khrono helg
— Eit stort arbeid står igjen for å undersøke uretten som er gjort
Liv Inger Somby håper på eit løft for urfolksforsking i kjølvatnet av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen.
Det blir truleg eit «før» og eit «etter» i historia om oppgjeret med uretten mot urfolk og nasjonale minoritetar, når rapporten frå Sannings- og fornorskingskommisjonen blir lagt fram i Stortinget 1. juni.
Snart fire år er gått sidan kommisjonen starta arbeidet med undersøkinga av fornorskingspolitikken mot samar, kvenar
og norskfinnar.
Ein grundigare gjennomgang av konsekvensane av fornorskingspolitikken frå starten av 1800-talet og fram til i dag er aldri før blitt gjennomført.
— Den største overraskinga for meg i dette arbeidet har vore oppdaginga av kor taust det har vore i Noreg, kor lite det faktisk er gjort av forsking på konsekvensane av fornorskinga, som vi kunne ha tatt med inn i vårt arbeid, om det hadde funnest, seier kommisjonsmedlem Liv Inger Somby.
Somby er eitt av dei 12 medlemmene i den akademikartunge «Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samer, kvener og norskfinner».
— Det er blitt forska for lite på fornorskinga, seier Somby, som også er påtroppande rektor ved Sámi allaskuvla/Samisk høgskole i Guovdageaidnu.
— Mykje upløgd mark
Fråværet av forsking og mangel på spor av ein offentleg samtale om viktige delar av fornorskinga er påfallande, slik Somby opplever det.
— Vi snakkar om folk som heilt eller delvis har mist sitt eige språk. Kulturelle verdiar er gradvis blitt viska ut mellom generasjonane, i heilt konkret forstand, i form av tradisjonell kunnskap som er blitt borte.
Somby håper både det samiske samfunnet, på tvers av landegrensene, og majoritetssamfunna både i Noreg, Sverige og Finland, no ser moglegheitene for å setje i gang store nordiske prosjekt.
— Målet er å få til eit løft som kan synleggjere behov det samiske samfunnet både spør etter og krev, seier ho.
— Det er blitt gjort eit veldig viktig arbeid i kommisjonen, men vi kan ikkje granske alt. Vi har måtta gjere eit utval.
Når det gjeld den samiske delen av arbeidet, er håpet hennar at kunnskapsarbeidarar skal ta stafettpinnen vidare, og halde fram arbeidet der kommisjonen ikkje strekk til.
— Samisk akademia har eksistert i 40—50 år, det er ein kort periode i denne samanhengen. Det er eit stort arbeid som står igjen for å undersøke uretten som er gjort. Her er mange spørsmål som manglar skikkelege svar: Kvifor skjedde det? Korleis kunne fornorskinga gå så langt som ho gjorde? Kva har dette gjort med helse? Med retten til utdanning? Med språk — nordsamisk, pitesamisk, umesamisk, skoltesamisk, lulesamisk, sørsamisk? Her er mykje upløgd mark, seier Somby.
Historisk er det også gode grunnar for å sjå nærare på korleis norske forskarar gjennom tida har ramma inn urfolk og minoritetar, meiner ho.
— Forskinga blir farga av dei brillene ein har på. Det finst i dag mange gode norske forskarar som er flinke til å sjå det samiske perspektivet. Samstundes er det lite om kvenar, og fint lite om skogfinnar.
Kunnskapen generelt i den norske befolkninga er blitt betre dei seinare åra, trur Somby.
— Men samstundes er der store blindsoner og kunnskapshol.
Frå Tutu til Høybråten
Sannings- og forsoningskommisjonen vart til etter initiativ frå Sametinget, som ønskte ei gransking av fornorskingspolitikken, inspirert av liknande kommisjonar i andre land. Sanningskommisjonar har vore etablert i meir enn 40 land, som oftast som ledd i oppgjeret med overgrep under diktatur og krigar.
Mest kjend er truleg sannings- og forsoningskommisjonen i Sør-Afrika, som med Desmond Tutu i spissen arbeidde frå 1995—2002 for å avdekke grove menneskerettsbrot under apartheid.
I nyare tid har sanningskommisjonar også blitt oppretta som verktøy for å setje søkelys på urett mot minoritetar og urfolk. Blant dei var den kanadiske kommisjonen i 2008 munna ut i ein konklusjon om at urfolket var blitt utsett for «kulturelt folkemord».
Parallelt med den norske er sanningskommisjonar både i Finland og Sverige no i gang med sine granskingar av urett og overgrep mot samane der.
Somby legg ikkje skjul på at arbeidet har vore utfordrande. Særleg har det vore krevjande å lage ein rapport som yter rettferd alle vegar:
— Det har vore ein balansegang, og krevjande å tolke, formulere og sy saman ulike perspektiv i ein rapport, frå det samiske, kvenske og skogfinske. Samstundes skal majoritetsperspektivet inn. Slik sett har dei hatt ei enklare oppgåve i Sverige og Finland, der kommisjonane berre ser på assimilering av samane. Vi har hatt mange grundige og krevjande diskusjonar.
Den norske kommisjonen blir leia av den tidlegare KrF-politikaren Dagfinn Høybråten.
Kjent på kroppen
Sombys eigen veg og bidrag inn til kommisjonen kviler på kunnskapen og innsikta frå eit langt liv som journalist i samiske område i Noreg, Sverige, Russland og Finland (der ho er oppvaksen i Guohppenjavvi i Utsjoki kommune). Ho har mellom anna bakgrunn frå NRK og SVT og var med å starte etablere og utvikle Kola Saami Radio, russisk sameradio på Kolahalvøya i Murmansk oblast. Ho har i tillegg bakgrunn frå Gáldu, som var kompetansesenter for urfolksrettar.
I fleire år har ho arbeidd som høgskulelektor i urfolksjournalistikk ved Samisk høgskole.
Somby har dessutan sjølv kjent fornorskingsregimet på kroppen, som elev på internatskule frå ho var sju år gammal.
Som påtroppande rektor ved Samisk høgskole har ho ambisjonar om å knytte sterkare band til andre forskings- og utdanningsinstitusjonar. Samisk høgskole er den einaste heilsamiske akademiske institusjonen i Noreg.
— Ansvar på universiteta
— Det kviler eit ansvar på universiteta, no som det blir meir synleg kvar manglane er, kva kunnskapshol som må tettast. Det finst mange moglegheiter gjennom meir samarbeid mellom institusjonane, og også på tvers av landegrensene mellom Noreg, Sverige og Finland, seier Somby.
Ho er samstundes nøye med å understreke kor viktig det er å gå inn i dette med ein velutvikla fingerspissfølelse og respekt for det samiske perspektivet.
På den eine sida finst ein nedarva skepsis i den samiske ryggrada til aktørar som kjem utanfrå og representerer storsamfunnet. På den andre sida manglar «utanforståande» ofte grunnleggande forståing for kulturen, meiner ho.
— Når ein kjem utanfrå og skal forske på samiske spørsmål, er det avgjerande å inkludere frå første dag. Eg har sett prosjekt som gått veldig bra, og andre der ting har gått gale frå starten. Nøkkelen er vilje til dialog, seier Somby.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut