samordna opptak
Hardt ut mot statsråden si olje-oppmoding
Unge bør søkja seg til oljeretta utdanning, meiner forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Fleire reagerar.
Både Miljøpartiet de grønne (MDG) og Natur og ungdom reagerer etter at forskings- og høgare utdanningsminster Ola Borten Moe (Sp) sa til NRK at han oppmodar unge om å søkja oljeutdanning. Fristen til Samordna opptak er som kjent 20.april.
— Det er den største og viktigaste næringa i Noreg. Me har brukt femti år på å bygga opp kompetanse innanfor olje og gass. No er det få som søkjer, me treng større interessa, sa Borten Moe til NRK onsdag morgon.
Han viser til tal Kunnskapsdepartmentet har henta inn: I 2013 var det nær 7500 unge som søkte seg til oljerelaterte utdanningar. I fjor var talet 6000 færre.
MDG: Dårleg råd
Rasmus Hanssson, stortingsrepresentant for MDG, skriv i ein sms til Khrono at det er eit dårleg råd å be studentar om å ta fag verda er på veg vekk frå, og endå dårlegare å lura studentar til å satsa studiegjeld og framtid på noko dei snart må ut av.
— Det er ikkje spesielt musikalsk at forskingsministeren er mest oppteken av å få studentar til å investera framtida si i ei næring han sjølv tener millionar i. Men det mest problematiske er at forskingsministeren nektar å sjå det både studiestadane og nye studentar ser godt, nemleg at framtida treng alt anna enn nye petroleumsspesialistar, seier Hansson.
Også Natur og Ungdom reagerer.
— Nesten litt uansvarleg, seier nestleiar Simon Balsnes til NRK, og viser til den ferske rapporten frå FN sitt klimapanel.
— Borten Moe representerer det partiet som aller mest hardnakka nektar å halda seg til forsking. All forsking ber verda om å med ein gong slutta å leita etter olje og gass, og slutta å produsera det rundt 2035, skriv Hansson.
Viser til det grøne skiftet
Borten Moe viser til at sjølv om ein skal gjennom eit grønt skifte, treng ein dei store petroleumsselskapa.
— Det er desse som har løftekrafta, både økonomisk og industrielt, til å gjennomføra denne typen omstillingar og investeringar me treng når ein etter kvart skal over på andre energiformer, seier statsråden til NRK.
Han seier det er statsråden som snakkar - ikkje eigaren av eit oljeselskap. Borten Moe har vore medeigar av eit norsk oljeselskap sidan 2015.
Balsnes seier seg samd i at petroleumsingeniørar og andre som jobbar innanfor petroleumsfeltet sit på mykje kunnskap, også kunnskap som vil kunne brukast i framtida.
– Men råda frå Ola Borten Moe byggjer jo på at han har ei forventning om ganske høg og langsiktig aktivitet innanfor fossil energi, ikkje innanfor dei nye løysingane.
Nyeste artikler
Is courageous leadership rare in academia?
Få spørsmål til Oddmund Hoel i Stortinget: — Lite uenighet og oppmerksomhet
Når elevane brukar nettbrett jobbar dei meir åleine
Forskere og stipendiater klager inn norskkravet til ESA
«Hope labour» synes å ha fått fotfeste i akademisk arbeid
Mest lest
«Ingen» studentar veit kven han er: — Dette er for dårleg
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe