universitetsstatus

Handelshøg­skolen kan bli universitet

Noregs handelshøgskole diskuterer «mulig søknad» om universitetsstatus — men kva skal barnet heite?

Før han til hausten går av som rektor, skal Øystein Thøgersen lose NHH på vegen mot eventuell universitetsstatus.

Noregs handelshøgskole (NHH) er i startgropa for løpet fram mot universitetsstatus, og då saka var på høgskolestyrets bord tysdag, var tittelen på sakspapira forsiktig formulert som «vurdering av mulig søknad».

Det er likevel liten grunn til å tru at prosessen som no er sett i gang ikkje skal munne ut i ein søknad om universitetsakkreditering:

— I vårt DNA liknar vi på dei etablerte universiteta. Med unntak av at vi er mykje spissare, sa rektor Øystein Thøgersen i sommar.

NHH kan dermed kome til å bli Bergens tredje universitet, i selskap med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet, som er venta å bli universitet i nær framtid.

«Ikke-sammenlignbare»

Eitt av argumenta som blir trekt fram for å satse på ei universitetsframtid, er at med stadig fleire universitet er tendensen ei «grov to-deling i henholdsvis universiteter og «høyskoler» definert som både høyskoler og vitenskapelige høyskoler».

Dersom utviklinga fortsetter «med stadig færre gjenværende vitenskapelige høyskoler, vil dette for NHHs vedkommende uansett innebære at en i tiltagende grad vil befinne seg i en gruppe med ikke-sammenlignbare institusjoner dersom en avstår fra å søke akkreditering som universitet», heiter det i saksutgreiinga til NHH-styret.

«Dette vil potensielt ha meget uheldige effekter (…)», står det vidare.

NHH tilfredsstiller krava til å kunne bli universitet med god margin, og kvalifiserer til forenkla søknadsprosedyre. Det er venta at forvaltningsorganet Nokut, som behandlar søknadene, i løpet av våren vil legge fram ein slik forenkla prosedyre. 

Handelsuniversitetet?

Bør Noregs handelshøgskole bli Noregs handelsuniversitet?

Namneendringa er truleg den hardaste nøtta som skal knekkast fram mot det eventuelle statusskiftet.

Studentar ved …? Kva som skal bli det nye namnet dersom NHH blir universitet, er framleis i det blå.

«NHH og Norges Handelshøyskole er sterke og viktige merkevarenavn, og en eventuell justering av vårt institusjonsnavn må tenkes nøye gjennom», heiter det i saksframlegget til NHH-styret.

Men så veldig hard treng ikkje denne nøtta å bli.

NHH tolkar det slik at sjølv om styresmaktene legg opp til at «universitet» må vere del av namnet, finst det mange eksempel på både-og-namn. Det bør derfor vere uproblematisk «å beholde bruken av både NHH og Norges Handelshøyskole, og at det eventuelt bør være mulig å kombinere med betegnelsen «universitet» på en gjennomtenkt måte», konkluderer saksutgreiinga.

Det blei ikkje gjort noko vedtak i saka i denne omgang. I tida fram mot neste styremøte 17. juni skal saka ut på høyring blant tilsette og studentar på NHH.

Powered by Labrador CMS