Debatt ● 26 språklærarar og studentrepresentantar i høgare utdanning
12 argument for å halde på framandspråka i ungdomsskulen
Vi må tilby elevane fleire språk og fleire synsvinklar å sjå verda frå.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun la nyleg fram stortingsmeldinga «En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel».
Ønsket hennar er å utvikle 5. — 10. trinn og gjere skulen meir praktisk, variert og aktiv. Slik skal skulen bli meir relevant for elevane, og elevane skal bli meir motiverte.
Mange av forslaga er gode, men stortingsmeldinga, og ministeren, opnar for å diskutere «fremmedspråkenes omfang og innretting i grunnskolen» (punkt 4.4.2) og «se på fremmedspråkets rolle i skolen».
Vi set stor pris på det opne spørsmålet frå ministeren, og vi ønsker å svare: Vi bør ikkje redusere omfanget av framandspråksundervising i ungdomsskulen.
Å lære språk er ein rikdom i seg sjølv, og det opnar dører til andre kulturar. Ungdomsskuleelevane våre bør få høve til å møte både norsk og engelsk, men også eit tredjespråk i tilstrekkeleg omfang. Dagens om lag to timar i veka er ikkje meir enn det må vere.
Vi bør ikkje redusere omfanget av framandspråksundervising i ungdomsskulen.
26 lærarar i høgare utdanning
Her kjem 12 argument for å behalde undervising i eit tredjespråk i ungdomsskulen i dagens omfang.
1. Det å lære seg fleire språk har ein eigenverdi.
2. Å lære fleire språk gir tilgang til fleire kulturar. I ei tid med mange konfliktar trengst mellommenneskeleg og interkulturell forståing. Språk bidrar til det.
3. Engelsk har ein heilt annan posisjon i verda enn alle andre språk, og elevar lærer engelsk nesten uansett. Ei undersøking har vist at elevar er omgitt av engelsk i gjennomsnitt 27 timar i veka, i tillegg til i engelsktimane på skulen. Ein bør derfor passe på å tilby elevane andre språk og andre synsvinklar å sjå verda frå.
4. I læreplanen blir det lagt stor vekt på danningsaspektet, på at å lære eit framandspråk handlar om å forstå og å bli forstått. Det blir presisert at faget skal legge til rette for at elevane skal kunne samhandle med og oppleve glede i møte med andre folk, kulturar og levesett. Det er svært uheldig å fjerne eit fag med slike ambisjonar.
5. Viss ein får mindre undervisning i framandspråk på ungdomsskulen, kjem ikkje elevane lenger opp på høgaste nivå i framandspråk på vidaregåande. Elevane vil heller ikkje få god nok kompetanse til å studere framandspråk på universitet eller høgskule. Då vil vi miste den høgaste kompetansen i framandspråk, og vi vil miste framtidige lærarar i desse språka.
6. Framandspråksundervisinga er praktisk. Då skulen fekk ny læreplan i 2006 blei læreplanen for framandspråka mykje meir praktisk. Det er nesten ingen fag der ein kan vere så praktisk som i tysk, fransk og spansk (og eventuelt andre tredjespråk). Vi nemner song, matlaging, film, besøk til andre land, besøk av elevar frå andre land osv. Undervising i framandspråk kan altså vere ein del av ambisjonen om å gjere skulen meir praktisk.
Elevane vil heller ikkje få god nok kompetanse til å studere framandspråk på universitet eller høgskule. Då vil vi miste den høgaste kompetansen i framandspråk, og vi vil miste framtidige lærarar i desse språka.
26 lærarar i høgare utdanning
7. Mange elevar har potensial til å lære meir enn dei får tilbod om. Dei har kapasitet til å lære seg fleire språk, og bør derfor få tilbod om det.
8. Basert på forsking om språktileigning veit vi at det er ein fordel å begynne å lære nye språk tidleg. Dette skuldast at det er visse aspekt ved språk ein lærer best dersom ein begynner tidleg, mens andre aspekt kan ein lære godt også seinare. Når ein i stortingsmeldinga vurderer å innføre valfag på 5. — 7. trinn, kunne ein heller vurdere å tilby framandspråk som eitt av desse valfaga.
9. Å lære mange språk gir auka kompetanse om språk som fenomen, altså metaspråkleg kompetanse. Å lære andre språk i eit visst omfang gir auka kompetanse om korleis språk kan vere. Denne kompetansen har ein stor verdi når ein skal utvikle førstespråket sitt, men også når ein seinare i livet skal lære eit nytt språk. Det er også i framandspråksundervisinga at elevar får lære om grammatikk, fordi dagens norskundervising ikkje legg særleg vekt på grammatikk.
10. Når ein har lært framandspråk i ungdomsskulen, er det lettare å reise på utveksling, uavhengig av om ein er yrkesfagelev, elev på studiespesialisering eller student i høgare utdanning. Det er også lettare å søke arbeid i utlandet, og ein treng ikkje å avgrense seg til å reise på utveksling til engelskspråklege land. Sjølv om ein ikkje blir flytande i eit språk etter å ha hatt det på ungdomsskulen, har ein fått ein kunnskap som lett kan aktiverast seinare gjennom kontakt med språket.
11. Noreg har omfattande kontakt med ikkje-engelskspråklege land, både innanfor handel, business, forsvar, idrett, kunst og kultur. Det blir gjort enklare dersom ein kan andre språk enn engelsk. På besøk i ein del ikkje-engelskspråklege land kan ein gjere seg forstått, ein kan vise velvilje og bli møtt med større velvilje enn viss ein ikkje kan språket.
12. I EU er målet at alle borgarar skal kunne minst to språk i tillegg til førstespråket. Språkleg mangfald blir altså sett som både ønskeleg og oppnåeleg.
Innlegget er underteikna av:
Magnhild Selås,
professor i nordisk språkvitskap, Universitetet i Agder
Nils Rune Birkeland, dosent i nordisk språkvitskap, Universitetet i Agder
Elin Gunleifsen, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap, Universitetet i Agder
Eli-Marie Drange, førsteamanuensis i spansk, Universitetet i Agder
Lenka Garshol, førsteamanuensis i engelsk, Universitetet i Agder
Espen Johan Klævik-Pettersen, førsteamanuensis i fransk, Universitetet i Agder
Kjersti Maria Rongen Breivega, professor i norsk, Høgskulen på Vestlandet
Elin Nesje Vestli, professor i tyskspråklig litteratur og kulturkunnskap, Høgskolen i Østfold
Kristin Hagemann, førsteamanuensis i spansk språk, Høgskolen i Østfold
Camilla Bjørke, førstelektor i framandspråksdidaktikk og tysk språk, Høgskolen i Østfold
Karla Vrbova, stipendiat, Høgskolen i Østfold
Stine Brynildsen, førstelektor/stipendiat, Høgskolen i Østfold
Jan Süselbeck, professor i tyskspråklige kulturstudier, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Sophie Vauclin, førstelektor i fransk, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Marius Warholm Haugen, professor i fransk litteraturvitenskap, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Michael Scham, førsteamanuensis i spansk, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet NTNU
Gro Nygård, førsteamanuensis i spansk språk, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Inghild Flaate Høyem, professor i tysk språkvitskap, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Emil Giæver, universitetslektor i tysk, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Trude Kolderup, førsteamanuensis i fransk, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Nelly Foucher Stenkløv, førsteamanuensis i fransk lingvistikk, NTNU — Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Åsta Haukås, professor i tyskdidaktikk, Universitetet i Bergen
Kjetil Berg Henjum, professor i tysk språkvitskap, Universitetet i Bergen
Christian Jans, professor i tyskspråklig litteratur, Universitetet i Oslo
Beate Lindemann, professor i tysk, UiT Norges arktiske Universitet
Jeanette Reisig, representant for NSO i Nasjonalt fagorgan for tysk
Nyeste artikler
Deler ut 46,5 milliarder — krever flere sykepleiere
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut