Det vesle språket og den store kjærleiken
«Lausunge» frå New York møter «lappjævel» frå Tysfjord.
Tre ord er gravert inn i gifteringane. Omnia vincit amor. Kjærleiken overvinn alt.
Om morgonen køyrer dei i ein sennepsbrun Suzuki langs Dragsbukta, opp Granittvegen, forbi det læstadianske forsamlingshuset, før dei parkerer utanfor eit bygg forma som ein diger lavvo. Plassert på ei høgde på ein odde, med utsyn mot fjorden, er Árran, Lulesamisk senter, godt synleg. Árran, som tyder eldstad, er samfunnshus, kulturhus, forskingshus, kunst- og handverkshus og museum for det lulesamiske språket og kulturen, alt under same tak. Like ved ligg verdas einaste lulesamisk-språklege barnehage.
Dei kom frå to ulike planetar, men har på ein måte sprunge ut av den same kjelda, blitt forma av dei same kreftene og kjempa dei same kampane.
Svenn-Egil Knutsen Duolljá, Svenne blant venner, voks opp i ein hardt prøvd lulesamisk familie, meir eller mindre tvangsflytta frå bygda dei kom ifrå. Bruce Timothy Morén-Duolljá klatra frå fattigdom på Staten Island, New York, til ei karriere som språkforskar på amerikanske toppuniversitet, og deretter nord i Noreg.
Det første møtet fann stad på eit kjøkken i Tromsø for nitten år sidan.
Bruce stod travelt opptatt med å gjere ferdig maten til feiringa av sin eigen 37-årsdag då han kom inn. På eit sekund var all mistru til ideen om kjærleik ved første blikk parkert. Bruce la frå seg kjøkkenkniven og handhelste på Svenne.
Sidan har det vore dei to.
Kor stor er sjansen?
Utryddinga
Dei spaserer inn, forbi resepsjonen, der suvenirar og Vuolli Vuojatjis, Donald Duck, er til sals. Dei går ned ei trapp, og så vender Bruce mot vest og Svenne mot aust, til kvar sine arbeidsplassar og kontor, før dei møtes på midten til lunsj.
Jobbane er ulike, men mål og meining er likt for Svenne og Bruce, og av eksistensiell karakter: ein redningsaksjon for eit språk som står i fare for å døy.
Norske ministrar og misjonærar klarte ikkje heilt å utslette den «lappiske folkestamme», som skuledirektøren i Finnmark på 1920-talet, Christen Brygfjeld, kalla urfolket. Trass i at denne stammen verken hadde «evne eller vilje til å bruke sitt språk», var «degenerert» og «håpløse» og storleverandør til våre «åndssvakeskoler». Men dei var ikkje langt unna.
I fjor starta FNs internasjonale tiår for urfolksspråk. Ti av desse urfolksspråka er samiske, tre framleis i bruk i Noreg, og alle tre står på Unescos liste over utryddingstrua språk.
Nordsamisk er størst og mest kjent, og blir tala av om lag 90 prosent av samar i Noreg. Sørsamisk og lulesamisk har ofte hamna i skuggen, med berre nokre hundre brukarar kvar. Nordsamisk er rekna som trua, medan sør- og lulesamisk er alvorleg trua språk.
Svenne jobbar i samefolkets fellesnordiske fagorgan for språkspørsmål, Sáme Giellagálldo (Språkkjelda), som har som oppgåve å verne og utvikle dei samiske skrift- og talespråka, og kulturarven knytt til dei. Han har også jobba med kultur, kulturminnevern og i språk i Sametinget.
Bruce er førsteamanuensis, lingvist og språkforskar ved Nord universitet. Nord universitet har nasjonalt, og eigentleg globalt, ansvar for høgare utdanning i sørsamisk og lulesamisk språk og kultur.
Kjerneområdet er her, langs Tysfjorden i Nordland, og i eit belte som strekker seg austover og inn i Sverige.
Drag er ei av bygdene der lulesamisk språk og kultur står sterkast. Derfor er Hamarøy, den nye storkommunen etter samanslåinga med Tysfjord i 2020, ein del av det som i dag blir kalla forvaltningsområdet for samisk språk i Noreg. Det betyr at samisk, og her lulesamisk, er likestilt med norsk. Elevane i grunnskulen har rett til opplæring på samisk og til å få anna undervisning på samisk.
Fråflyttinga
Svenne er fødd i Musken, ei lulesamisk bygd i ein fjordarm der Noreg er på sitt smalaste. Han var sju då familien i 1974 flytta til Ájládde (Helland), ei grend i nærleiken av Drag. Same året vart han skulegut.
Etter ei levekårsundersøking på 1960-talet, fann Noreg ut at det var best for samane å forlate heimane sine. Det var best å gi opp sine liv, med røter i sjølvbergingsfiske, -jordbruk og reindrift, og gli inn i storsamfunnet. Best å gi opp kulturen. Best å kutte ut språket.
Det var starten på den såkalla «boligaksjonen». Dei samiske bygdene vart definerte som fråflyttingsområde. Planleggarane prikka inn Drag, Kjøpsvik (tidlegare kommunesenter i Tysfjord) og distriktet rundt, dit skulle samane sentraliserast til og løftast til norsk standard. Offentlege investeringar i dei samiske fjordbygdene stansa. Huset som Svennes mor hadde planlagt å bygge i Musken sette kommunen ein stoppar for. I staden vart folk frå fjordarmane gitt rimelege lån for å bu på Drag.
— Ho mor blei eigentleg tvinga, eller lurt, seier Svenne.
Han snakkar med låg stemme, klart og tydeleg, men alltid med låg stemme. Morsmålet har han klart å halde på.
— Språket vårt blei mindre då vi flytta. Heldigvis hadde vi ein storfamilie tilbake i Musken. Der var språket levande. Áhkko, mormor, snakka stort sett berre lulesamisk med oss barnebarna. Fram til eg begynte på ungdomsskulen var eg der nesten kvar helg.
Tidleg på 1700-talet snakka lulesamiske barn i området sitt eige språk i skulen. Samemisjonen ønskte å nå fram til samane og såg det som føremålstenleg. Det førte til betre skuletilbod for dei samiske enn for dei norske barna. Men dette skulle ikkje vare. I 1774 vart det bestemt at misjonsarbeidet skulle skje på norsk.
Svennes møte med skulen to hundre år seinare var slett ikkje av det gode slaget.
Presset kom frå to kantar: frå fornorsking i modernisert etterkrigsutgåve, i bygginga av ein patriotisk velferdsstat der alle skulle vere like og ingen ulike. Frå andre samar som hadde kome lenger i å tilpasse seg, eller bøye seg, for storsamfunnet og «lært» å forakte den samiske kulturen dei sjølve hadde røtene sine i.
Det finst ei bru mellom framandgjeringa, lengten, sorga, — og alkoholismen, valden og øydelagde familiar som rammar urfolk i uproporsjonal grad.
Svenne veit kva det handlar om. Det finst tragediar i hans eigen familie som det er vanskeleg å snakke om.
Lappjævelen
Han tenkte først ikkje over det, at han var same, då han var liten gut.
— Men så blei eg kalla for «samejævel», «muskenjævel» «lappjævel», sånne ting. Mange av dei samiske barna var blant dei verste mobbarane, dei som hadde kome til sentrale strøk før oss.
Han seier det matter-of-factly, omtrent på same måten ein ramsar opp ei handleliste:
— Eg er blitt mobba … på barneskulen, på ungdomsskulen, i militæret. Du blir «joika» til, gjort til latter på byen fordi du er kledd i kufte.
Fordommar og rasisme mot samar er ikkje berre eit historisk fenomen, om nokon skulle kome i skade for å tru det.
I 2021 fann ein studie at tre av fire unge samar opplever diskriminering. Eit fellestrekk, heiter det i rapporten, «er at mange har erfart krenkelser på grunn av sin samiske identitet». I 2022 samla ein lokalpolitikar på Hamarøy 500 signaturar i ein underskriftskampanje. Målet var å endre kommunegrensene for slik å kunne skyve Drag og dei andre samiske bygdene ut av den nye kommunen som oppstod etter samanslåing av Hamarøy og delar av Tysfjord kommune i 2020.
Som lulesame føler eg meg ofte som ein minoritet i minoriteten
Svenn-Egil Knutsen Duolljá
Som lulesame hender det også at Svenne blir sett til side av den samiske majoriteten. Forskjellane mellom dei samiske språka er så store at dei for dei fleste er gjensidig uforståelege.
— Som lulesame føler eg meg ofte som ein minoritet i
minoriteten. I mange samanhengar blir samisk forveksla med nordsamisk. Eg trur
ikkje det er bevisst, men for eksempel «gløymer» ofte deltakarane på møter og seminar å ta
omsyn til dei som snakkar lule- eller sørsamisk, seier han.
Det kan vere sårt, men andre situasjonar kan Svenne le av. Som då han var aktuell til ei sentral statistrolle i ein musikkvideo som den kjende samiske artisten Mari Boine skulle spele inn i heimtraktene hans. Det viste seg at utsjånaden hans ikkje var samisk nok for produsenten.
Svenne er ikkje framand for ein porsjon minoritetsgalgenhumor. Han tel på fingrane:
— Skal vi sjå … Same, lulesame, homofil, læstadianar …
Overgrepa
Læstadianismen, ei pietistisk, religiøs rørsle, er forsiktig sagt ikkje kjent for ei liberal haldning til homofili. Eller fjernsyn, gardiner og moderne vaskemaskiner, for den del.
Det å vere frå Tysfjord og Drag er i tillegg blitt ein stein til byrda.
I 2016 vart omfattande overgrep, vald og omsorgssvikt i det som den gong heitte Tysfjord kommune kjent for heile Noreg. 11 av ofra, alle lulesamar, stod det året fram i VG, i det som fekk merkelappen «Tysfjord-saka». Det medverka til at politiet, som i mange år hadde ignorert fleire melde saker om overgrep, sette i gang etterforsking.
I 2017 lista ein politirapport opp 151 alvorlege seksuelle overgrep, som fann stad i Tysfjord i perioden 1953—2017. Om lag 30 prosent av sakene var ikkje knytt til det lulesamiske miljøet.
Svenne er ikkje blitt utsett for overgrep. Men bildet medieoppslaga har teikna av det lulesamiske og det læstadianske samfunnet gjer han sint.
— For det første var det feil å kalle det for «avsløringar». Det var modige menneske som var blitt utsette for overgrep som sjølve stod fram og fortalde om dette, lenge før det kom i VG. Det var lulesamisk ungdom som stod fram og sa at nok var nok.
På Árran vart det arrangert fleire folkemøte der overgrepskulturen var tema, og modige offer stod fram med sine historier. Dette var før metoo-kampanjen.
Ei av dei første offentlege åtvaringane kom allereie i 2007, frå ein far i Tysfjord. Han sende brev til statsministerens kontor. Svaret var at lokalsamfunnet måtte løyse dette sjølv.
Det er blitt danna ei «sanning», meiner Svenne, om at det lulesamiske samfunnet er eit lukka samfunn. Men det er eigentleg omvendt — det norske lokalsamfunnet har vore lukka mot det lulesamiske. Eller kva skal ein seie når kommunen ikkje bryr seg, når politiet legg bort sakene, når storsamfunnet ikkje løftar ei finger?
Legg til hundre år med utstøyting, undertrykking og rasisme.
— Korleis kan ein forvente at lulesamane skal kunne stole på styresmakter, politi og autoritetar? Det finst ingen tillit, seier han.
Terskelen
Svenne var seksten då han forstod at han var homofil. Han hadde begynt på folkehøgskule. Der fann han ei bok. «Hvordan vet du at du er homofil».
— Eg blei skremd! Eg la raskt boka på plass igjen. Deretter gjekk eg tilbake og las boka i smug.
Først då han var 34, våga han å kome heilt ut. Då flytta han til Tromsø og vart sambuar. Ti år tidlegare hadde han reist til Oslo i løyndom, der han første gong innleia eit forhold til ein mann.
— Eg laug til venner og familie. Det gjorde vondt. Eg var ofte redd for å bli avslørt.
Han er blitt grilla av moralpolitiet, blitt avvist i lokalsamfunnet, heilt først også av folk som står han svært nær. Fleire i den nære familien hans vart kontakta av kritiske slektningar. Han og legninga hans har vore tema i den læstadianske forsamlinga. Terskelen for å kome ut av skapet var nesten umenneskeleg høg.
— Eg trur dette vart ei belastning også for familien min. Men etter kvart oppdaga jo folk at eg var det same mennesket, seier Svenne.
Han kjenner ingen trong til å dømme læstadianarane, heller ikkje synet på «praktiserande homofile» som syndarar. Tvert imot er han opptatt av å nyansere, særleg bildet som vart skapt i kjølvatnet av Tysfjord-saka. I dag køyrer Svenne mor si til samlingar, sjølv om han for lengst har brote med læstadianismen. Han slutta å gå i forsamlinga på Drag fordi han ikkje ønsker at nokon skal oppfatte det som ein demonstrasjon.
— Det er ikkje ei lukka forsamling, slik det har verka som i media. Samlingane er ein arena også for ikkje-kristne, som kan møte venner og slekt, og kanskje ein kjærast. Då det storma som verst, etter at eg kom ut av skapet, fekk eg trøyst frå to leiarar i forsamlinga. Den eine ville forsikre seg om at eg hadde det bra. Han meinte Gud hadde skapt meg slik eg var. Den andre ville fortelje at eg framleis var velkommen på samling. Eigentleg er der ei takhøgd for å vere annleis blant læstadianarane.
Lulesamisk språk og kultur og læstadianismen er knytt i hop etter at grunnleggaren, den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800-1861), både skriftleg og munnleg tok det lulesamiske språket i bruk. For Svenne er dei læstadianske samlingane viktige også fordi det er ein arena der lulesamisk språk blir tala og høyrt i preiker, samtalar og song.
Mot mange odds er Svenne blitt det som blir kalla for ressurssterk.
Han har ein god jobb, der han får brukt faglege interesser og personleg engasjement. Han har hus. Bil. Båt. Mann. I nokre år dreiv han eit kunstgalleri i Tromsø. Han var ein habil fotballspelar. Han er blitt ei viktig stemme i det lulesamiske samfunnet.
Kor stor er sjansen?
— Eg brukar å seie at eg er ein av dei heldige, seier Svenne.
Kloden
Tromsø 9. oktober 2004. Litt ut på kvelden har Bruce, som året før har tatt jobb på universitetet i byen, invitert til bursdagsfeiring. Bruce trur ikkje på lagnaden.
Men akkurat denne kvelden spelar universet han eit puss.
Saman med ei venninne som fyller år på same tid, har han leigd Kaiskur 4, eit heller rustikt lokale på hamna i Tromsø. Skjerf og luer hopar seg opp i garderoben. Ishavsbyen er seg sjølv lik, der ute er vinteren allereie i rute. Venner og kollegaer er på veg inn, professorar og postdoktorar, nordmenn og nasjonalitetar frå ulike kantar av verda.
Bruce er ein habil kokk, og han står ganske opptatt med å sørge for tapas til eit førtitals inviterte gjester då han kjem inn, lulesamen.
— Og då berre … Æ vet ikkje korsn æ ska si det, seier Bruce.
19 år etter er den amerikanske aksenten slipt nesten heilt ned.
— Kloden tippa liksom i ein ny vinkel!
Svenne gjorde unødvendige manøvrar for å sørge for at han vart sitjande til bords med amerikanaren frå kjøkkenet.
Resten av kvelden var dei på sin eigen, nyoppdaga klode.
Samtalen gjekk på ei blanding av norsk og svensk, som Bruce kunne best den gongen, i tillegg til engelsk, som Svenne kunne dårlegast. Den felles venninna, som stod saman med dei på kjøkkenet må ha kjent på noko, ho også, for ho buste ut: «Dersom de giftar dykk, vil eg vere forlovar». Og det vart ho.
Bryllaupet stod knappe fem år seinare.
Bruce og Svenne var mellom dei første som gifta seg etter at ekteskapslova i 2009 opna for homofile ekteskap. Svenne vart den første samen som gifta seg med ein av same kjønn. Enkelte pressefolk ville gjere det til ein politisk protest mot læstadianarane. Visst vekte det oppsikt, forsiktig sagt, i lokalmiljøet på Drag. Men paret insisterte på at dei rett og slett berre ønskte å gifte seg.
Svenne ler, litt høgare og meir ironisk enn vanleg.
— Dermed kunne NRK sensasjonelt melde at paret «Giftet seg av ekte kjærlighet!».
Frå denne dagen heitte han ikkje lenger berre Knutsen til etternamn, eit namn bestefaren tok for å kunne kjøpe jord, slik norsk lov kravde den gongen. Svenne valde å heidre oldemor Siggá på morssida, og tok saman med Bruce hennar etternamn, med dagens skrivemåte: Duolljá. Omsett frå lulesamisk betyr det «dei som har mykje reinskinn».
Nyansane
Ein kan lett kome til å tru at Bruce Morén-Duolljá er ein mann av får ord. Han kan verke taus, sjenert, i alle fall til amerikanar å vere. Men det tar ikkje mange minutta før demninga brest.
Og då kjem orda, setningane, ei elv av kunnskap og entusiasme.
Frå kontoret har han utsikt til pine trees, eller bietse. To ord på to språk han tenker på før han tenker på norsk furu. Bak der ligg fjorden, som av og til kan distrahere med niser og spekkhoggarar på sildejakt.
På veggen over pulten har han hengt opp vitnemåla frå det amerikanske universitetet der han utdanna seg og tok doktorgraden.
— Samiske språk er blant dei mest komplekse i verda, seier Bruce, og meiner det som ein kompliment.
Kring tusenårsskiftet hadde han jobb på det anerkjende Cornell-universitet i New York. Samstundes var eit senter for framifrå forsking ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø i startfasen. Bruce hadde interesse for Norden. Oldefedrane på morssida var frå Grimstad og Tvedestrand. Farfaren var halvt svensk, halvt dansk.
Då Bruce dykka ned i den lulesamiske grammatikken, fann han eit språk han aldri hadde sett maken til. Det var ikkje noko som likna på engelsk. Eller norsk. Italiensk. Serbisk. Ungarsk. Thai. Kasjmiri. Eller andre språk han hadde jobba med.
Ifølgje ein av dei mest brukte teoretiske modellane skulle ikkje samiske språk ha eksistert.
— Nokre språk, som norsk og engelsk, er uregelmessige språk, med mange unntak, som sterke og svake verb. Samiske språk er som «urverk», dei er ekstremt regelbundne, seier han.
Dette er meir enn fascinasjon for Bruce, det er estetikk, ein slags poesi, som er med på forme klangen av eit uvanleg vakkert språk.
For Bruce går dei samiske språka opp, som i ein slags fullkomen matematikk.
— Fordi grammatikken i samiske språk er så samanfletta og kompleks, må språket vere regelbunde for å fungere. Samiske språk har dermed nokre veldig lange ord, der kvar nye bit som blir hekta på endrar tydinga. Slik kan mykje bli sagt med lite. Dei samiske språka er svært nyanserike.
Livsverket
Bokmanus ligg i stablar på kontoret. Dei er bokstaveleg talt poenglause i tellekantsystemet, livsviktige for eit språk. «Lule Saami Nouns, vol. 1». Bruce smiler skeivt.
— Kven vil publisere dette?
Han snur på kontorstolen, plukkar opp eit verk om lulesamiske hjelpeverb. Lulesamisk er, for å låne Svennes ord, eit språk som har vore i ein lang søvn, som vaknar og må kjempe for å overleve. No er næringsbehovet er enormt.
Livet er for kort til å jakte publikasjonspoeng for poenga si skuld. Bruce har ikkje tid. Lulesamisk har ikkje tid.
— Det som gir meining er å undervise og forske. Punktum. Publiseringspoeng har eg nesten valt bort.
Fordelen med å kome utanfrå, trur Bruce, er at han ikkje ser det lulesamiske språket gjennom ei majoritetsspråkleg linse. I staden identifiserer han seg med samar som ikkje har lært språket i oppveksten.
— Dei får pepar frå andre som kan språket. «Det er berre å prøve», blir dei ofte fortalt. Men det er ikkje lett, når besteforeldra dine har prenta inn at det ikkje er verd det, når lærarane har sagt at det ikkje er verd det. Når du blir korrigert, kvar gong du opnar munnen og prøver å seie noko på samisk, seier han.
Hans eigne forfedrar skamma seg over sin skandinaviske bakgrunn, over språka og kulturen dei kom ifrå. Farfaren vart mobba fordi han ikkje kunne engelsk då han begynte på skulen. Morsmåla hans, dansk og svensk, vart språk han skamma seg over og sidan gav opp.
Bruce identifiserer seg med den doble kjensla: å høyre til og samstundes ikkje.
— Der er parallellar i mi familiehistorie til det mange samiske familiar opplevde: fattigdom, namnebytter, skam, og det å snu ryggen til eigen kultur og språk for å passe betre inn i storsamfunnet.
På Drag kjenner Bruce seg heime etter å ha budd her fast i 10 år og hatt arbeidsstaden sin på Árran endå lenger. Men han opplever også å bli sett på som ein framand, og innimellom ein som utfordrar det beståande.
— Samiske språk må utvikle seg og vere moderne språk, sjølv om dei er sterkt knytte til tradisjonen og fortida, seier han.
Det som starta som nysgjerrig snusing på dei samiske språka, er for lengst blitt ein oppslukande ambisjon, eit livsverk.
No er målet å klare å fullføre det.
Lausungen
Han vart send til Bodø med ambulanse i all hast. Først fleire månader seinare fann legane ut kvifor.
Bruce hadde hatt blodpropp i lungene. På sjukehuset blei han på toppen av det heile smitta av ein hissig influensa. I ei veke låg han på isolat. Først i 2022 fekk han diagnosen, eit autoimmunt syndrom. Immunforsvaret går til åtak på eigen kropp. Då hadde i tillegg koronasjukdom ført til ME, utmattingssyndrom. Smertene er sterke, og bortimot konstante, trass medisinane han har fått.
Det er blitt vanskeleg å stå opp. Tungt å gå i trapper. Slutt på å gå til fjells.
— Nokre gonger er det som eg har fått kokande vatn tømt i blodårene mine. Eller som at eg er blitt banka opp. I jobben slit eg med hukommselsetap og kognitive vanskar, seier Bruce.
Han har hatt full stilling i desse ti åra — og lege flatt ut i helgane for å hente seg inn. Han har knapt vore sjukmeld, slikt sit langt inne, i USA var det aldri eit alternativ. Men no har han snakka med sjefen, med legen og med NAV.
— Kanskje klarer eg å omstille livet mitt, slik at eg kan halde fram i jobben min. Eg vil bidra til lokalsamfunnet og til familien min. Kanskje greier eg å forsone meg med sjukdomen, ha eit liv. Men om eg skal vere heilt ærleg, eg er lei av å måtte kjempe.
Bruce har vore ein av desse med uforskamma høg arbeidskapasitet, ei akademisk stjerne, ein suksess. No rører trauma frå barndommen på seg, etter kollapsen.
Mor hans var 17 då ho gifta seg. Tre år seinare kom Bruce til verda. Samstundes stakk faren av og kom aldri tilbake.
Mor streva med seg sjølv og med å klare å ta seg av Bruce og veslesøstera hans. Dei budde hos mormor, som jobba nattevakter. Det sørga for mat på bordet, men ikkje alltid.
Familien hans har røter langt tilbake på Staten Island, men bydelen hadde stor tilflytting, særleg av jødar og italienarar. Den skandinaviskætta familien i nabolaget blei «annleis». Dei var metodistar. Dei hadde lite pengar. Feil etnisitet.
Framfor alt var det ei skam at mor hans var åleine.
Om kveldane, etter at han hadde lagt seg, tenkte Bruce ofte på neste morgon. Om korleis han skulle komme seg forbi. Knyttnevane. Spyttklysene. Bruce måtte snike seg ut bakvegen, gjennom hagen til naboen for å unngå stoppen for skulebussen der dei andre venta.
Ein stad var han best. Bruce var skuleflink.
Men læraren sa at han aldri kom til å få bruk for det. Naboane sa at det ikkje kom til å bli noko av ein som han. Ungane sa det foreldra sa. Til og med hans eigen familie sa det. Han var ein «tapar».
Dei vonde minna som har sett seg i kroppen, Bruce kallar dei for arr.
— Når du blir mobba fysisk og psykisk gjennom fleire år. Når du blir fortalt igjen og igjen at du ikkje har verdi. Då kan du begynne å tru på det sjølv. Men eg bygde eit fint liv. Eg trudde på meg sjølv, eg visste kven eg var.
Mange som berre kjenner landet på overflata tenker ikkje på det, trur Bruce, at USA har mange fattige. Det ulmar eit sinne under setningane når han snakkar om det. Om korleis du blir halden nede, medan myten om den amerikanske draumen svevar over deg. I dag kan det dessutan vere lett å oversjå kor stigmatiserande det kunne vere for kvinner å vere skilt og åleine med barn.
— Det gjekk ut over kvinnene — og barna. Mennene gjekk fri, konstaterer Bruce.
I eit anna samfunn hadde han vore militærnektar, men Bruce verva seg og blei i seks år. I militæret møtte han mange andre som hadde liknande bakgrunn, som hadde denne eine vegen ut av fattigdom og til utdanning. På universitetet møtte han ingen.
Vitnemåla på kontorveggen, dei har Bruce spikra opp for å minne seg sjølv på kva han har klart.
Sigeren
Det finst ein bestemt grunn til at Svenne er ein lågmælt fyr.
Då han skulle møte svigermor si, fungerte det heller dårleg. Han smiler og ser bort på Bruce, imiterer den amerikanske, høglydte stilen. «Svenn, you have to speak louder! We’re in New York!». Det har tatt si tid for Svenne å kunne gjere humoristiske poeng ut av dette.
— Min største siger er at eg kan prate vanleg, seier han.
Svenne stamma. Kvar dag, kvar veke, månad og år var han redd, for å måtte lese høgt. Pulsårene i halsen banka så hardt at han var redd andre skulle høyre det. Sveitten rann så leseboka på pulten blei fuktig.
Dess hardare han prøvde å unngå stamme, dess meir stamma han. At dei rundt han herma, også dei vaksne, hjelpte ikkje akkurat på.
Ein dag stoppa han berre opp, midt i lesinga, og spaserte ut av klasserommet med ein einaste tanke i hovudet: aldri meir.
I dag, når han ikkje er blant folk eller i miljø som kan vekke frykta, er stamminga heilt borte. I andre samanhengar unngår han å ta ordet.
Etter eit år på folkehøgskule var planen å begynne på gymnaset. Men han torde ikkje. Han var for redd for igjen å måtte lese høgt. Derfor var han fem år eldre enn medelevane då han endeleg begynte på gymnaset. Det var først der han lærte å skrive på sitt eige morsmål.
I dag har han bachelor i lulesamisk, på ein CV som ser ut som eit orienteringsløp. Han har vore innom forskalingssnikring og målarfaget, jobba som dagpappa og i heimetenesta, som reinhaldar, i militæret og som redaksjonsassistent i NRK, før han begynte å jobbe med språket på fulltid i Sáme Giellagálldo. Sterk interesse og engasjement for språk har Svenne alltid hatt, den let seg ikkje knekke.
Kva var det, eigentleg, som gjorde at det ikkje knakk. Kva var det som trekte opp når så mykje trekte ned?
Kor stor er sjansen?
(Beste) mor
Svenne har ikkje eit klart svar, berre ei aning, om kor oppdrifta kom ifrå.
Han voks opp med ein sterk samisk identitet. I det nære snakka alle samisk, både heime og hos venner. Han hadde áhkko, mormor, som fekk han til å kjenne seg trygg, også i språket. Det kan ha vore avgjerande, når han skulle ta steget ut i det utrygge.
Då han var liten, brukte mor hans å ta han med på handleturar til Bodø og Narvik.
— Vi opplevde at andre frå det samiske miljøet gjekk omvegar for å unngå oss på byen, kanskje fordi dei ønskte å vere anonyme eller skamma seg over språket, eg veit ikkje. Mor snakka alltid samisk til meg. Ho skjulte aldri språket. Ho brydde seg ikkje om kva andre høyrde eller ikkje forstod. Eg var flau, men kjende også på respekt. Når ho prata samisk, så gjorde også eg det. Eg trur mor har gitt meg eit mot, og hjelpt meg til å tenke over kven eg er.
Han sirklar inn henne som han har vore i så mange feidar med, læstadianaren, ho mor. Motet fekk ho i retur, i form av kritisk motstand frå sonen.
— Eg har alltid konfrontert henne med religionen. Eg har alltid vore i opposisjon. Eg veit ikkje kvifor.
På den andre sida av havet hadde også Bruce dette eine mennesket, ei trygg hamn. I helgar og feriar var han hos farmor og farfar i New Jersey, om bord i «Melody». Der budde dei i ein 48 fots husbåt med tre lugarar og eit stort dekk der Bruce kunne leike, fiske og drøyme seg bort frå kvardagen.
Utan farmor hadde det ikkje vore nokon Bruce slik vi kjenner han i dag, meiner Bruce. Farmor var god, stabil, sterk, snill og full av omsorg.
— Farmor sa til meg, «Bruce, du er flink, du klarer det».
Sysakene
Om ettermiddagen, når arbeidsdagen er over, går Bruce frå kontoret i vestfløya og Svenne frå aust, forbi resepsjonen med suvenirar og Donald Duck på lulesamisk, set seg i den sennepsbrune suzukien utanfor bygget som er forma som ein diger lavvo. Køyrer forbi det læstadianske forsamlingshuset, ned Granittvegen og vidare langs Dragsbukta.
Dei parkerer utanfor det kvite huset der dei bur, omkransa av ein stor hage. Hagen er avgrensa av bjørkeskog som gror over ein leir der tyskarane heldt sovjetiske krigsfangar under andre verdskrigen. Ein båt står på plenen og ventar på sommaren.
Farmor sa til meg, «Bruce, du er flink, du klarer det»
Bruce Morén-Duolljá
Svenne kjøpte huset i 1996, først som fritidsbustad. Etter at han og Bruce flytta til Drag i 2012 har dei budd her fast. Romma er pussa opp med ein estetisk sans over gjennomsnittet. Ekteparet deler interessa for kunst og handverk. I vaksen alder tok Svenne utdanning i duodje, samisk kunsthandverk, i den lulesamiske fjellbyen Jokkmokk på svensk side.
Handarbeid har begge hatt med seg sidan barndomen.
På Staten Island sat Bruce og hekla, som han hadde lært av mor si. Samstundes var Svenne ivrig opptatt med sysakene i Tysfjord, broderte og sydde dokkeklede på mammas symaskin.
— Eg hugsar eg tvinga ho mamma til å kjøpe eit broderisett. Så sat vi der, då, ho mamma, venninnene hennar og meg.
Svenne hugsar damene som utveksla lune, lure blikk, som ikkje heilt var til å tyde. Han humrar når han tenker på det, guten i syklubben: ein av desse stereotypiane om den homofile mannen igjen.Men slik var det, to gutar, på kvar si side av Atlanterhavet, som skilde seg ut. Som langt inn i framtida skulle sitje i same sofa i huset sitt og fortelje desse historiene om kvarandre, fletta i hop som samisk grammatikk.
Gáhtto, katten, strekker på seg, vaknar frå ordlause draumar.
Stoffet
Utan denne eine, utan ei mor, utan ei farmor, korleis hadde forteljinga blitt? Kor mange kampar vunne?
Utan tru og motet til å insistere på å få vere den du er, til å konfrontere, utan trongen til å stille spørsmål. Utan denne trassen, kor enn han kjem ifrå. Utan stoffet som trengst for å ta kampen. For å stå imot. Stoffet som toler alt.
Love. Kjærleik. Gieresvuohta.
Bruce ser på Svenne, Svenne ser på Bruce. Ein «lausunge» frå New York. Ein «lappjævel» frå Tysfjord.
Kor stor er sjansen?
Utan kvarandre.
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut