valkamp
Hagen: «Godt for universitetsdemokratiet»
Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, såg ut til å kunne spasere inn i ein ny periode utan å bli utfordra. No ønsker ho utfordraren velkommen.

På spørsmål frå Khrono om ein kommentar til at ho no får konkurranse om toppvervet ved Universitetet i Bergen (UiB), svarar Margareth Hagen på sms — og svært knapt:
«For oss som mener valgt rektor er det beste, er dette godt for universitetsdemokratiet», skriv den sitjande rektoren, og legg til: «Jeg ønsker alle en riktig god jul».
Ytterlegare kommentar vil ho komme tilbake til seinare, skriv ho.
Vil vere alternativ
Hagen og hennar rektorlag har fram til no vore åleine om å stille som kandidat til rektorvalet ved UiB. Torsdag kunne Khrono melde at ho kjem til å få ein utfordrar:
Lise Øvreås, som er professor i geomikrobiologi ved Universitetet i Bergen og direktør for UiBs senter for berekraftig hav, Ocean Sustainability Bergen. Ho har sidan 2022 vore preses i Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA).
Med seg vil Øvreås ha klimaforskaren Endre Tvinnereim, truleg som prorektor.
Ifølgje Tvinnereim stiller dei med «et svært sterkt og godt sammensatt lag og vil være et tydelig alternativ».
Torsdag ettermiddag vart det klart kven dette laget vil bestå av, i tillegg til Øvreås og Tvinnereim.
Fristen ikkje ute
Det meste tyder no på at valet vil stå mellom Hagen og Øvreås. Med det blir det også ein kamp mellom ein «humanist-rektor» og ein «naturvitar-rektor», begge rett nok supplert med lag som representerer ulike faglege leirar på universitet. Hagen har tidlegare vore dekan ved Det humanistiske fakultet i Bergen.
Men tida er ikkje ute for å melde seg på i kampen: Fristen for å melde inn eller kome med forslag til kandidatar i rektorvalet går ut 5. februar 2025.
Ifølgje leiar for Det sentrale valstyret ved UiB, professor Eirik Holmøyvik, vil det bli arrangerte eit «offisielt» valmøte med kandidatane 19. mars. Utover dette står kandidatane sjølve for valkampen, på den måten at dei står fritt til å presentere seg i dei ulike einingane og miljøa på universitetet.
Nyeste artikler
Solve Sæbø ny rektor ved NMBU
Samarbeid mellom UiB og amerikansk universitet skrinlagt: — Svært alvorlig
NHO Elektro tar feil om finansieringssystemet for fagskolene
I juni settes Nasjonalt vitenarkiv i gang, hvis alt går etter planen
Tredje disputas på 14 måneder: — Et løft for samisk akademia
Mest lest
«Ment som en spøk», sa søkeren. Universitetet svarte med utestengelse i ett år
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Ragnhild Hennum er ny rektor ved Universitetet i Oslo
Disse to jobber gjerne til de blir 72, hvis Stortinget rekker å bestemme seg
Tidligere studentleder tilstår underslag av 1,1 millioner kroner