Min doktorgrad

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng har forska på kva som skjer når nettbrett kjem inn i begynnaropplæringa. Ho filma vanlege skuledagar på 1. og 2. trinn.

Når elevane brukar nettbrett jobbar dei meir åleine

Det digitale skulle ta rolla til bøkene i norsk skule. — Det var tydeleg at ein treng kunnskap om kva som skjer når ein tek i bruk digitale plattformer, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. 

— Kva er det du har skrive avhandling om?

— Eg har skrive om bruk av nettbrett i begynnaropplæringa. Eg har særleg vore oppteken av samhandlinga mellom lærar og elev.

FAKTA

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

  • Har levert avhandlinga «Nettbrett i begynnaropplæringa. Ein studie av lærar–elev-interaksjon og bruk av nettbrett i klasseromspraksis»
  • Er tilsett ved Høgskulen i Volda, men disputerte ved Universitetet i Stavanger 29. november

— Kvifor vart det avhandling om akkurat dette emnet?

— Prosjektet DigiHand, som doktorgraden min er ein del av, starta i 2019. To år tidlegare kom det ein ny, digital strategi for norske skular, med oppmoding om å ta i bruk digitale plattformer. Det vart tydeleg at dette er noko ein treng kunnskap om: Fleire skular ville no vera papirlause, det digitale skulle ta rolla til papiret. Men kva skjer når ein gjer dette? Og kor mykje er nettbretta i faktisk i bruk?

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg har filma i klasserom, hos 1. og 2. trinn. Eg vart dels stoppa av pandemien, så det var flest opptak frå 1. trinn. Eg har vore oppteken av kva som skjer i den naturlege konteksten, så eg har ikkje bede lærarane om å gjera noko spesielt. Det eg har sett på, er kor mykje nettbrett har vore i bruk og på korleis dei vert brukte, særleg i samhandlingar. Eg har ikkje sett på spesielle appar, men på om det skjer endringar i klasseromma når ein tek i bruk nettbrett.

— Kva finn du?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Elevane jobbar meir åleine når dei jobbar på nettbrett. Det vert færre kommunikasjonsarenaer og den sosiale læringsarenaen vert mindre. Eg har analysert kvaliteten i interaksjonane mellom elev og lærar, og finn at den emosjonelle støtta vert lågare. Samstundes finn eg at produktiviteten går opp.

— Kva kan vera positivt ved bruk av nettbrett?

— Eg valde å sjå på dei lærarane som driv med undervisning av høg kvalitet. Eg finn at dei brukar nettbrett på ein avgrensa måte, og i situasjonar der bruken gir god kvalitet. Å bruka nettbrett i skriveopplæringa kan til dømes utan tvil gi god kvalitet, og eg ser at det er mindre brukt i leseopplæring. Noko av verdien med bruk av digitale læreverk er at ein kan differensiera. I eit klasserom får ein alle typar elevar, og med dei digitale verktøya vert ingen sett i bås — det er lettare å tilpassa undervisning til den einskilde.

I eit klasserom får ein alle typar elevar, og med dei digitale verktøya vert ingen sett i bås — det er lettare å tilpassa undervisning til den einskilde.

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Eg synest det har vore ein veldig flott prosess. Eg har hatt svært gode rettleiarar og har fått tilgang til nye arbeidsmetodar. Eg har nytta mixed methods, og eg takksam for å ha vorte rettleia i det. Eg klarte òg å koma i mål, innanfor tidsperioden eg hadde. Eg har hatt eit 50-50-løp over fem år.

— Det betyr at du har fast stilling frå før. Men vert det 50-50, eller meir 80-80?

— Det vert nok kanskje det siste. Eg har hatt doktorgraden fremst, og det heng over ein. Det var godt å koma i mål og ikkje skulle verta vurdert på same måten meir. Det eg har kjent på, er om alt arbeidet med avhandlinga har gått ut over andre element i livet som det ikkje burde gå utover.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No skal eg søka om opprykk til førsteamanuensisstilling, og har mål om å få meir forskingstid. Eg synest òg det er kjekt å koma tilbake og undervisa studentane, både dei som skal verta grunnskulelærarar og dei som tek etter- og vidareutdanning. Det er dei som skal ut i klasseromma. 

Powered by Labrador CMS