Debatt ● Gunnar Yttri
Frå nøkkelrolle til budsjettkutt i ekspressfart
Lærarar og sjukepleiarar er tildelt nøkkelroller i utviklinga av det norske velferdssamfunnet. Men i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2025 får universitet og høgskular som utdannar sjukepleiarar, grunnskulelærarar og barnehagelærarar eit økonomisk kutt på 235 millionar kroner.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I desse dagar handsamar universitet og høgskular i heile Noreg budsjett for 2025. Fleire må tilpassa seg strammare økonomiske rammer. Særleg krevjande prioriteringar står føre for universitet og høgskular med ansvar for grunnskulelærar-utdanning, barnehagelærarutdanning og utdanning i sjukepleie.
Einskildinstitusjonar får kutt på titals millionar. Ser me alle universitet og høgskular med sjukepleie-, barnehagelærar- og/eller grunnskulelærar-utdanning samla, finn me eit samla kutt på 235 millionar kroner.
Grunnlaget for dei økonomiske kutta ligg i føregåande år med svak studentrekruttering. Innføring av ny finansieringsmodell i høgare utdanning for statsbudsjettet for 2025 aukar den negative effekten av nedgang i studiepoengproduksjon og talet på uteksaminerte kandidatar. Dette råkar universitet og høgskular som tilbyr lærarutdanning og sjukepleiarutdanning.
Kutta er ikkje uventa. Med grunnlag i det lågare talet studentar som er tekne opp til og gjennomfører dei aktuelle utdanningane dei seinare åra, har universitet og høgskular kunna rekna seg fram til kva som var i vente.
Men korkje gode forklaringar eller framsynte prognosar tek vekk hovudproblemet i framlegget til statsbudsjett: Utdannings- og forskingsfelt det er erkjent at Noreg treng å styrka vert økonomisk svekka.
Behova for lærarar og sjukepleiarar er her og no. Det er presserande personellmangel innanfor helse og oppvekst i heile landet. Og lærarutdanning og sjukepleiarutdanning må styrkast og prioriterast i åra som kjem. Det har regjeringa dokumentert i meldingsfloraen som er dyrka fram dei seinare åra, frå Utsynsmelding via Helsepersonellkommisjonen til Profesjonsmelding,
I ordlyden til framlegget til statsbudsjett hentar regjeringa både ambisjonar og formuleringar frå Meld. St. 19 (2023—2024), Profesjonsnære utdanningar over heile landet. Det skal utdannast nok profesjonsutøvarar med rett kompetanse for framtida: «Lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagleg personell har nøkkelroller for velferd og verdiskaping i heile det norske samfunnet.»
Sterke utdanningar og forsking som handterer både dagsaktuell problemløysing og langsiktige problemstillingar, fordrar ein kunnskapsberedskap.
Gunnar Yttri
Gitt regjeringas ambisjonar og Noregs vedvarande sterke behov for lærarar og sjukepleiarar, kunne ein venta ei viss skjerming av fagmiljø med nasjonalt ansvar for å forska og utdanna i dette feltet. I budsjettframlegget slår regjeringa fast «at lærarutdanning skal vere ei prioritert utdanning ved universitet og høgskular.» Men framlegget til statsbudsjett for 2025 tek ikkje sikte på å dempa dei økonomiske effektane av svak studentrekruttering.
Opptaket av studentar til sjukepleiarutdanning i 2024 gir eit visst håp om at rekrutteringssvikten kan vera kortvarig. Bortfallet av særlege karakterkrav har her verka særleg positivt inn. Mellombels dispensasjon for dei særlege karakterkrava i grunnskulelærarutdanninga gav også ein positiv effekt ved studentopptaket i 2024. Men her har rekrutteringsvanskane uansett ein djupare og meir varig karakter. Ikkje minst viktig; for den femårige integrerte masterutdanninga får låge studenttal særleg langvarige økonomiske effektar.
Studentrekruttering til samfunnsberande utdanningar er eit nasjonalt problem med negative følgjer for folk og samfunn. Til dømes er rekrutteringssvikten til barnehagelærarutdanninga dei siste åra eit trugsmål mot barnehagetilbod i heile landet. Difor er det bra og viktig at Kunnskapsdepartementet i år saman med dei sentrale aktørane i feltet har lansert «Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket 2024—2030» under overskrifta «Flere lærere i barnehage og skole».
Lærarutdanning og sjukepleiarutdanning gjeld vitale samfunnsområde. Det tek tid å byggja opp og utvikla gode fagmiljø. Sterke utdanningar og forsking som handterer både dagsaktuell problemløysing og langsiktige problemstillingar, fordrar ein kunnskapsberedskap. Beredskapen må stå imot svingingar i studenttal og byggja på kunnskap om på kva samfunnsområde Noreg treng å styrka utdanning og forsking i åra som står føre.
Denne kritiske balansen mellom kortsiktige omsyn for 2025 og langsiktig kunnskapsberedskap skal no universitet og høgskular handtera innanfor strammare økonomiske rammer
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut