, digitalt medlemsmøte den 16. september.
Begge dei to kandidatane håper det vil skape større oppslutnad om valet.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut