Universitetet i Bergen
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Ein statsvitar, ein odontolog, ein historikar, ein hjerneforskar — og ein geomikrobiolog på topp.
Lise Øvreås som rektor og Endre Tvinnereim som prorektor for forsking ved Universitetet i Bergen frå hausten 2025.
Det er draumen for laget av utfordrarar som har kome på banen i kampen om rektorvervet.
Det har så langt ikkje vore mogleg å få ein kommentar direkte frå Øvreås. Frå rektorlaget er det signalisert at programmet skal utarbeidast på nyåret — og nokre moment dei ønsker å jobbe med.
Blant desse er å «bygge ned barrierer mellom fakulteter og institutter, mellom administrasjon og vitenskapelig ansatte, mellom ansatte på ulike karrierestadier og mellom ulike fag». Dessutan «mer samarbeid med studentene» og fleire arrangement for studentane.»
I tillegg meiner Team Øvreås det er nødvendig med «bedre økonomistyring».
Dette er rektorlaget
Med på laget er:
Marit Øilo (viserektor for utdanning): For tida visedekan for utdanning ved Det medisinske fakultet, og har tidlegare vore visedekan. Ho er tannlege, spesialist i oral protetikk og professor i odontologiske biomaterialer ved Institutt for klinisk odontologi. Ifølge Team Øvreås har ho eit stort internasjonalt nettverk med fleire opphald utanlands bak seg, mellom anna i USA.
Anne K. Bang (viserektor for internasjonalisering): Professor i Midtausten- og det islamske Afrikas historie ved Institutt for arkeologi, historie, religion og kulturvitskap (AHKR). Ho er også seniorforskar ved Christian Michelsens institutt (CMI). Bang har leia fleire store internasjonale forskingsprosjekt med partnarar frå Afrika, Midtausten, Europa og USA. Ho har også verv bak seg som medlem av Strategisk utvalg for globale samfunnsutfordringar ved UiB i 2018-22, og styremedlem i Forskerforbundet ved UiB.
Karsten Specht (viserektor for innovasjon og infrastruktur): For tida prodekan for forsking ved Det psykologiske fakultetet. Han er professor i kognitiv nevrovitskap og er leiar av det som blir kalla «Bergen fMRI gruppen». Han er opphavleg frå Tyskland og kom til UiB for over 20 år sidan. Han har leia fleire store tverrfaglege hjerneforskingsprosjekt, mellom anna finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse. Han har også vore med i selskapet NordicNeuroLab sidan oppstartsfasen.
Lise Øvreås, som leiar teamet og stiller som rektorkandidat i konkurranse med sitjande rektor Margareth Hagen, er professor i geomikrobiologi — som namnet indikerer, er det eit fagfelt i skjeringspunktet mellom mikrobiologi og geologi. I tillegg til å vere professor ved UiB er ho professor 2 ved Universitetssenteret på Svalbard. Ho har tidlegare vore prodekan, og nestleiar ved Institutt for Biologi. I to periodar har vore medlem i Nasjonal Etisk Komite for Naturvitenskap og teknologi. Ho er avtroppande preses i Det Norske Videnskaps-Akademi og visepresident i European Academy Science Advisory Council. Ho har også vore direktør ved Senter for Bærekraftig hav ved Universitetet i Bergen og hatt internasjonale forskingsopphald, får Khrono opplyst.
Endre Tvinnereim, som siktar mot å bli prorektor, er professor i statsvitskap ved UiB i tillegg til å ha «Forsker 1»-stilling ved NORCE. Han forskar og underviser om klimapolitikk. Han skiltar med særleg erfaring med tverrfagleg forskingssamarbeid. Han har vore med i etablering av Centre for Climate and Energy Transformation (CET) og utviklinga av den nasjonale forskingsinfrastrukturen «Koordinerte online paneler for forskning på demokrati og styresett (KODEM)». frå 2020 til 2022 var han skolebyråd i Bergen.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut